VINTEROPPLEVINGAR

Kjære folk

Eg er spesielt glad i vinteren når Meteorologisk Institutt melder slike vakre høgtrykk med klårvêr, svake vindar og gnistrande kuldegrader. Dei siste åra har vintrane også kome med det dei kallar polare lågtrykk, sterk vind og store nedbørsmengder. (No hadde det passa med ei oppmoding om å bidra til å redde klimaet, men det må få høyre heime i eit anna blogginnlegg.)

Om du likar vinteren eller ikkje, så er det i alle fall ei oppleving i seg sjølv å fylgje med på dette skiftande vêret. 
Det vart ein del snømåking i byrjinga av 2025. Denne karen min, som du ser på biletet under her, han likar seg betre ute når sola skin ein sommardag enn når dagane skiftar mellom å vera iskalde, isglatte eller med 70 cm nysnø.

Fortsett å lese «VINTEROPPLEVINGAR»

TANKAR NÅR ME GÅR INN I EIT NYTT ÅR

Me har skåla for det nye (det går heilt fint å skåle i alkoholfritt), takka for det gamle (sjølv om slett ikkje alt var noko å takke for), delt gode ynske (lett oppgåve), dansa i høge hælar (det er ljug) og stått tett saman ute i kulda for å sjå ljoset frå fyrverkeriet (sjølv om eg eigentleg er imot dette tullet). No har dansemusikken stilna og glitter og tyll har funne att plassen sin lengst bak i skåpet. Nyårsfesten er over.

Eg har krølla meg saman i eigen sofakrok. Det er tid for å nyte dei siste restane av juleraud familieglede. Om eitt par dagar er nok alle julesakene rydda attende i pappeskene sine og jula er ute og borte for i år. No i dag er det også tid for litt ettertanke i ro og fred og for å leite fram litt framtidshåp.

Dette fine armbandet med teksten HÅP og gullsløyfer fekk eg i julegåve. Me er mange som ved å bera dette enkle smykket,  viser at me står saman i kampen mot barnekreft. 

Fortsett å lese «TANKAR NÅR ME GÅR INN I EIT NYTT ÅR»