KVARDAGAR MED SPOR AV SONG

Kjære folk

Som eg skreiv i det førre blogginnlegget mitt, så hadde eg bestemt meg for at dette skulle eg aldri gjera meir. Aldri!
Her sit eg altså likevel med ein pappask full av «Kvardagar med spor av song». Kvardagsopplevingane mine har funne plassen sin mellom stive permar pynta med Ole Johannes Brye sitt vakre bilete frå Strandafjorden.

Det er jo litt stas då

Eg har grudd meg.
Eg har gledd meg.
Eg veit ikkje om eg er modig, heldig eller halvgalen. Sannsynlegvis er eg litt av alt dette.

Eg gjer så godt eg kan for ikkje å bry meg om kva dei som les dikta mine vil meine om det eg skriv. Sjølvsagt kan eg ikkje forvente at alle likar nynorskdikt utan enderim. Eg har likevel eit håp om at dei som les finn i det minste ein liten setning eller ei lita strofe som får det til å klinge ørlite grann i ein av kjenslestrengane. Eller kanskje einkvan kan nikke attkjennande og tenke at jammen er det akkurat slik det er dette livet.

Eg håpar at dei som har førehandbestilt bok har fått sending i posten. Boka til dei som har bestilt signert bok frå meg er snart i farta.

For andre som ynskjer seg bok, er det mange mogelegheiter: 

  • Gå inn i kva for ein bokhandel som helst og bestill ei bok. Dei har alle fått info om boka frå forlaget, og boka ligg klar for utsending frå Forlagssentralen
    eller:
  • Finn fram lyrikkforlaget.no på nettet, søk etter Kvardagar med spor av song og legg den i handlekorga
    eller:
  • Send meg ei melding og be meg sende deg ei bok – gjerne med ei helsing
    eller:
  • Kom på boklansering på Ål Kulturhus 7. november. Norli Ål vil vera til stades med ein bunke bøker
    eller:
  • Møt meg på Norli Ål på Ålingen laurdag 15. november
    eller:
  • Du kan kome til Våler Folkebibliotek 20. november klokka 19. Der blir det boksamtale mellom Anne E. Thobru og meg
    eller:
  • Du kan treffe meg og høyre om boka mi på Elverum Bibliotek 21. november klokka 11.

Kva som skjer etter jul, må eg få koma attende til.

Eg er jo svært glad i å fortelje og lesa høgt for folk. På denne sida av jul har eg tre avtalar der eg får lov til å gjera nettopp det.

7. november har eg med meg god hjelp for å skape noko eg både håpar og trur blir ei fin stund.
Denne kvelden satsar Ål Bibliotek på poesi.
Det startar klokka 18. I Kulturhusprogrammet står det at når det blir min tur klokka 19, då blir det slik: «Når ho presenterer nye dikt frå boka «Kvardagar med spor av song» ynskjer ho å skape ei kvardagsstund som me vil hugsa, og ho lovar at me skal få høyre songen
Det er alt det de får vite av meg no. 

Det er ikkje berre mine dikt som står i fokus denne kvelden. Her er heile programmet:

Eg har vore så heldig at eg har fått lov til å ha kontakt med flotte 4. klassingar denne hausten. Dei har dikta og sett saman alt det som blir presentert på poesiutstillinga. 

20. november skal eg vitje Våler Folkebibliotek. Der skal eg heller ikkje vera aleine. 
I mars i fjor hjelpte mi gode venninne, Anne Thobru meg, då ho og eg samtala om den førre diktboka mi på det same biblioteket. Det var såpass artig, i alle fall for meg, at me tek fatt på ein ny samtale om ei ny bok.

Eg er svært takksam for at Anne gidd dette.
Her sit me saman ein vakker sommardag i år ute på verandaen på hytta hennar ved Vermundsjøen.

Klokka 11 dagen etter er det Elverum sin tur. Der må eg klare meg sjølv. Det gjekk bra i mars i fjor, så då går det nok bra denne gongen også får me tru.

Her sit eg i Elverum Bibliotek i mars i fjor. 

No skal eg skunde meg med å få sendt ut bøker til dei som ynskjer seg signert bok med ei personleg helsing i. Slikt er berre triveleg arbeid.

Så håpar eg at alle får fine oktober- og novemberdagar.
Kanskje me sjåast?

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar