Kjære folk!
Nyårskvelden er over.
Saman med gode vener har eg hoppa inn i det nye året.
No har eg krølla meg saman i sofakroken. Det er tid for å nyte dei siste restane av juleraud familieglede og for litt ettertanke og litt framtidshåp, – alt til akkompagnement til Nyttårskonsert og Hoppveke.

Gårsdagens stjernefeiring
Dersom eg skal gjere opp status, kjenner eg på takksemd for små og store ting i det året me har bak oss:
– det viser seg at det kan gå bra sjølv når ein trur at alt håp er ute
– å vere saman med gode vener skapar gleder som varar og varar
– familie vil alltid vere det aller viktigaste
– det er slett ikkje så farleg å bli såpass gammal at det er sju-talet som viser talet på levde tiår
– når einkvan ser at sjølvkjensla krympar og hen bryr seg
– så godt det er å bli mottatt med smil og glede i staden for med skepsis
– tildelte oppgåver som gjer at ein møter nye menneske og kan glede seg til neste gong
Men når eg tenkjer attende på 2023, er det fyrst og framst tre ting som tek plass:
1.

Turen vår til Canada og Alaska gav oss mykje som me alltid vil bere med oss vidare. Det er ikkje berre i ungdomstida me kan samle fyrstegongsopplevingar. Her frå Glacier Bay.
2.

Me er alle sårbare og hallingane fekk verkeleg vist praktisk medkjensle då uvêret Hans råka dalen. Folk gav kvarandre husrom, smurte brødskiver, flytta stein, stod vakt og tok i eit ekstra tak. Dette biletet er frå ein tusletur i nærområdet før uvêret sette i for fullt.
3.
Eg er ikkje av dei som vanlegvis bannar ofte og mykje. No, i byrjinga av det nye året, ynskjer eg meg ei verd som er slik at det ikkje blir like vanleg at eg knyttar neven og nyttar alle dei styggaste orda eg kan, når radio og fjernsyn presenterer dagens nyhende.

Henta frå Facebook-sida til Flyktninghjelpen
Då har eg visst gått over til å sjå framover.
Eg veit at eg ikkje fullt ut klarar å forstå kor heldig eg er som er trygg, mett og varm og som i tillegg har så mykje å glede meg til og glede meg over.
Eg veit at eg har sagt og skrive det ofte; eg er heldig som bur i ein kulturkommune som også har eit godt organisert frivilligarbeid. Dette gjer at eg alltid har mange både opplevingar og oppgåver å sjå fram til.
Når det gjeld opplevingar, vil eg spesielt nemne låven i Votndalen. Låven vart bygd i 1930, men no er den under utvikling til å bli ein unik kulturscene. Sidan 2019 har ålingar og tilreisande kunna oppleve sommaropera og nyttårskonsertar i og ved den gamle låven. I august er det planlagt at operalåven skal stå ferdig til bruk uansett vêr og temperatur. Det er berre å glede seg.

Dette biletet tok eg då me venta på at førestillinga i operalåven skulle byrje for to dagar sidan. Det var kaldt, men flott.
Sjølvsagt kan eg heller ikkje unngå å nemne at eg er spent på og gler meg til boklanseringa 14. mars, men det kjem eg sikkert til å skrive meir om når datoen nærmar seg.
Nyttårsforsett? Nei, eg driv ikkje med slikt, men eg har skrive dei same «hugselappane» til meg sjølv i år som i tidlegare år:
1. Alt er alltid under utvikling så ver budd på endring
2. Alle har sitt og dei færraste går fri. Ver derfor raus med smil uansett kven du møter.
3. Ver takksam for dei små gledene.
4. Ikkje driv med slikt som ikkje bør hamne på ei avisframside.

Me trivst framleis like godt i det gamle huset i den langstrakte fjellkommunen.
Ha eit god nytt år, kjære alle, og måtte det gå betre på alle måtar enn det pessimistane rundt oss trur.
Helsing frå
Karen-Margrethe
