Kjære folk
Eg er det noko rart at eg er spent? Nei, ikkje i det heile tatt. Det er heller ikkje særleg merkeleg at eg er glad. Eg skal ha boklansering på biblioteket i Ål Kulturhus og har fått tildelt ei heil side i kulturhusprogrammet.
Me er så utruleg heldige i Ål som har eit så breidt utval av kulturtilbod å velje mellom – teater, konsertar, danseframsyningar, foredrag med alt frå unge kulturskuleelevar til kjendiser, lokalprodusert og utanfrå. Og denne våren får eg lov til å vere med.

«Velkomen til ei nær og personleg samtale mellom Solveig Vestenfor og Karen-Margrethe Erlandsrud – om livet, døden og kjærleiken, og dikt. Ei vaksen kvinne si stemme om fortida og for framtida.»
Eg får av og til spørsmålet: Kva er det slags bok du skal gje ut eigentleg? Eg svarar så godt eg kan: ALLER HELST VIL EG DANSE inneheld rundt 90 dikt samla i åtte bolkar. Dikta er utan enderim og teiknsetningsreglar har ikkje vore viktige for meg, men språket derimot. Då eg flytta attende til Ål, vart det naturleg å nytte ein nynorsk som ligg så nært inn mot hallingdialekta som mogeleg utan at eg bryt for mykje med rettskrivingsnormen.
På omslaget av boka skriv eg det slik:
«Når ein ser attende på eit liv med omvegar og beinvegar, gleder og uro, kjærleik og sorg, gir det meining å famne om det som kjem og håpe at ein får danse. Slikt kan det bli dikt av.»

Det jobbar flotte folk på Ål Bibliotek: Hilde, Viel, Kristin og Kirsten Lucie, som var på jobb då eg var innom biblioteket i går, – dei har alle tatt så godt imot meg. Det er ei glede å samarbeide med dei.
Dikta mine kjem innanfrå og dei fleste er inspirert av eigne opplevingar. Eg kjenner meg ganske modig som vågar å stå fram såpass naken og dermed også ganske sårbar. Eg er heldig som skal bokbadast av Solveig Vestenfor. Ho er ei grepa dame, – arbeidssam, effektiv, klok, men også mjuk.
Medan eg ventar på boksleppet, skal dikta mine få endeleg «godkjenning» og finne plassen sin mellom stive permar.
Språkvaskinga har så langt vore ei rein glede. Redaktøren, Mariann Oaland Roti, er lett å kommunisere med og me forstår kvarandre godt. Alt gjekk som smurt heilt til boka kom attende til meg etter ombrekking. Då var eg ikkje like nøgd. «Reknestykket» for kor mange boksider boka skulle ha, hadde liksom ikkje «gått opp». Eg måtte finne fem nye dikt. Det har eg gjort, – det var ikkje så vanskeleg, – men no må det vaskast og brekkast igjen. Me har tatt julepause. Me har jo god tid. Boka skal jo ikkje vere ferdig frå trykkeriet før i byrjinga av mars.

Dette biletet er frå sist eg vitja Ål Bibliotek med bok. Det var i 2016.
Her er eit av dei nyinnsendte dikta mine. Eg er spent på prosessen vidare og må seie at det å ha redaktør gir meirsmak.
INNE I OSS
I den mjuke flekken
langt der inne
i oss
gøymer me kvart vårt
hemmelege verdsrom med
alt
det som kunne ha vore
Lengten
ingen veit om
Draumen
me aldri nemner
Små drops under hovudputa, slike
me smattar på
før svevnen kjem
Dansen me aldri fekk danse
…
Samstundes med arbeidet med boka har sjølvsagt juleførebuing og førjulsopplevingar stått på programmet.

Tomatsild, blomkål-pickles og nedlagt raudlauk er ferdig på glas.

Me er heldig på Ål som kan velje mellom mange julekonsertar. Torsdag hadde Ål-koret med gjester konsert i kyrkja med vakker både song og musikk. Dette biletet er frå taket i vakre Ål kyrkje.
Det mest krevjande for meg i denne prosessen er å ringe for å gjere avtaler med bokhandlarar, journalistar og bibliotek. Sjølv om det er folk i Lyrikkforlaget som driv med promotering, må eg sjølv gjere ein innsats for å kome i kontakt med dei rette folka. Det er flaut å måtte markedsføre eige produkt, men eg forstår godt at jobben må gjerast. Heldigvis er det berre trivelege folk å møte på over alt og dei aller fleste set pris på å bli kontakta.

Dette biletet vart tatt ein dag i oktober då eg stakk innom på Ål Bibliotek for å fortelje at det kom til å kome bok.
Det aller sterkaste håpet mitt for boka og for dikta er at dei som les vil finne minst eitt dikt som treff og som dei kan kjenne seg att i. Det hadde gjort meg glad.
Eg kjem til å sende inn førehandsbestillingane no før jul, så dei som vil ha boka direkte frå trykkeriet, må reagere raskt.
Heilt til slutt i dette blogginnlegget; her er eit bilete av det vakre ljoset me har her på Ål no desse dagane når solskinet ikkje når oss.

Eg ynskjer alle fine desemberdager og ei glad og fredeleg jul.
Helsing frå
Karen-Margrethe
