Kjære folk
Det er veldig fint å få lov til å feire eigen bursdag, – og spesielt fint saman med folk ein er glad i. Sjølvsagt er det ikkje moro å sjå og merke at stadig fleire aldersendringar kjem snikande, men slikt er det berre ein ting å gjera med; å godta. Akkurat som med vêret. Det nyttar ikkje å surve over det heller.

Rett i ryggen og grå i håret. (I den nye boka, som i den forrige, skal kvar bolk ha eit svart-kvitt-bilete som start. Fru Løvetann her skal pryde den bolken som heiter «Dette er den tida me har».
Det er fort gjort å ramle ned i det holet som heiter «Huff så gammal», men eg tenkjer at eg heller vil finne grunnar til kvifor det er så fint å vera litt oppi åra. Tru meg, det er enkelt å koma på fleire ting som gjer livet som 70+ godt. Ja, det blir ei heil lita liste over grunnar til å gle seg over å bli eitt år eldre kvar einaste bursdag. Her kjem tankane mine hulter til bulter slik dei dukkar opp i hovudet mitt medan eg skriv.
Men fyrst eit bilete av mennene i livet mitt samla på bursdagen min.

Dei tre kjære karane i livet mitt her samla på bursdagen min.
Det har blitt slik at eg bryr meg meir og meir om kva hjartet mitt fortel meg, enn det eg bryr meg om kva andre folk meiner. Det kjennest godt å ha blitt slik, og eg anbefaler på det varmaste å gje litt meir blaffen i kva andre synes du bør og ikkje bør. Dermed er det også enklare å ta stilling til ting og å vite kva ein skal velje, meine og tru. Ja, vurderingsevna når det kjem til vanskelege dilemma, har blitt betre med alderen. Eg har ganske god oversikt over kva eg står for, kvar eg kjem frå og kven eg er, men er samstundes hjarteleg glad for at eg ikkje må ta stilling til absolutt alt mogeleg.
Det rare er at dei åra som har gjort meg tryggare, også har gjort at det ikkje er så viktig å seie høgt til alle og einkvar kva som er mi meining om alt mogeleg. Eg var nok mykje meir høgrøysta og kranglevoren då eg var i 40-åra enn det eg er no.

Men det er fint å vera pensjonist og likevel bli invitert inn i prosessar. Her er me på eit møte arrangert av Sundre Vel og Ål kommune. Saka er sentrumsutvikling. Pensjonisttilveret inneheld også den gleda at me får vera med i debatten, men er heilt fritekne frå alt etterarbeidet.
Eg nemnde 40-åra. Då eg var der, hadde eg mange ynske og draumar om korleis framtida mi skulle bli. No kjenner eg meir på takksemd over at eg har alt eg treng og også det aller meste av det eg drøymde om. Dette gjer blant anna at eg brukar lite pengar på slikt som reklamen fortel meg at eg har behov for. Eg har eit hus som er varmt og praktisk, ein gubbe som er snill og klarar seg sjølv og ei avtalebok som er full av trivelege gjeremål

Eg trivst for eksempel godt med å vera kulturhusvert. Eg treff fine folk, eg er til nytte og eg får oppleve kultur framført av både profesjonelle og amatørar.
I slutten av april inviterte Ål Kulturskule til feiring av Dansens Dagar. Med 150 dansarar på scena fekk publikum bli med gjennom dei fire årstidene. Her dansar dei eldste elevane vinteren.
Eg har skrive dikt så lenge eg kan hugse. I mange år var det trygt å skrive tekstar til songar som andre skulle synge, men eg måtte bli godt vaksen og vel så det før eg vågde å gje ut dikt i bokform. No vågar eg å stikke diktarnasen min fram og stå aleine og lagleg til for hogg, – og eg gler meg til ny boklansering i november.
Her er eit av dikta mine om takksemd. Eg trur det blir godtatt som eit av dikta i den boka som kjem.
Tre gåver
Min aller fyrste dag
fekk eg gode gåver
og
tok dei i bruk
utan å ense
at dei fanst
Brukte år
på å forstå
kor heldig eg er
No har eg levd dei
No kan eg takke
Den fyrste har eg
trufast med meg
kvar einaste natt. Takk
for svevnen
Den andre deler eg
med deg
så ofte eg kan. Takk
for smilet
Den tredje kryp eg inn i
når livet blir for mykje
for lite. Takk
for fantasien
Mor mi hadde rett;
det er ikkje dei lukkelege som er takksame,
det er dei takksame som er lukkelege

Ein blid, glad og takksam 72-åring. (Eg må jo nytte dei bileta som flinke Ole Johannes har tatt av meg til meir enn på baksida av ei bok.)
Eg har ikkje tal på kor mange forelesarar på kurs om leiing som har fortalt oss at dersom me vil gjennomføre og/eller endre noko, så må me ikkje bruke tida på dei negative stopparane. Me har høyrt det mange gonger i mange år at me skal rette fokuset mot det positive.
Fyrst no kan eg seie at eg vågar å stole på meg sjølv. Fyrst no innser eg at når nokon «takkar for seg» og ikkje vil ha meir kontakt, så er det sannsynlegvis det beste for oss begge. Fyrst no har eg slutta å la redsla for å «drite meg ut» styre meg slik at eg let vera å prøve i staden for å våge og heller lære av dei feila eg kan koma til å gjera. Fyrst no klarar eg å føyse unna den skuffelsen som kjem når den etterlengta støtta uteblir.

Her står eg saman med venninna mi, Toril Jømne, framfor nokre av kunstverka hennar. Me vitja henne på utstillinga i Elverum no i mai. Dersom du er interessert, finn du kunsten hennar på Instagram #toriljmalerier.
For å seie det på ein annan måte; eg har blitt gammal nok og trygg nok til å godta at til slutt er eg den einaste eg har, og at det difor er viktig at eg øver meg på å vera min eigen besteven.
Fyrst no innser eg at den verste negative stopparen, har vore meg sjølv.
Så til noko mykje mindre alvorsamt.
Komfort er eit ord som er mykje viktigare for meg no enn det det var for eitt par tiår sidan. Her er nokre eksempel:
– Undertøyet har blitt større. Eg kan ikkje begripe at eg nokon gong treivst med g-stringtruser.
– Eg kunne både køyre bil og springe ganske fort i sko med 10 cm høge hælar. No er det joggesko som gjeld.
– Tidlegare skulle kleda passe akkurat. No likar eg best dei kleda som er mjuke og som gjerne er litt for store.
Ein annan liten ting som gjer livet godt, er at den plagsame morgonalarmen høyrer fortida til. Det er så fint å kunne vakne av seg sjølv før klokka sju kvar morgon og vite at det som ventar den dagen som ligg framfor, har eg bestemt sjølv. Eg skal korkje stemple inn, rapportere til nokon eller syrgje for måloppnåing. Eg har god tid og bestemmer over tida mi. At eg innimellom har det litt travelt, det må eg takke meg sjølv for. Det er jo berre fint at det finst så mange tilbod og oppgåver der ute som det er vanskeleg å seie nei takk til. Det er berre godt å kunne bidra.

Denne fine pensjonistgjengen var med meg på ein guida tur gjennom Sundre. Her har Thor Warberg tatt over, og han fortel om Gamlevegen for 100 år sidan.
Er livet som 72-åring keisamt? Langt ifrå. Berre sjekk bileta i denne bloggen. Alt dette har vore ein del av livet mitt dei siste vekene.
Eg har all mogeleg grunn til både takksemd og glede over alle dei gode menneskemøta eg får vera ein del av.
For kva er det me treng i denne verda vår som no er fylt av både uro og uvisse? Eg trur me treng å bli sett og å få vite at det finst nokon her som er glad i oss. Det er godt å vite at livet mitt no er slik at eg har både tid og krefter til å kunne bidra litt av og til slik at einkvan blir sett og får litt ekstra omsorg.
Helsing frå
Karen-Margrethe
PS: Kanskje eg burde ha døypt dette blogginnlegget ENDÅ EIT ÅR KLOKARE?
