GODT VENNSKAP OG MYKJE KULTUR

Kjære folk

Dette er ei lita reportasje frå ei augustveke i Glåmdals-/Elverumsdistriktet. Dagane vart fullpakka av opplevingar saman med gode vener. Eg ynskjer å dele dette med dei som les bloggen min, for kanskje det er fleire som vil leggje nokre dagar av sommarferien sin til denne delen av Noreg, og kanskje kunne ta del i noko av alt det fine som Elverum, Våler og Finnskogen har å by på. 

Vakre Vermundsjøen

Då familien min og eg flytta til Våler i Solør i 1982, fann me oss raskt til rette. Kulturlivet blomstra og me fekk gode vener. Her budde eg i 13 år, og nokre av dei næraste venene mine bur framleis her. Dei har også adoptert mannen min inn i vennskapet.

Anne og Arne – det næraste eg kjem familie utan at dei eigentleg er det.

Den fyrste veka i august i år oppheldt me oss i Elverums- glåmdalsdistriktet. Det vart ei veke med mykje triveleg innhald og gode kulturopplevingar. 

På Tyskeberget finnetorp har det budd folk i ca 240 år. Då den siste eigaren av torpet døyde, hadde han testamentert heile torpet og alt som fantes der til Åsnes Finnskog Historielag. Det var ei fantastisk gåve å få, men gåva førte med seg mykje arbeid for å halde liv i torpet. 

2. august var det open dag på finnetorpet, og me fann det svært interessant å vera til stades.

Lin er verdas grønaste tråd. Planta er hardfør og krev lite vatn og pleie, og difor gir ho minimalt med miljøavtrykk. 
Her er min kjære på veg ut frå låven for å få seg kaffi og finnskogvaffel

Kyrkja i Våler er vel verdt ei vitjing dersom folk er innom på desse kantar. 
Natt til 29. mai 2009 vart «Våler kirke» totalskada i brann. Den nye kyrkja vart bygd rett aust for der den gamle stod, og vart innvia i 2015.
Det var mykje debatt om utforminga av den nye kyrkja, og ho vart blant anna omtala som «skrekkdomen».

Nye Våler kirke er teikna av arkitekt Espen Surnevik
Eg likar godt den moderne kyrkja med alle dei store vindaugsflatene som slepp inn ljoset.

3. august var me på konsert i Våler kirke og kunne nyte både ei visuell og ei akustiske oppleving. Konserten var ein del av «Festspillene i Elverum», som vart etablert allereie i 1974, og er bygd opp blant anna omkring Ungdomssymfonikerne. I førehandsomtalen til denne konserten stod det at me kunne forvente «virtuost spill og klangfull skjønnhet». Det kunne ikkje ha vore sagt meir eksakt.

Her er Ole Edvard Antonsen i gang med «Legende for trompet og piano» av George Enescu. Han hadde med seg Håvard Gimse på flygel. Ole Edvard Antonsen er også kunstnarleg leiar for Elverumfestspillene.

Ved austenden av Vermundsjøen ligg Kafé Finnskog. Der blir det servert mat med lokalt og tradisjonsrikt preg.  Etter konserten reiste me dit for å eta nævagrut (eller «motti» som det er kjent som i Värmland.) Nævagraut er laga av vatn, bygg- eller havremjøl pluss litt salt.

Eg klarte ikkje å få i meg heile porsjonen min. Dette er kraftig kost.

På «norsktradisjonsmat.no» er framgangsmåten beskrivi slik:

Sidan det er slik at me ofte er i Våler den fyrste veka i august, blir det også slik at me blir med som ekstragjester når det blir feira bursdag i familien Thobru.

Her er det 22 år gamle bursdagsbarnet saman med kjærasten og foreldre.Han ville gjerne vera med i bloggen min.

I 1995 flytta eg frå Våler til Elverum. Der hadde eg ein svært spanande jobb i skuleverket. Sju år i Elverum sette mange spor i meg, og det er fleire elverumsingar som står både meg og mannen min nær.

Toril og Benn – alltid blide, alltid hyggelege og gjestfrie. Me er heldige som har slike vener.

Onsdag var me på konsert i Festsalen i Elverum Rådhus. Konserten med The Brass Brothers var ein fest. Dei har skapt seg sin eigen stil og sjanger, og har motteke ei lang rekke prisar og nominasjonar. Dei nyt stor anerkjenning både blant publikum og presse.

Eg kan ikkje hugse sist eg har hadde slik musikals moro med så høg kvalitet. 

I november blir det ny tur til Innlandet (eg seier no framleis Hedmark, for det er den delen av fylket eg har nokre hjartestrengar festa i). Eg gler meg allereie. 
20. november skal mi venninne, Anne, og eg samtale om den nye boka mi på Våler Folkebibliotek

Her på Våler Folkebibliotek er det alltid full fart og stor aktivitet.

21. november skal eg stå for Fredagstipset på Elverum Bibliotek.

Elverum Bibliotek ligg her i Elverum Rådhus. 
Etter at det gamle rådhuset vart bomba under krigen, vart det nye stilt ferdig i 1956.

Eg kjenner meg svært heldig som framleis har gode vener på dei stadene som har vore rekna som heime tidlegare. Det er slett ikkje alltid at gamalt venskap fylgjer med på flyttelasset. Eg er også glad for at gamle vener har tatt imot mine nye kjære med opne armar. Ikkje noko av dette kjem av seg sjølv. Eg er ei heldig, litt gammal dame.

Vel heime, stod ekteskapeleg samarbeid om ripsbusker for tur.

Eg ynskjer alle som les gode augustdagar framover. 

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar