DET KOSTAR Å VERA SNILL HEILE TIDA

Kjære folk

Det er ikke veldig lang tid att no før julenissen kjem og spør «Er det nokre snille born her?», – og så får dei snille borna gåver. Kva får dei slemme til jul tru? Og kva er eigentleg det å vera snill?
Temaet mitt for denne førjulslaurdagen er nettopp «snill» medan biletpynten på dette blogginnlegget er sanka saman frå den tida som har gått sidan den førre bloggen.

Thomas tok dette biletet av meg for eitt par veker sidan i ein korridor i Oslo.

I Kardemommelova heiter det:

«Man skal ikke plage andre, 
man skal være grei og snill 
og for øvrig kan man gjøre som man vil

Banalt?
Naivt?
Idiotisk?
Det er faktisk vitskapleg bevist at det å vera hyggeleg mot andre gjer oss godt. Eg les på nrk.no at britiske forskarar har gjennomført ein massiv studie der resultatet viser at rause menneske har det betre med seg sjølv enn andre. Kva er det då som hindrar oss i å vera snille heile tida?

19. november vitja Grand Kyiv Ballet Ål Kulturhus med magiske Nøtteknekkeren

Den norsk psykologen Hallgeir Sjåstad svarar at å vera snill og god heile tida har ein viss kostnad. Han trur at snillheit i kvardagen krev aktiv prioritering av tid, pengar og energi. Han meiner også at me undervurderer kor viktig det er for andre dersom me gjer ein innsats.

Men kor vanskeleg kan det vera 
-å takke
-å strekkje ut ei hand
-å seie hei til dei me møter
-å gje ifrå seg eit smil

Dette er vakre Vats Bedehus. Her var eg så heldig at eg fekk koma for å fortelje om boka mi for ei forsamling som var alt anna enn tørr og kjedelig. 

Kva er eigentleg det å vera snill?
I den etymologiske ordboka (Bjorvand og Lindemann 2002) står det at ordet kjem frå det norrøne snjallr, som tyder «lydig, skikkelig og god, men også dyktig og rask». 
For meg er ein snill person ein som hjelper andre utan tanke på å få att noko for det. Ein snill gjerning blir utført berre for å gjera andre godt.

Då er det vel også slik at for å vera snill, så må ein også vera utstyrt med eit sett antenner som tek inn korleis andre har det og kva dei eigentleg ynskjer seg av deg. Ein snill person handlar også både med respekt og omtanke. Då er det klart at det kostar dersom ein skal vera snill heile tida. Det må jo ikkje bli slik at ein er så snill at ein viskar ut seg sjølv og sine eigne mål og framtidsplanar.

Då me var på førjulsvitjing i Hamburg i år (tysk julemarknad må til hos oss), var me svært heldige med vêret. Unormalt vakkert, fekk me høyre.

Det dukkar stadig opp nye spørsmål medan eg skriv: Må me vera føyelege for å vera snille?
Kan me vera snille samstundes som me har fokus på eigen suksess?
No byrjar det å bli litt vanskeleg, ikkje sant?

Me veit at ved å vera snill, så kan me gjera livet til dei me har rundt oss litt betre og enklare. Me veit også at me aldri veit kva slags kampar folk me møter kjempar i sine kvardagar. Dette er også ein av grunnane til at me bør vera snille, – og når me i tillegg veit at det å vera hyggelig bidreg til eige velvære …


Når me hastar fram kvar for oss i eige liv og tenkjer på våre eigne kampar, er det lett å gløyme at på innsida kjempar alle dei me møter sin eigen kamp. Difor må me prøve så godt me kan å vera snille mot kvarandre.

Kanskje det også er slik at den som fortener det minst er den som treng det mest at me er gode og snille? Det kostar, for då må me tåle at me kan få ein hard og utakknemleg reaksjon attende. 

Eg har sagt det ofte: Eg stemmer berre på dei politikarane som er snille og på dei partia som har ein «snill» politikk.
Då eg las meg opp på temaet «snill», fann eg ein artikkel på «dagens perspektiv» der det heiter at at «jo snillere, medgjørlig og velvillig man er, (…), desto mindre suksess i politikken. Sagt på en annan måte, desto mindre snill og selvoppofrende, desto større politisk suksess.»

Forskarar peikar på liknande funn både i USA og Europa. Dersom det er slik fatt, då vil det verkeleg koste for ein politikar å vera snill. Det er vel ikkje adjektivet «snill» som er det fyrste som dukkar opp når me skal beskrive den komande presidenten i USA. Er det slik i Noreg også tru, at det er vanskeleg for dei snille å lykkast øvst på toppen?

I Elbphilharmonie Hamburg fekk me med oss ein Bruckner-symfoni, to korsatsar og litt orgelimprovisasjon. Denne konsertsalen altså!!

Men kva slags politikarar ynskjer me oss?
Vel me dei som set fellesskapet fyrst eller dei som jobbar for at eg, mitt og mine skal få det best mogeleg?

Då avsluttar eg med dette sitatet frå professor Stefan Einhorn:
«Ekte snillhet er å stå opp for det som er riktig og ta til motmæle når noe er galt eller ondt.»

Då treng me både mot og vilje, – og det kan koste.

Heile den botaniske hagen i Hamburg er lyssett no i desember. 

Når julenissen spør deg om du har vore snill i år, – kva svarar du då? Kanskje nissefar heller bør spørje oss vaksne om me har vore gode eksempel for representantane i dei generasjonane som kjem etter oss?

Eg ynskjer alle ei god førjulstid medan me førebur oss på spørsmålet frå nissen.

Beste helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar