Kjære folk
Eg er spesielt glad i vinteren når Meteorologisk Institutt melder slike vakre høgtrykk med klårvêr, svake vindar og gnistrande kuldegrader. Dei siste åra har vintrane også kome med det dei kallar polare lågtrykk, sterk vind og store nedbørsmengder. (No hadde det passa med ei oppmoding om å bidra til å redde klimaet, men det må få høyre heime i eit anna blogginnlegg.)
Om du likar vinteren eller ikkje, så er det i alle fall ei oppleving i seg sjølv å fylgje med på dette skiftande vêret.
Det vart ein del snømåking i byrjinga av 2025. Denne karen min, som du ser på biletet under her, han likar seg betre ute når sola skin ein sommardag enn når dagane skiftar mellom å vera iskalde, isglatte eller med 70 cm nysnø.

Eg for min del vel å sjå på vinteren som ei tid der eg kan la naturkreftene herje med alt frå kalde og vindfulle dagar til milde dagar med så glatte vegar at det høver seg best for ei litt gammal dame at ho har piggskoa på. Det luraste er nok å omfamne det som kjem. Eg trur også at kontrastar er bra for oss, – og me kan jo ikkje velje bort vintervêret så lenge me bur i dette fine vinterlandet vårt.
Uansett om me likar vinteren eller ikkje, så kan me i alle fall glede oss over kor godt det er å koma inn i varmen att etter ein litt rufsete tur ute, – og eg kan ikkje skrive det ofte nok; me må aldri gløyme kor heldige me er som har ein varm og trygg heim i eit trygt og fredfullt land.

Omtrent på denne tida råkar solstrålane husveggane på Sundre
Vinteropplevingar kan handle om så mykje meir enn vêret.
– Kva slags kulturopplevingar vel me å delta på?
– Kva les me?
– Kva lyttar me til?
– Kva vel me å sjå på TV?
– Kven set me oss ned saman med?
Eg er heilt overtydd om at me bør satse på å få med oss minst ei oppleving dagleg. Det treng korkje vera dyrt, flott eller vanskeleg tilgjengeleg. Det handlar om noko så enkelt som å bestemme seg for å verkeleg lytte til ein melodi eller å ha kjenslene med seg når ein les eit lite dikt.
Her kjem ei lita liste over mine vinteropplevingar, små og store, så langt denne månaden. Kanskje kan det vera til inspirasjon.

Marianne Jørgensen og Erlend Mikael Saverud
11. januar var det 17 kaldegrader ute og me hadde det varmt og triveleg inne i eiga stove. Me bestemte oss likevel for å gå på utstillingsopning. Det angra me ikkje på.
Erlend Mikael Saverud fangar ljos og skugge på ein unik og karakteristisk måte i bileta sine. (Du finn meir om kunstnaren og bileta hans på erlendmikaelsaverud.no dersom du er interessert.)
Han hadde også med seg kona si, vokalist og låtskrivar, Marianne Jørgensen. I tillegg til ein vakker og innhaldsrike kunstfoto-utstilling og vakker song og musikk, kom me i prat med fine folk som me ikkje hadde snakka med før.
Eg har høyrt folk seie om kunstutstillingar at «nei, me går ikkje på slikt». Så synd at folk vel bort ein gratis og triveleg måte å skaffe seg ei annleis oppleving på.
Er det slik at det blir lettare og lettare å bli verande i eigen sofa etter som åra går og me blir eldre?

Eit av mine val: Lars Monsen
Så var det denne flate, firkanta merksemdstjuven som dei aller fleste av oss har plassert midt i stova som eit altar. Valmogelegheitene er uendelege og me må velje mellom alle dei opplevingane me får tilbod om her. I tillegg til nyhende og politiske debattar vil eg gjerne få med meg slikt som gjer meg godt. Sjølvsagt skapar «Hver gang vi møtes» både smil og tårer hos meg, men denne vinteren vil eg framsnakke ein som filmar seg sjølv medan han gjer det han er aller mest glad i. Eg siterer Hans Petter Sjøli i VG:
«For der sitter han, Lars Monsen, ved bålet sitt, og tar seg en dram, mens han advarer oss om å tukle for mye med denne snurrende planeten i det uendelige rommet, for vi er bare så vidt innom, som et kort, lite lysglimt mellom to svarte evigheter.
Lars Monsen er som den beste kameraten du aldri har møtt, og han er noe så sjeldent som en nasjonalskatt.»

Eg innrømmer gjerne at eg ofte må ta meg saman for å velje å setje meg ned med ei bok. Det kan vera vanskeleg å finne nok ro inne i seg sjølv til å krype inn i ein roman og la seg fengsle av det livet som er der inne. (Dette er ein av grunnane til at eg er så glad i dikt: bla opp på ei side, bruke to minutt og kanskje vera så heldig at ein får ei oppleving som ein kan bera med seg resten av livet.) Men denne januarmånaden har eg funne både tid og ro til å lesa heile bøker. Her er to av romanane eg har gjort til mine så langt:

Eg har lese dei aller fleste bøkene til Ketil Bjørnstad og eg gledde meg til å byrje på «Norefjell». To eldre menneske som tidlegare hadde levd saman, møttes og freista å finne attende til kvarandre. Eg kjende att det gode språket, skrivemåten og stilen, men denne gongen gjorde boka meg trist. Kanskje det kom av at eg er i same alderen som hovudpersonen og at eg gjerne vil det skal vera ein fest å vera 70+? For ein fest var dette slett ikkje.
Den boka som då stod for tur var «Makten og æren» av Henrik H Langeland. Eg forelska meg å måten hans å fortelje på allereie då eg las romanen «Wonderboy». Heller ikkje i dette intense familiedramaet frå byrjinga av 1900-talet skuffa Langeland.
Eg trur eg har nemnt det tidligare; eg er ikkje den lettaste å få til å le. Ja visst er eg blid, men når det gjeld humor, så er eg både kresen og litt prippen. Men det er deilig å le. Veldig deilig!

I går vitja Are Kalvø Kulturhuset på Ål med «Berre bønder lengtar heim». Han tok føre seg konflikten mellom by og bygd. Dette forsøket på brubygging vart aldri kjedeleg. Men lo eg? Ja visst gjorde eg det, – høgt, – minst 15 gonger og det er mykje til meg å vera. Eg drog heim og kjende meg glad etter ei fin vinteroppleving.
Men er det eigentleg så viktig å skaffe seg kulturelle opplevingar? Lever me ikkje like godt utan? Eg trur kultur er med på å minne oss om kvar me kjem ifrå og kven me er. Kulturopplevingar viser i alle fall meg kva som morar, kva som rører, kva som opprører, irriterer og kva som gjer meg glad. Dessutan knyter opplevingane meg saman med andre. Gjennom kunst og kultur kan eg også få innsyn i korleis det er å vera eit anna menneske, som bur ein annan stad, i ein annan kropp, i ei anna tid, har ein annan alder, eit anna kjøn og/eller ein annan religion.

No om dagane tittar sola berre så vidt fram over Veståsen, men elva ligg framleis vintermørk og kald.
Eg starta denne bloggen med å skrive om vintervêret. Sjølvsagt må opplevingar ute i frisk luft takast med når overskrifta er VINTEROPPLEVINGAR. Om me vel å ta turen på beina, på ski, på spark eller på skøyter, så kan naturen gje oss påfyll i både kropp og sinn. Ja, forskarar meiner å ha påvist at å vera i rørsle ute samstundes med å få ei naturoppleving, bidreg til betre helse og livskvalitet. Visste du forresten at 2025 er Friluftslivets år med aktivitetar og friluftsopplevingar i alle kommunar?
Eg avsluttar dette blogginnlegget med eit halvferdig natta-dikt. Det er berre to dagar gammalt og er skrive frå min fredelege, vesle plett her i denne store, utrygge verda vår.
No legg den mjuke, fløyelssvarte himmeldyna seg
over vår del av verda
Stjerneljosa sender trøysta si
og
vinden kviskrar vakre songar inn
i dei draumane som skal koma
No dreg me kvar vår mjuke dyne
over litt godslitne kroppar
ventar ei ørlita stund før me
let den gode svevnen
ta oss med ut
av endå ein kvardag
Tenk om alle kunne
få sovne slik

Utsikt over Ål tatt frå Operalåven om kvelden 4. januar før nyttårskonserten starta.
Eg ynskjer alle ei fredfull helg med minst ei god oppleving kvar dag.
Helsing frå
Karen-Margrethe
