NOVEMBERDAGAR

Kjære folk

Dagar kjem og dagar går, men det er ikkje dagane me hugsar. Me hugsar berre nokre augneblinkar, – og spesielt godt hugsar me dei augneblinkane det er knytt kjensler til. 

Eg sov ikkje så godt natta før 7. november. Det var så mykje som surra og gjekk inne i hovudet mitt.
For det fyrste hadde dei byrja å grave opp både oppkøyringa vår og i Sundrevegen. Me var på ein slags måte innestengt på Helgerud. Det var litt pes. Me må innrømme det, men me var også samde om at heimen vår slett ikkje var den verste staden å måtte opphalde seg.

Slik såg det ut i oppkøyringa vår (men det vart verre). Den augneblinken eg hugsar best, var då den digre gravemaskina rulla opp mellom portstolpene. Flinke folk, forresten.

Dei som pleier å lesa bloggen min, veit at eg er veldig oppteken av å leite etter dei små kvardagsgledene. Sidan me denne månaden ikkje har hatt mogelegheit til lettvindt å koma oss frå inngangsdøra vår, kan eg no framover glede meg over
– at det er kort veg til postkassa dit eg kan springe ned for å finne papiraviser kvar laurdagsmorgon
– kor heldige me er som ikkje treng å køyre langt av garde for å sortere avfallet vårt
– at det er fint å ha eit tak å køyre bilen innunder no når snøen kjem.

For meg, som samlar på fyrstegongsopplevingar, var det spesielt då vegen vart stengt frå båe sider akkurat ved vår postadresse.

Den andre bekymringa mi den novembernatta dreide seg om det føreståande boksleppet. Kom det til å koma folk for å høyre? Kom samarbeidet med dei eg hadde bedt om å synge til å gå like mjukt og fint som det eg håpa?

Det er nervepirrande å skulle vise fram personlege tankar og kjensler slik dei kjem til syne i dikta mine. Det er noko heilt anna å ha i oppdrag å framføre noko når ein inneheld ei formell rolle, er tilsett ein stad eller tillitsvald i ein eller annan organisasjon. Når eg fortel om og les eigne dikt, er eg berre meg, – heilt utan noko å gøyme meg bak. Det er ganske skummelt.

Planlegging er halve jobben, seiest det. Eg hadde sjølvsagt budd meg, men ein veit jo godt at det likevel kan skje både det eine og det andre. 

Dagen etter seansen på Ål Bibliotek vakna eg tidleg med eit sterkt ynske om å takke. Eg stod opp og skreiv eit innlegg på Facebook. Den augneblinken eg hugsar best frå den morgonen, var då eg såg at også andre har lagt ut bilete frå og kommentarar om poesikvelden. Eg hadde berre ein ting å gjera: Å vera takksam og å vera glad.

Sjølvsagt blir ein oppteken av seg sjølv, eigne prestasjonar og eigne kjensler når ein skal presentere ting ein sjølv har produsert.  Slik er det berre. Då er det godt at kvardagane som oftast dreier seg om heilt andre ting. 

Her er eg klar for frivillig teneste som kulturhusvert på Ål Kulturhus.

Å vera kulturhusvert gjer at eg får høve til å oppleve slik kunstnarleg utfalding som eg kanskje ikkje hadde fått med meg elles. 
Det diktet som står fremst i Kulturhusprogrammet denne sesongen, skreiv eg etter ei slik uventa, fin konsertoppleving. Me går glipp av mykje dersom me berre deltek på slikt som me på førehand veit at me likar. 

Desse novemberdagane har eg fått bekrefta at det er fint å få med seg slike opplevingar som ein er usikker på. Denne månaden har eg kjeda meg på ein konsert og vore glad for at eg måtte hjelpe til med andre ting medan det stod på. Ein annan kveld gjorde ei danseframsyning at eg verkeleg måtte både tenkje og kjenne etter. Eg trur det er slik at dersom me stiller med opne sinn, så vil det skje eitt eller anna med oss. Me ikkje like alt det me høyrer eller ser, for korleis skal me kunne vite kva som er noko for oss dersom me ikkje utset oss for variasjon i kulturuttrykka?

Eg har lurt på kvifor eg er så veldig glad i november. Dei fleste av dei eg kjenner nemner den månaden som den dei likar aller minst. Eg elskar det mjuke, koselege mørkeret som kjem tidleg om ettermiddagen og som gjer det heilt naturleg å tenne stearinljos, finne fram ei god bok og elles gjera ingenting. 
Men eg trur ikkje at det er det som er den eigentlege grunnen. Eg trur eg elskar november fordi det er den månaden som gav meg den fyrstegongsopplevinga og den augneblinken som det er festa aller flest kjensler til. 14. november for 49 år sidan vart eg mamma.

November 1976

Det hender at eg legg meg med massevis av glede-seg-tankar, og slik var det kvelden før me tok turen til Hedmark. Boka mi og eg skulle på ein bitte, bitte liten «turné». 

Den fyrste avtala eg hadde, var med Våler Folkebibliotek . 
I Hedmark kjenner dei meg som ei litt anna Karen-Margrethe enn dei som møter meg på Ål. I Våler i Solør kjenner dei ho som er mor til to, dei har sett meg på revyscena og dei hugsar ho som farta rundt med stresskofferten sin knadd med skulepolitikk. I Elverum er eg ho på skulekontoret som var irriterande oppteken av endring.

Så glad blir eg når eg får møte gode vener i Solør

Mi gode venninne, Anne, hadde budd seg med spørsmål. Eg trur det vart ei triveleg stund på Våler Folkebibliotek. Det sa dei i alle fall, dei som hadde møtt opp 😉

På Elverum Bibliotek hadde dei stelt i stand eit litt annleis «Fredagstips» denne fredagen. Det er godt å vera gjest i Elverum.

Har du vore på Operapub nokon gong? Det er også av slike ting me kan glede oss over her i denne fjellbygda. Fredag, då me kom heim frå Våler og Elverum, tok me turen direkte opp til Operalåven og fekk med oss artige ariar, dirty duettar, godt drikke og prat med gode folk. 

Her er Marit Sehl i duett med Øystein Skre.
Var det før eller etter at ho ville rive av han skjorta tru?

Om eg har gode planar for den siste veka i november? Ja, om eg har!
26. november skal Eldgrim Springgard og Trond Andersson presentere boka si «Hundre og eitt ute». Sjølvsagt skal eg på biblioteket for å høyre om boka og skaffe meg ei signert utgåve.
Dagen etter er det fest for dei frivillige. Det er alltid stas å få vera med å laga i stand for å vise kor viktig det frivillige arbeidet er i lokalsamfunnet.
På slutten av veka må adventpynten fram. Det er alltid ei glede.

November altså!!

Beste helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar