Kjære folk
Eg har visst om det nokre veker no, men har tenkt at dette må få litt meir «kjøt på beina» før eg klatrar opp i høgda og ropar det ut i glede til alle som gidd å høyre på.
I oktober 2023 skreiv eg om gleda over å få gje ut diktbok, og i mars 2024 kunne eg vise fram, snakke om og lesa høgt ifrå «Aller helst vil eg danse». Eg er svært takksam for alle gode attendemeldingar og alle dei gode møtene med fine folk som eg hadde glede av i samband med den boka.

No er eg omtrent akkurat like glad og like spent som det eg var for eitt og eit halvt år sidan, når eg no kan fortelje at i november kjem det ny bok. Ho har fått tittelen «KVARDAGAR med spor av song» og er delt inn i bolkar som alle byrjar med ei ørlita forteljing frå ein kvardagsaugneblink i livet mitt (ein heilt sann augneblink, – i alle fall sann på det viset som eg hugsar han). Kvar innleiing har eg deretter kommentert med dikt.
No er manuset trygt plassert hos redaktøren, og eg veit at dikta mine skal vandre fram og attende mellom meg og henne. Me skal forstå kvarandre og bli samde om korleis det endelege resultatet skal bli. Dette tek tid, det kan vera krevjande, men det er naudsynt arbeid. Denne gongen veit eg at eg kan gle meg til prosessen, for Mariann er så reflektert, pirkete, venleg og sterk at eg kjenner meg svært heldig som får samarbeide med henne.
Som for det meste her i verda, så er det det som er innanfor skalet som har verdi. Likevel er eg veldig glad for at fotograf Ole Johs. Brye tok på seg jobben med å ta eit vakkert omslagsbilete til boka.

Tusen takk for at du, Ole Johannes, let Lyrikkforlaget få bruke det flotte biletet som du har tatt. Den førre boka hadde omslagsbilete frå Kulufossen i Ål. Denne gongen er biletet tatt ved Strandafjorden.
Eg likar å vite at innpakningen er lokal. Forlaget ynskjer at eg ordnar med portrettfoto og i tillegg bilete av meg sjølv i heil- og halvfigur. Desse bileta skal blant anna nyttast i profileringssamanheng og på sjølve boka. Eg er ikkje særleg glad i å bli fotografert. Det kjennest kunstig og kleint å måtte posere framfor eit kamera, men Ole Johannes er så lett å prate med at ein fotoseanse med han er berre hyggeleg.
Det blir raud/rosa himmel på omslagbiletet og eg hadde rosa og raude klede på meg då eg møtte opp hos fotograf Brye. Fargane var ikkje planlagt, så me tok det som eit teikn på hell og lukke. Slikt kan ein tulle med på ein god dag.

Det er alltid triveleg å møte Ole Johannes. Dette alvorsame biletet samsvarar lite med den gode stemningen den dagen.
«Kvifor skriv du dikt?»
Det er fleire som har spurt og eg har måtta prøve å leite fram eit svar.
Ganske ofte kjenner eg at eg har noko inne i meg som må ned på papiret. Det har seg slik at eg kan gå vidare og tenke på noko anna fyrst når eg har skrive det ned. For meg fell det heilt naturleg å skrive ned tankar og kjensler i form av ganske ordknappe dikt.
Den som føler at ein har noko å fortelja, kan velje mellom å teie stilt, putte det ned i ein skuff eller klappe i hendene og synge det ut med full kraft. Eg vel ein slags mellomting; å skrive det ned, gje det ut i bokform og håpe at det finst einkvan som ynskjer å lesa.

Her har eg det fint, – i sofakroken med pledd og ny notisbok.
I den førre boka mi var dansen den raude tråden. Denne gongen vil den merksame lesaren finne spor av song i mange av dikta. Her er eit eksempel som passar no i mai (men det er slett ikkje sikkert at dette diktet er med når redaktøren har sagt sitt).
Ei slags tru
Eg trur
på dei små spirene
på hestehov, irrgrøne museøyre
og hårete humlekroppar
Til og med på den irriterande mauren, trur eg
Eg trur på trillande blåmeissongen
på sildring frå bekken og regn som trommar på taket
Eg trur
på dunete gåsungar
på vakre neslesommarfuglar og raklar på lauvtrea
Ja, herregud som eg trur
på vår
Eg strekkjer meg dit
sola skal skine
og trur
Som sist må eg stå for ein del førehandssal før boka går i trykken. Eg forstår folka i forlaget godt, for det er ikkje akkurat på toppen av salslistene at me vanlegvis finn lyrikkbøker. Eit forlag må jo tene pengar, folk må vite om boka for å bli interessert, og det er jo berre eg som veit kven eg kjenner og som kjenner meg.
Men: eg likar ikkje å masa, og akkurat denne masinga gjer vondt. Ja, for å vera heilt ærleg så hatar eg denne delen av det å gje ut ei bok, men gjer det likevel, og spør deg som les dette om du er ein aktuell bokkjøpar:
Dei som er interessert i å få «KVARDAGAR med spor av song» direkte frå Lyrikkforlaget rett i postkassa si, kan sende meg namn, adresse, e-post og telefonnummer på sms (992 50 965) eller på Messenger. Boka kostar kr 329,- og så kjem porto i tillegg.
Du kan også få boka tilsendt frå meg, signert og med ei helsing i, men då vil det ta nokre dagar ekstra og portoen vil bli litt dyrare sidan eg ikkje har særavtale med Posten, men det er berre å gje beskjed.
Boka kjem ikkje før i november , – såpass nær desember at boka får ein eigen julebolk. Kanskje aktuell som julegåve til eit menneske med bokhylle?
Eg er ganske sikker på at eg kjem til å koma attende til bok, boksal og bokslepp fleire gonger utover dette året. Du veit; det hjartet er fylt av osv … (Eg er godt i gang med planlegginga, avtaler er gjort, folk både gruar og gler seg og eg har trua på at dette blir moro.)

Det er vår ved den bekken som sildrar eitt par meter unna husveggen vår. I neste veke skal dei byrje med sikringsarbeidet etter at «Hans» herja. Denne delen av hagen blir nok ikke til å kjenne att.
Vår i fjellbygda
Brått
kjem han
spelande
på fløyta si
Høyr, kviskrar han
set deg ned, for snart
er heile orkesteret her
og
dei er her
berre i dag
I morgon
er det
eit heilt år
til neste gong
Eg ynskjer for alle som les bloggen min at dei får strålande, glade og fredlege vårdagar, –
og eg blir sjølvsagt veldig glad dersom nokon av dykk vil kjøpe boka mi.
Beste helsing
Karen-Margrethe
