Dette blogginnlegget handlar om noko som eg prøver å fokusere på for tida. Sjølvsagt tenkjer eg mykje på boklansering og alt rundt det, men livet handlar, på godt og vondt og heldigvis, om meir enn det ein sjølv finn på å engasjere seg i. (Bileta i denne bloggen er frå noko av det som har vore min oktober så langt.)
10. oktober var det Verdsdagen for psykisk helse. I samband med det vart det arrangert fakkelvandring Elvelangs. Eg skulle stå i gapahuken og fortelje for borna. Det kom to-tre ungar, ein baby og rundt 40 vaksne som fann fram barnet i seg og høyrde smilande etter medan eg fortalde om den vakre, grøne dragen som kjende seg så einsam og aleine.Fortsett å lese «EG ØVER»
Som eg skreiv i det førre blogginnlegget mitt, så hadde eg bestemt meg for at dette skulle eg aldri gjera meir. Aldri! Her sit eg altså likevel med ein pappask full av «Kvardagar med spor av song». Kvardagsopplevingane mine har funne plassen sin mellom stive permar pynta med Ole Johannes Brye sitt vakre bilete frå Strandafjorden.
Det er jo litt stas då
Eg har grudd meg. Eg har gledd meg. Eg veit ikkje om eg er modig, heldig eller halvgalen. Sannsynlegvis er eg litt av alt dette.
Då eg gav ut den førre diktboka mi, «Aller helst vil eg danse», bestemde eg meg for at dette skulle eg aldri gjera meir. For det fyrste så er det kjempeskummelt å levere frå seg eit manuskript til eit forlag. Dikta mine inneheld store delar av meg sjølv, – slikt som eg sjeldan deler med nokon. Det er skummelt nok, men i tillegg liksom ber eg om at forlagsredaktøren skal like det eg skriv, ja, eg ber eigentleg så fint eg kan om at denne redaktøren skal like meg. Som om ikkje det er nok, så er det vel også slik at eg ber om at det eg har inst inne i meg, skal bli tilgjengeleg for alle som har lyst til å lesa. Det er skummelt, og eg bestemde meg for at slikt ville eg ikkje utsetja meg for fleire gonger.