SLIKT SOM ENDRAR EIT MENNESKE FOR ALLTID

For nokre dagar sidan dukka det opp ei liste på Instagram, – eller var det på Facebook. Uansett så har ein eller annan algoritme (eller ein slags avansert formel) funne ut at eg interesserer meg for slike lister. Eg skal ikkje nekte for at berekninga er rett. Denne gongen handla det om slikt som endrar eit menneske for alltid. Eg las og fann raskt ut at det sannsynlegvis er heilt sant og at det er akkurat slike hendingar i livet som det festar seg massevis av kjensler til. Eg ser også at det er nettopp desse punkta som har sett så djupe spor at det har blitt dikt av det.

Det fyrste punktet var
Å flytte heimanfrå
Eg var 19 år, hadde fått meg lærarpost ved Blomvåg skule to og ein halv time med båt frå Bergen. Eg budde utan bad, berre ei av platene på komfyren virka, det var minst 15 meter til utedo, haust- og vinterstormane blæs folk over ende, eg byrja å røyke rullings, sparte bra med pengar og fann ut at det var kjekt å vera lærar.

Lærar utan utdanning saman med den fine gjengen i 1. klasse ved Blomvåg skule.

Eg vart vaksen, forstod meininga med både kvinnekamp og det å vera fagorganisert.  
Desse erfaringane er av dei som blant anna ligg bak når eg skriv  

FARMOR TALAR
Nei, kjære deg
det er berre tull
at du kan bli kva du vil
Det kan ingen
Du kan mykje, så
bli noko du kan
men du kan absolutt ikkje berre
vera vakker
vera morosam 
vera heime

Nei, kjære deg

det er berre tull
at du skal vente på den perfekte
Hen finst ikkje
Finn deg nokon som er snill
den tida hen er der
                              og

syrg for å kunne klare
deg sjølv

Skap deg eit liv
som framleis ler og leikar
når den dagen kjem

at du må

Punkt nummer to var
Å måtte byrje på nytt
Diktet over handlar jo også om det å måtte byrje på nytt. Kor fortvilande må det ikkje vera dersom du ein dag sit att aleine utan inntekt eller utan anna enn minstepensjon. Då det i fjor rasa ein debatt her til lands der unge kvinner kjempa for å kunne ha eit liv som skulle dreie seg om å føde born og stelle heime, vart eg fortvila ved tanken på at desse haldningane skulle spreie seg. Eg klarar ikkje eingong å prøve å førestille meg korleis det hadde vore fo meg den dagen eg starta på nytt, dersom eg skulle ha gjort det utan jobb og løn. 

Noko anna som er vesentleg for å klare alle både avslutningar og oppstartar i livet, er den barndomen du alltid ber med deg. Eg har sagt det mange gonger at eg har vore heldig. Eg stod fremst i køen då dei delte ut både foreldre og oppvekststad. Dette vart det også eit dikt om. Ingen veit kva hjartet må tåle og kva slags stigar ein må gå når morgondagen kjem. 

Eit anna punkt på lista var 
Å oppleve hjartesorg. 
Det neste diktet passar like godt til både hjartesorg og det å starte om att. (Heldigvis er det ikkje berre ein fisk i havet.)

HJARTET MITT
Der eg kjem frå
vart hjartet mitt til
Ein firedel berg oppe i dagen
ein femdel elvesus og skogsbotn
ein tidel slikt som samspel, korsong og pardans
to store delar mjuke fang, høgtlesing og trøyst
Resten er mørt og mjukt
klart for å
raudne og rivne
bivre og blø
gå sund
ein gong til

Eg er heldig som fekk vekse opp her.

På lista var også dette punktet:
Å bli forelder
Alle som har blitt mor eller far har nok oppdaga kor mykje ansvar det ligg i foreldrerolla. Alle mødrer og fedrar har nok også kjent på kor vanskeleg det er, lurt på om dei har feila og hatt dårleg samvit for at dei ikkje har vore nok til stades, strenge nok, milde nok, og prøvd så godt dei kan på å få til alt. 
Eg har høyrt folk seie at dei lukkelegaste menneska er dei under 12 og dei som er eldre enn 67. Kanskje det er noko i at me slit minst med livet når me ikkje har ansvar for andre enn oss sjølv?

Her er mitt dikt om å bli mor:

Å BLI MOR
Du kom
og eg fekk
min eigen fargedraum
Eg kyssa den halsgropa
som var alt,
var deg. Kjensler
vart fanga i meg
for alltid
Høgt elska lenge før
du låg der;
Liten, raud og rar
Eg løfta deg,
eg byssa og bar

Så kom du til meg
frå ei anna livmor
med framande gen
og annleis lukt
Du mamma, sa du
éi mamma er nok
Sårt sakna lenge før 
du stod der;
lita, redd og rar
Eg lyfte deg,
eg byssa og bar

Der sit dei no
Ein son, eit under
eit prov på at alt er mogeleg
Ei dotter, eit mirakel,
eit prov på at alt går an

Umisteleg kjærleik
til ei kvinne
til ein mann

Mine to kjære små. Det er karneval i Våler i Solør.

Dei to neste punkta på lista var
Å miste far sin
og
Å miste mor si

Far min døyde omtrent fire år før mor mi døyde. Då mor mi vart aleine, vart det om å gjera for meg at mor mi skulle ha det bra. Eg sakna far min, men fann ikkje plass til å sørge. I ettertid har eg både fortalt om han når folk vil høyre og skrive om han. 

Pappa`n min

FAR
Min eigen viddevandrar
bergbuar
fjellfant
i lett trav
mellom fjellbjørk
over lyng. Sveitt og
med vekegamle skjeggstubbar

Min eigen
trøystetalar
søtsnok
lekselos
måtte ut og gå
kvar gong tårene stod i augo
Blå var dei
isbreblå

Handa mi
lita i hans
Fort gjekk han
fortare
med meg i ryggsekken. Eg

er einsam i takksemd
over alt det eg ikkje forstod

Då mor mi døyde, var sonen min saman med meg ved sjukesenga hennar. Rett etter at ho var død, såg han på meg og sa «Eg har aldri sett deg så lita». Eg hugsar godt kva eg svarte. «Berre ein augneblink no, så er snart eg stor att.»

Brått var det eg som var den eldste. 

DEI TO SOM GAV MEG ALT
Ein solsvidd son av fjellet
dansa
gloheite husmordraumar
inn
i banevaktaren si dotter

Eg vart til

Brått
stod eg aleine
var svartkledd kontrast
mot kvit botn

Aldri meir
skulle nokon 
nokon gong
ha slik ømheit
i hjartet sitt
for meg

Ein dag for ikkje så lenge sidan måtte eg ta meg ein tur til grava deira. (Det var ikkje mykje av gravsteinen som var synleg over snøen.) Eg hadde noko eg måtte finne ut av, – og då hender det, sumar som vinter, at det er til hjelp å stå her og snakke litt med seg sjølv. 

Det tok ei tid før eg forstod kva dette hadde gjort med meg, at eg ikkje lenger hadde nokon å ringe til, nokon som elska meg uansett.


Dette heng også nært saman med det siste punktet.
Å ta innover seg at ingen kjem for å redde deg

Dette kan vera ein ganske tøff setning, ikkje sant? Men slik er det jo for oss alle. Inne i hovudet vårt er me alle aleine. Det er vårt eige ansvar å gjera gode val. Det er ingen andre som er ansvarlege for dei vala me tek. Heldigvis, tenkjer eg.

INNE I OSS
I den mjuke flekken
langt der inne
i oss
gøymer me kvart vårt
hemmelege verdsrom med
alt
det som kunne ha vore
Lengten 
ingen veit om
Draumen
me aldri nemner

Bobler som brest i oss
før svevnen kjem

Dansen me aldri fekk danse

Screenshot

Ingen kjem til å redde meg dersom eg gløymer å ta vare på kvar god augneblink, dersom eg sluttar å leite etter dei små gledene, dersom eg ikkje lenger seier at eg elskar. Ingen kjem for å redde meg frå meg sjølv. Ingen kjem til å redde meg frå at tida mi går. 
Dette skal eg tenkje på som ein god ting, som ei glede. Dette vil eg ha ansvaret for sjølv.

Vart det litt for alvorsamt i dag?

Uansett så sender eg ein varm tanke til deg som les.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar