Kjære folk
Eg tenkte at dette blogginnlegget skulle handle om slikt som eg er heilt sikker på og slikt som eg veit er sant. Men etter som eg tenkte på dette, og gjekk gjennom den type sanning som kunne vera interessant å skrive og lesa om, så vart eg meir og meir usikker på om eg var viss på noko som helst om kva som er sant og usant.
Det var jo ikkje slike vanlege, kjedelege fakta eg ville skrive om, – slikt som kan provast og derfor ikkje kan bli logisk motsagt. Slikt kan alle finne ut av sjølv. Me har jo mange mogelegheiter på internett til slikt. Så då vart det til at eg byrja å tenke over kva sanning eigentleg er.
Den siste veka har me fått ei sanning som ser ut slik som på bilete nedanfor. Det har eg funne på nrk.no etter at sanninga om mandatfordelinga var sikker: 88 -81.

Kva dette resultatet skuldast, er det altså mange meiningar om, og kvar av oss veit kva me meiner og kva me trur om resultatet. Me kan i alle fall einast om å konkludere med at ei meining ikkje er det same som ei sanning. (Resten av innlegget blir krydra med bilete av slikt som eg er heilt sikker på at er sant.)
Men kva er ei sanning?Det eg kjenner på at er heilt sant, kan ein annan person vera heilt usamd med meg i. Eg kjenner for eksempel folk som seier at dei kan bli både slappe og sure når temperaturen synk og tåka heng lågt nede i terrenget. Eg derimot, påstår at vêret ikkje har nokon innverknad på humøret. Når eg sjekkar om det finst fakta om samanhengen rundt vêret og korleis me har det mentalt, så viser det seg at forskingsresultata på temaet, mildt sagt er sprikande.
Mi sanning er altså ikkje den same sanninga som venninna mi kjenner på.
Me har altså rett båe to. Ingen av oss lyg. Eller for å seie det på ein annan måte; me har kvar vår personlege erfaring som igjen har gitt oss ei subjektiv sanning. Det som er sant for meg, er ikkje nødvendigvis sant for andre.

Eg har både lest og høyrt sagt at «det er det me bestemmer oss for, som bestemmer korleis livet blir, ikkje skjebnen».
Utan førebels å definere «skjebnen» noko nærare, så påstår eg at dette utsagnet både er tull og sanning. Det er mange faktorar som påverkar korleis livet vårt artar seg. Eg kan nemne nokre: kva slags foreldre me var så heldige/uheldige å få tildelt, gen, sosiale forhold, økonomi, fysisk og psykisk helse og sosiale relasjonar. I tillegg kjem slikt som er så tilfeldig som at føraren av den bilen som kjem i motgåande felt, plutseleg sovnar.
Sjølvsagt handlar det også om alle dei små og store, meir eller mindre viktige val me tek i livet. Men sjølv om evna til å gjera gode val er viktig, er det ikkje det einaste som formar livet vårt. Når eg leitar, googlar og les alt eg kjem over, finn eg ikkje eit einaste forskingsresultat som koplar livskvaliteten vår opp mot skjebnen.
For ordens skuld, – slik blir substantivet skjebne definert i Det Norske Akademis Ordbok: «det som er (forut)bestemt til å skje (av tenkte høyere eller ukjente makter) og ikke kan endres med egen vilje, innsats».
Min kommentar: Her handlar det om å tru, ikkje å vite, – altså har det ingenting å gjera i dette blogginnlegget.
Konklusjon: Det finst inga sanning om skjebnen.

Dette er skulestugu frå Skattebøl i Ål kommune. Skulehuset vart bygd i 1897 og var i bruk til i 1929. Ei sanning til, som er artig for meg: Den siste som var lærar i dette skulehuset var Ivar Helgesen. Han var lærar i 35 år, men han var også ordførar i ei periode, OG det var han som fekk bygd det huset eg bur i no.
Når det gjeld å ta val, har eg óg ei heilt subjektiv sanning. Den er bygd på personleg erfaring og er slik: Me skal ikkje alltid stole på hjernen. Hjernen er ein god ven som gjerne vil vera med og gje oss det me trur me treng, og difor kan me risikere at hjernen vil støtte oss når me tek val som me slett ikkje bør ta.
Det forundrar vel ingen når eg seier at denne siste sanninga mi handlar om å velje personlege forhold til andre menneske (les: menn).
Med det same eg skreiv dette siste, kom eg på ei anna sanning som eg er bomsikker på. Den er slik: Det viktigaste forholdet eg har hatt, har, og kjem til å ha med noko menneske, er det forholdet eg har til meg sjølv. Alle andre forhold til alle andre menneske vil på eit eller anna vis ta slutt ein gong. Me må altså syrgje for å trivast inne i eige skal og ha det fint aleine inne i eige hovud. Dette er eg heilt sikker på!

Her står ein ung mann på Sundreberget i Ål. Han er mitt eldste barnebarn, Sundreberget er ein av 10 turfavorittar 2024 – 2028 og denne delen av Sundreberget er 589 meter over havet. Heilt sant!
Eg bør kanskje avslutte dette på ein litt lys og lett måte? OK, – då gjer eg det med tre setningar som visstnok er heilt sanne:
– Honningbier har hår på augo
– Det er fysisk umogeleg for ein gris å vri hovudet slik at han kan sjå himmelen
– Sommarfuglar har smaksorgana sine plassert på undersida av føtene
Kva kan eg bruke slike sanningar til?
Jo, eg kan undre meg over slike små under og glede meg over at eg ikkje er ein gris.

Vart me noko klokare når det gjeld kva som er sanning ut frå det desse litt rotete tankerekkene mine?
Neppe!

Eg sender eit ynskje om ein god haust for oss alle. Det er i alle fall heilt sant, – eller er det det?
Helsing frå
Karen-Margrethe
