TO JULETANKETING (juleglede og jesusbarn-tabu) OG FEM JULEDIKT

Kjære folk

For meg er det sant dette at tida går fortare dess eldre ein blir. Plutseleg har det gått eit heilt år og plutseleg er jula her att med alt sitt. For meg har det blitt slik at juletida ikkje er blant slike ting som det er mogeleg å ta litt lett på. Det er altfor mange kjensler involvert og når kjenslene er med, då blir det viktig. Samstundes er eg svært ambivalent til heile greia.
(Eg har «pynta opp» dette blogginnlegget med bilete frå mi eiga førjulstid)

Frå Ål kyrkje. Tatt før konserten med Ål koret.

Juketanketing 1: Forventning om juleglede
Eg veit at for mange kjem jula med såre minne, lengt, saknad og kanskje også anger og sorg. Eg har sagt det lenge at jula er best for folk som har god råd, kjernefamilien sin intakt og alt på stell. Kor mange av oss er det for eksempel som kan feire jul utan kjensla av at det manglar ein eller fleire rundt det bordet som er dekka så vakkert?

I dag legg eg ut nokre av dikta mine, gamle og nye, om denne jula som absolutt skal vera så god og glad. 

Denne julekula har eg fått av ei av bonusdøtrene mine

Juletid 2
Sjølvsagt er det fint
med desse ljosa

Sjølvsagt er me glade 
for stjerna og songen
no ei lita stund
medan me ventar
på det me trur skal koma

Om att
og om att
sit me i tussmørkret
og håpar
sjølv om me veit
at som frostrosene
vil alt gå over
Medan me ventar
vert me brått
vaksn
e
 (Frå boka Aller helst vil eg danse)

To juletre tett i tett i Wergelandsveien

Juletid 3
Det var då
etter at me hadde piska egg og sukker kvitt
hakka mandlar
traska på holkevegar
med hender såre av tunge handleposar
reist oss og sunge
at det lyser i stille grender

Det var då
midt i alt ljoset
etter dansen rundt grana
etter at alt det glitrande gåvepapiret
var rydda vekk
og me likevel sat der
med kvar vår lengt

Det var då
at me nok ein gong forstod
at me heilt til det siste
må vera gode mot kvarandr
e
(Frå boka Aller helst vil eg danse)

Julekarusellen i Spikersuppa der små og store ungar kan ha ei fin førjulsoppleving.

Det var to «gamle» dikt. Her kjem eit nytt:

Jul heime
Så legg eg den siste biten
på plass i puslespelet, den
som er minnet
om det som var

Ljoset frå barndomen
siv inn gjennom dørsprekken
tonar ut frå radioen
lyser frå juletreet
adventstaken
frå mor si røyst
far sine hender
ein gammal song
som alltid har vore der

Eg er heime, men
lengtar heim

«Her kan du ta eit julebilete» stod det på ein plakat i foajeen på Det Norske Teater. Så då gjorde me det.

Ho kjem meg i møte
No kjem jula meg i møte
I bagasjen har ho minne om
bord dekka til fire
kakeboksar med nissemotiv
reven som raskar over isen
                                            og
moltekrem

Ho kjem meg i møte med
ekko frå gnistrande frostdagar
polvotthender som fekk leie
ljos i alle rom
                  og
dorullnissar

Her kjem ho
medan kyrkjeklokkene
skavar av
det hudlaget eg har brukt
eit heilt år på
å snekre
sparkle og pusse

Så kjem dei gutane
som har sylv i røysta
og skavar av
endå eit lag

Dette er tatt like før julekonserten tok til på Nasjonalteatret

Juletanketing 2: Jesusbarn-tabu
Når eg høyrer nokon seie at me må tilpasse julesongane til den tida me lever i, trur eg dei vil at me skal slutte å synge så mykje om slikt som det står om i juleevangeliet. Er det slik at alt som handlar om Jesusbarnet har fått tabumerket på seg? Kvifor bør me slutte å synge om og fortelje om den vesle ungen i krybba i stallen i Betlehem?

Er det dei fattige gjetarane som ikkje er så godt likt? Eller er det dei rike vismennene som vandra ut på leiting etter noko som var stort nok og viktig nok til å bryte opp frå alt det dei gjorde og alt det dei var, som ikkje høver i ein song? Eller er det han dei fann, – ein nyfødd, fattig unge som låg inntulla i matfatet til eit esel?

Eller er det vanskeleg at dei vart ståande der og stire, desse gjetarane og rikmennene, dei fattige og dei rike side ved side? Dei hadde gåver med seg, og dei kjende at det gjorde godt å gje. Er det det som er vanskeleg å synge om?

Denne julekrybba er ein del av julekalenderen min

Skal me la vera å snakke høgt om at Josef måtte ta med seg Maria og det vesle barnet og flykte vekk frå den maktsjuke og blodtørstige Herodes? Likar me ikkje at juleevangeliet minner oss på at det ikkje er noko nytt at menneske er på flukt? Er det flyktningar me ikkje likar å syngje om?

Kan hende det er Josef som blir for mykje, – denne fattige handverkaren som godtok at han skulle ta seg av ei ung mor og barnet hennar. Har snikkaren fått for stor plass?

Nei, det er visst Jesusbarnet som gjer det vanskeleg. Han som i ein periode var flyktning, levde som fattig og døyde som forbrytar. Me er ikkje vane med å synge om slikt når det er fest. Og når me i tillegg puttar på ubegripeleg englesong og endå til legg til at Maria ikkje kunne skjøne korleis ho hadde blitt med barn, då kan det bli litt mykje i ein gong. Det er vel kanskje forståeleg.

For meg kan folk tru på kvart einaste ord eller ikkje tru i det heile. Det må vera opp til kvar og ein. Men eg kan ingen vakrare forteljing, og så vakre forteljingar fortener songar, spør du meg. Mange songar og vakre melodiar. 


Julesnø
Det snør no
dagen før bursdagsfesten hans
og me
jublar

No dansar dei stille ned
desse uskuldige
kvite
reine
for å verne om han vesle
me skal feire

Djupt inne i julekjensla
har eg ein gammal stall
der han kan sova
trygt


Det snør i dag
der inne òg
ned på noko slags vakkert
på ei forteljing
ein vinter
ei lengt
på tårer som ikkje vil renn
e


Eg avsluttar desse juletankane mine med ei oppmoding eg har henta frå songen «Jula hjemme» som Maria Mena syng så vakkert:

«Tenk på hva du sier
for desember gjør meg stille
La meg i det minste få
ha tårene i fred

Med ynskje om ei god jul til deg som les, – ei jul med fred, pust av glede, takksemd og litt tid til ettertanke.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar