ÅRETS FARMORVEKE

Kjære folk

 Eg tippar at mange, både besteforeldre og barnebarn, kan kjenne seg att i det eg skriv om korleis det kan vera å opphalde seg saman ei veke om sommaren. Heilt sidan ho var veldig lita, har ho hatt ei farmorveke om sommaren. Å ha farmorveke betyr ikkje noko anna enn å vera saman med farmor heile tida. I mange år var dei to-saman, men i år er storebror på jobb. Då ho kom til Ål sundag kveld, hadde ho med seg ei liste over kva ho hadde lyst til å gjera saman med farmor denne veka. (Ja, ho er eit listemenneske akkurat som farmora).

Her er lista:

 

BAKE/LAGE NOE, TEGNE, SPILLE KINASJAKK, FOTOGRAF TIL BLOGGEN»


Dette var ei liste som ikkje skulle vera så altfor vanskeleg å klare å oppfylle, og det var altså på grunn av denne lista at det vart blogg om farmorveka. Fotografen her er altså Anine, 17 år, blid, klok og kreativ.Her er ho:

Dette er det einaste biletet den som les dette får sjå av henne. Ho er nemleg ikkje så veldig glad i å få bilete av seg ut på nettet. 

Dette med bilete vart eigentleg ei lita utfordring, sidan ho som eig bloggen heller ikkje er så glad i å bli tatt bilete av i alle slags situasjonar, men den fyrste fotoseansen fekk me i stand ved Vøringsfossen. Dette er ein bit av norsk natur som den unge fotografen ikkje hadde opplevd før. 
Vøringsfossen fell ned i Måbødalen med eit totalt fall på 182 meter. Trappebrua over fossen opna i 2020. Det var ei oppleving og utsikta var storslagen. Opplevinga kan likevel ikkje anbefalast til  folk med høgdeskrekk, med dårleg ballanse og heller ikkje til dei med vanskar for å gå i ulendt terreng. 

Det var slett ikkje enkelt å finne ein stad å fotografere utan å få trapper, gelender eller andre turistar med på biletet.

Tysdagen vart Gol-dag for oss to. Der har nemleg den unge fotografen ein av yndlingsbutikkane sine. Farmor hadde tatt på seg ei slik bukse som alle besteforeldre har på seg når dei er på tur med barnebarn. Buksa er kalla spanderbuksa, og det vart handling av litt av kvart. 

«Her var det fint», sa fotografen då me åt lunsj. Samtalen som fylgde handla om korleis me likar at rom blir dekorert. Me var heilt samde om at det var fint med kontrastar og at berre like fargetonar fort blir litt einsformig.

Om kvelden vart Thomas med på ein runde Kinasjakk. Farmora vann. Denne farmora er  absolutt ikkje eit konkurransemenneske, men meiner likevel at folk må takle å tape. Difor har korkje små eller store barnebarn fått lov til å vinne på liksom. Det trur eg dei har hatt godt av. 

Noko anna barnebarna mine har måtta finne seg i, er å bruke tid på å finne svar på slikt ein lurar på. Denne kvelden vart det sjekka kvifor Kinasjakk heiter Kinasjakk, og det viser seg at Kinasjakk ikkje har noko med Kina å gjera i det heile tatt. Spelet vart funne opp i Tyskland i 1893. Då spelet kom til USA i 1928, fekk det namnet «Hop Ching Checkers» fordi dei trudde at det namnet ville slå an i markedet. Så då veit me det.

Deretter vart kvelden fylt med blanke ark og fargestiftar til. 
Me har teikna saman heilt sidan ho klarte å halde i ein fargeblyant, og me har hatt mykje glede av det.

«Kva skal me teikne?»
«Eit tre kanskje?»
Og slik vart det.

Å teikne saman gir ei fin anledning til å samtale om alt frå tull og tøys til vanskelege ting.
Medan me teikna, snakka me blant anna om at det var 22. juli, at ho sjølvsagt ikkje hugsa noko frå den dagen, men at det var bra at det har vore snakka om i klassen både på ungdomsskulen og vidaregåande.

I tillegg snakka me litt om private løyndomar, men innhaldet i slike samtalar blir ikkje referert frå her. Slike samtalar blir forresten ikkje referert frå i det heile tatt.

Onsdagen starta med litt arbeid. Veden måtte på plass.
Resten av tida var sett av til tennis. Anine hadde lyst til å prøve, og då var det fint at Thomas i yngre dagar har spela tennis i årevis. Det vart ei triveleg, men varm stund på tennisbanen, og farmora fekk trimma seg som balljente.

Torsdagen kom, og det var framleis den same varmen. Me har hatt gjennomtrekk i huset både dag og natt, men det er likevel både klamt og altfor varmt. Er det mogeleg å bli lei slikt solvarmt sommarvêr? Svaret er eit klårt «ja» frå meg. Dessutan er det slett ikkje bra for korkje naturen eller avlingane. Det er også litt skummelt å tenkje på desse menneskeskapte klimaendringane. Er det mogeleg å rette opp alt det som har gått skeis? Slikt snakka me om medan Anine åt ein litt sein frukost.

Men før noko anna kunne skje, måtte me sy om litt på eit Ola-skjørt.

På veg til Sundre gjekk me bortom kyrkjegarden. Der var det naudsynt med litt vatning og stell, så me stakk innom og vitja dei små hagane til olde- og tippoldeforeldra hennar.

Mor mi heitte Brekke før ho gifta seg. Johannes var banevaktar i distriktet rundt Voss. Kari var husmor og tok seg av det meste. Dei flytta til Ål på slutten av 1960-talet.

Det er alltid triveleg tusle rundt, sjå på ting, gå på kafé og ta seg ein matbit saman med Anine. Men heimattvegen langs Sundrevegen, på asfalten, i solsteiken vart i varmaste laget. 

Då me kom heim, viste gradestokken oss at det var heitt, ja, – eller på halling: «Våt som ei slyfsæ». Ei god forklaring på korleis me følte oss.

No stod det att berre ein ting på to do-lista hennar: «Bake/lage noe». I og med at fredagen var den siste heile dagen i farmorveka, var det berre å setje i gang.

Anine og Thomas var heilt samde om at det hadde vore kjempegodt med rabarbrapai. Anine fann oppskrift, og Thomas drog meir enn gjerne til Sundre for å kjøpe jordbær, – for både jordbær og rabarbra måtte til, stod det i oppskrifta.

«Kva skal eg skrive om paien, Anine?»
«Den var god!»

Før farmorveka var omme, ville eg jo gjerne få ei lita evaluering.
« Er det noko spesielt med å vera saman med oss såpass lenge?»
«Dere er noen tour-guides» var svaret. Ja, me har det vel med å fortelja, preike og formane, – kanskje i overkant mykje.

Eg må nesten le, for i boka mi som kjem i november har eg til og med eit dikt som eg har kalla «Farmor talar»:
Nei, kjære deg,
det er berre tull dette
at du kan bli kva du vil
Det kan ingen
Du kan mykje, så
bli noko du kan
men du kan absolutt ikkje berre
vera vakker
vera morosam
vera heime

Nei, kjære deg
det er berre tull dette
at du skal vente på den perfekte
Hen finst ikkje
Finn deg nokon som er snill
den tida hen er der
                               og
syrg for å kunne klare
deg sjølv 

Skap deg eit liv
som framleis ler og leikar
når den dagen kjem
at du må

Så var det laurdag og veslejenta til farmor skal reise heim. 
Ho gler seg til skulen byrjar att, og det gjer farmor glad. Det er godt å vite at ho trivst.

Den siste kvelden her hos oss var ho ute leita fram eit siste fotomotiv.

Eg ynskjer alle, både besteforeldre og andre, ein god sommar i fortsettinga. 

Helsing frå
Karen-Margrethe

PS: Anine har sjølv plukka ut bilete og godkjent kvart einaste ord. DS

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Én tanke om “ÅRETS FARMORVEKE”

Legg igjen en kommentar