KVARDAGAR MED SPOR AV SONG

Kjære folk

Som eg skreiv i det førre blogginnlegget mitt, så hadde eg bestemt meg for at dette skulle eg aldri gjera meir. Aldri!
Her sit eg altså likevel med ein pappask full av «Kvardagar med spor av song». Kvardagsopplevingane mine har funne plassen sin mellom stive permar pynta med Ole Johannes Brye sitt vakre bilete frå Strandafjorden.

Det er jo litt stas då

Eg har grudd meg.
Eg har gledd meg.
Eg veit ikkje om eg er modig, heldig eller halvgalen. Sannsynlegvis er eg litt av alt dette.

Fortsett å lese «KVARDAGAR MED SPOR AV SONG»

«ALDRI MEIR», SA EG.

Kjære folk

Då eg gav ut den førre diktboka mi, «Aller helst vil eg danse», bestemde eg meg for at dette skulle eg aldri gjera meir. For det fyrste så er det kjempeskummelt å levere frå seg eit manuskript til eit forlag. Dikta mine inneheld store delar av meg sjølv, – slikt som eg sjeldan deler med nokon. Det er skummelt nok, men i tillegg liksom ber eg om at forlagsredaktøren skal like det eg skriv, ja, eg ber eigentleg så fint eg kan om at denne redaktøren skal like meg. Som om ikkje det er nok, så er det vel også slik at eg ber om at det eg har inst inne i meg, skal bli tilgjengeleg for alle som har lyst til å lesa. Det er skummelt, og eg bestemde meg for at slikt ville eg ikkje utsetja meg for fleire gonger.

Haust i hagen før det byrja blåse og regne.
Fortsett å lese ««ALDRI MEIR», SA EG.»

BOKLANSERING OG KULTURHUSPROGRAM 

Kjære folk

Eg er det noko rart at eg er spent? Nei, ikkje i det heile tatt. Det er heller ikkje særleg merkeleg at eg er glad. Eg skal ha boklansering på biblioteket i Ål Kulturhus og har fått tildelt ei heil side i kulturhusprogrammet. 

Me er så utruleg heldige i Ål som har eit så breidt utval av kulturtilbod å velje mellom – teater, konsertar, danseframsyningar, foredrag med alt frå unge kulturskuleelevar til kjendiser, lokalprodusert og utanfrå. Og denne våren får eg lov til å vere med.

«Velkomen til ei nær og personleg samtale mellom Solveig Vestenfor og Karen-Margrethe Erlandsrud – om livet, døden og kjærleiken, og dikt. Ei vaksen kvinne si stemme om fortida og for framtida.»

Fortsett å lese «BOKLANSERING OG KULTURHUSPROGRAM «

SPRÅKVASK PÅ LANZAROTE

Kjære folk!

Me har pakka koffertane våre og reist til sol, saltvatn og late dagar.
Ein av våre aller næraste er så uheldig at hen må slite med psoriasis. Naturleg sol og bading i saltvatn har ein gunstig effekt for dei fleste med denne kroniske hudsjukdomen. 
Me er altså på helsereise.

Eg har med meg Mac-en min og får gjort litt av kvart anna medan sola lindrar dei som treng lindring.

Dette biletet har eg tatt på ein av mine rusleturar med havet og vinden tett på.

Fortsett å lese «SPRÅKVASK PÅ LANZAROTE»