Kjære folk
Då eg gav ut den førre diktboka mi, «Aller helst vil eg danse», bestemde eg meg for at dette skulle eg aldri gjera meir. For det fyrste så er det kjempeskummelt å levere frå seg eit manuskript til eit forlag. Dikta mine inneheld store delar av meg sjølv, – slikt som eg sjeldan deler med nokon. Det er skummelt nok, men i tillegg liksom ber eg om at forlagsredaktøren skal like det eg skriv, ja, eg ber eigentleg så fint eg kan om at denne redaktøren skal like meg. Som om ikkje det er nok, så er det vel også slik at eg ber om at det eg har inst inne i meg, skal bli tilgjengeleg for alle som har lyst til å lesa. Det er skummelt, og eg bestemde meg for at slikt ville eg ikkje utsetja meg for fleire gonger.

For det andre var det alt arbeidet etter at manuset var ferdig som ikkje freista å gjera fleire gonger. Det var mykje meir omfattande enn det eg hadde trudd. Spesielt hata eg førehandssalet. Eg er laga slik at eg kjenner sterkt ubehag ved å drive med sjølvpromotering. Det er direkte ukomfortabelt å måtte framheve slikt som eg har laga sjølv.
Altså bestemde eg meg for aldri meir!

Det tok likevel ikkje mange månadene før eg hadde meir enn nok stoff til ei ny diktbok. Min måte å bearbeide kjensler og opplevingar på, er nemleg å skrive, – og det er jo alltid nok kjensler å ta av. Det har seg slik at eg blir god og glad inni meg når eg klarar å få ein kvardagsaugneblink ned på papiret med så få ord som mogeleg. Særs glad blir eg når det eg skriv ned inviterer til høgtlesing. For det rare er at samstundes med at eg hatar å promotere meg sjølv, så elskar eg å fortelje og lesa for andre. Forstå det den som kan.
No sit eg altså her med ny bok som snart er ferdig frå trykkeriet.
Eg vågde meg frampå att, og forlagsredaktøren min likte dei kortfatta kvardagsaugneblinkane mine godt, og samarbeidet med Mariann i Lyrikkforlaget har vore både triveleg og lærerikt. Samarbeidet har gått endå lettare enn sist, for denne gongen kjende me kvarandre betre.
Kor glad er det mogeleg å bli av nokre få rosande ord?
Eg vart i alle fall inderleg glad då eg las dette vesle avsnittet i eit av dei siste breva frå Mariann, redaktøren min:
«Min kollega, som leste sluttkorrektur på boken din, hadde forresten følgende kommentar i tilbakemeldingen sin: «Wow for en bok. Veldig flott samling.»
Eg vart 12 år att og kjende på den same gleda som då læraren skrøyt av stilen min.

Denne gongen med denne boka har eg satsa mest på at prosessen skal vera morosam. Dermed har eg gitt meir eller mindre beng i førehandssalet. Det får gå som det vil.
Det eg likar spesielt godt med å skrive dikt, – og det som gjer det så morosamt, er at eg står heilt fritt til å skrive akkurat slik eg sjølv vil ha det. Eg treng ikkje å bry meg om teiknsetjing, heile setningar eller å få stor bokstav på rett plass. Eg kan heller konsentrere meg om å få meininga fram så ordknapt som mogeleg og å nytte eit språk som er godt å lesa høgt. For meg er det difor naturleg å legge språket så nært opp til hallingdialekta som mogeleg utan å bryte altfor mange rettskrivingsreglar. Eg kan også leike meg med orda og plassere dei annleis enn det eg elles ville ha gjort.

Mot slutten av 1950-talet song Kjell Lund slik på Barnetimen for dei minste:
«Har du en hobby som du er blitt glad i
da trenger du ikke å kjede deg mer
For da har du alltid no` morsomt å gjøre,
og har du først en får du sikkert fler.»
Folk spør
– Når kjem den nye boka di?
– Skal du rundt og prate om boka slik som sist?
Svaret er veldig snart, ja og sjølvsagt skal eg det, men dette får eg koma nærare attende til når eg har fått boka i hus. Eg trur det berre er nokre dagar til,- rett over helga kanskje … og då blir det nok sikkert nytt blogginnlegg.

Som sist så gruar eg meg.
Som sist så gler eg meg.
Som sist så har eg bestemt meg. Aldri meir!
Haustleg helsing frå
Karen-Margrethe
