BEKK, BJØRK og BOK

Kjære folk

Eg har høyrt folk seie at eg er lett å glede, men vanskelegare å få til å le. Eg trur dei har rett. Det skal berre ein liten filleting til, som at eg for eksempel får til eit bokstavrim med meining, så kjenner eg på ei lita glede. Denne gongen kom bokstavrimet heilt av seg sjølv; BEKK, BJØRK og BOK, tre ting som tek stor plass i tankane mine for tida.
– Bekken som vart altfor stor og heldt på å finne vegen inn i huset vårt
– Den gamle bjørka som me har kjempa for å behalde
– Boka som eg håpar vil finne fram til mange lesarar om nokre månader.

Av og til er det fint å ta seg ein tur vekk frå det kvardagslege og tenke på ingenting. Her er det matpakketid i Eidfjord. Slikt som dette er det mykje glede i.

Eg tek for meg bekken fyrst. Definisjonen på ein bekk er «ein mindre vatnveg som har gravd seg ei fast løype i terrenget». Den bekken som går ved sida av huset vårt har laga seg ei renne som er kalla Stavegrove. I 2023 gjorde ekstremvêret Hans at 1000 menneske på Ål måtte evakuere heimane sine. Alt vatnet sette tydelege spor. No, etter kommunalt kartleggings- og planleggingsarbeid, er det sett i gang eit stort arbeid med sikring og utviding av bekkeløp der det vart vurdert som mest naudsynt. Slik det ser ut her og no, er «utviding» berre den fyrste bokstaven av det som går føre seg på grensa av tomta vår. Men sjølv om det ser stort og stygt ut no, må eg seie at representantane både frå Ål kommune og entreprenøren gjer det dei kan for at skadane skal bli så små som mogeleg. Me er takksame for det. 

Slik såg det ut i august 2023 etter at Hans hadde vore på vitjing og vatnet hadde trekt seg attende. Vatnet var 10 cm unna huset. Me var blant dei heldige.

Dette biletet tok eg i går ettermiddag.

Men på den andre sida av huset blømer hagen like fint.

Fylkeskommunen har pålagt kommunen å ta vare på så mykje vegetasjon som mogeleg, og me har fremma ynske om å ta spesielt vare på det eine gamle, vakre bjørketreet. 
Lenge var me optimistiske. Her hos oss skulle alle gjera det dei kunne for å bevare ei av dei flotte bjørkene som stod like inntil bekkeløpet. Diverre viste det seg, når fagfolk gjorde undersøkingar, at bjørka vår ikkje hadde lang tid att å leva. Ho hadde kome i avviklingsfasen, var på slutten av levetida si, hadde sprekkskadar og var utsett for råte. Så då var det berre å felle ho.

Her har gravinga har byrja, men bjørka står.

No er det like før me er utan den gamle bjørka.

Dette vesle minnet om den vakre bjørka hadde plass i den førre boka mi, «Aller helst vil eg danse»:

Årringar
Sjølvsagt likar eg det 
ikkje
Godtek det likevel
Freistar til og med
å vera glad i årringane mine

Furene i barken

Den gamle bjørka
let blada sine gulne
medan ho bur seg på vinteren

og endå ein ny vår

Ung og lovande gjekk eg
mot vår etter vår
No jublar eg grånande over
at røtene mine framleis
har trygt feste i god jord
Håpar
at eg i min haust vi oppleve
mange nye vårar
for den evigunge, gamle bjørka

Så held eg fram med det det siste ordet på B; Bok.
Slik eg har fortalt i fleire blogginnlegg, så kjem eg med ny diktbok i november. Eg trur ikkje det blir noko om korkje bekk eller bjørk der, men i staden ti små, sanne forteljingar som blir kommentert med dikt. 

Slik eg også har skrive før, ja, kanskje til det keisame, så er det slik at Lyrikkforlaget ber forfattarane sine om å førehandselje bøker før manuset går i trykken. (Det er noko skikkeleg drit, det er flaut og tek vekk gleda ved å få gje ut bok) … likevel og difor; dersom einkvan av dykk som les dette, har tenkt å kjøpe boka mi, så blir eg veldig glad for ei «påmelding» (melding til 99250965, på Messenger eller i ein e-post til kerlandsrud@gmail.com)
– anten bok direkte frå forlaget
– eller bok med helsing sendt frå meg med det same eg får bøkene i hende.

Me hadde vitjing av ein triveleg kar for eitt par dagar sidan. «Finst det i det heile tatt folk som kjøper diktbøker?» sa han. Eg svara som sant var at lyrikk ikkje er den enklaste vara å selje. Så me får no sjå.
Her er ein liten smakebit som eg reknar med at fleire kan kjenne seg att i.

Saman
Eg sluttar ikkje ved huda. Den
er berre skalet
ikkje grensa
Aleine er eg ingen
søker alltid
eit oss

Alt det eg gjer
handlar om
å forstå og bli forstått
elske og bli elska
og få
blikket som tyder «eg kjenner deg»
smilet som seier « eg ser deg»
Band
me ikkje kan knyte aleine

Deretter kan eg
krype inn att
i skalet mitt
takksam
glad
av og til såra

Eg gler meg til å opne og kjenne lukta av «KVARDAGAR med spor av song»
Det er noko spesielt med nye bøker. Dei luktar ny byrjing og håp om noko som kanskje skal gjera godt. Denne siste veka har eg blant anna
– lese dikt og møtt fine folk på Jonsokfeiring elvelangs
– gått sundrevandring og fortalt om Sundre før og no
– vore på Sommaropera ved Operalåven på Sehl

Me var tidleg ute i går for å få god plass til å nyte operaførestillinga. Sommaropera på Sehl har blitt ein fin tradisjon for oss.

I dag har eg ikke ein einaste plan. Det kjennest godt å ha det slik innimellom.
Den neste månaden trur eg hovudfokuset mitt blir stilt inn mot å leite etter fyrstegongsopplevingar saman med sommargjestene våre, ferdigstille manuset saman med redaktøren,- ja, og å glede seg til at alt kjem på plass att rundt huset. 

Eg ynskjer for alle dei som les dette at denne sommaren blir god.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar