Me har skåla for det nye (det går heilt fint å skåle i alkoholfritt), takka for det gamle (sjølv om slett ikkje alt var noko å takke for), delt gode ynske (lett oppgåve), dansa i høge hælar (det er ljug) og stått tett saman ute i kulda for å sjå ljoset frå fyrverkeriet (sjølv om eg eigentleg er imot dette tullet). No har dansemusikken stilna og glitter og tyll har funne att plassen sin lengst bak i skåpet. Nyårsfesten er over.
Eg har krølla meg saman i eigen sofakrok. Det er tid for å nyte dei siste restane av juleraud familieglede. Om eitt par dagar er nok alle julesakene rydda attende i pappeskene sine og jula er ute og borte for i år. No i dag er det også tid for litt ettertanke i ro og fred og for å leite fram litt framtidshåp.

Dette fine armbandet med teksten HÅP og gullsløyfer fekk eg i julegåve. Me er mange som ved å bera dette enkle smykket, viser at me står saman i kampen mot barnekreft.
Aller fremst i tankerekkja mi står takksemda for små og store ting og for små og litt større menneske. Familien vil for meg alltid vera det aller viktigaste. Familien vår er både stor og såpass særeigen at me tøysar litt av og til med at me ikkje har familietre, men at me i staden har ein familiehekk. I hekken finn me mine born og dine born, ste-ar og bonus-ar, eksar og nykomarar. Når det skjer at einkvan vender seg vekk frå hekken, medfører det ofte at nye kjem til for å freiste å slå rot. Heile hekken treng både gjødsel og stell for at alle plantene skal trivast og kjenne seg heime. Heldigvis er me mange som står for dette plantestellet.
Eg trur at uansett korleis familiar ser ut, så har alle mødrer og bestemødrer det same ynsket no rundt nyttår: Måtte alle vera friske, glade og snille mot kvarandre, – for det er slik at dersom alle har det bra, så har mor og bestemor det bra. Slik er det berre.

Eg let att augo og sender varme nyårstankar til alle «våre». Måtte det nye året bringe glede, fred og gode opplevingar.
Som nummer to i køen for takksemd står vener. Å vera saman med gode vener skapar ei glede som varar og varar. Dei verkeleg gode venene treng ein ikkje å møte ofte for at venskapen skal halde seg. Dei kan bu langt borte eller vera så travle med sitt at me ikkje får høve til å møtast så ofte, – men når me treffest, så er det som om me såg kvarandre i går. Praten går vidare utan at me må leite for å finne på noko å seie. Me kan vera heilt oss sjølve, – for me veit at me likar kvarandre uansett. Det aller viktigaste er at dersom det ein dag verkeleg røyner på, så vil desse venene stille opp. Gode vener må me ta godt vare på. Dei er livsviktige.

Her står eg klar for fest i brudgomsvesten til far min og i eit skjørt eg har sydd om frå ein gammal selskapskjole. I slike klede er det morosamt å pynte seg litt.
Eg er også heldig som bur ein stad der eg blir spurt om å ta på meg oppgåver som igjen gjer at eg møter interessante menneske og har mykje å gle meg til og gle meg over.
Sjølv om eg no på starten av det nye året ikkje må slite med å finne mykje å vera takksam for, må eg samstundes også ta inn over meg alvoret. Når me skrur på fjernsynet eller opnar ei avis, kan me lett få inntrykk av at alt går til helvete og at ingenting nyttar. Me har ein altfor lang veg å gå før verda er rettferdig og trygg. I tillegg til rapportar om krig, natur- og klimakrise, ser me tal som fortel at heile 83% av dei som bur i denne verda ikkje har lov til å utøve trua si slik dei vil, at meir enn 40 millionar lever under ein eller annan form for tvang eller slaveri og att meir enn 10% av menneska på jorda lir av svolt.
Er det håplaust?

Me må ikkje gje opp!! Her er ei lita håp-liste, – eller kan eg kalle ho ei arbeidsliste?:
– Over alt på jorda bur det folk som arbeider for at jorda vår skal bli ein god stad å bu. Me kan alle vera eit slikt menneske.
– Det er sikkert ingen som veit kor mange det er her i verda vår som har valt å støtte ein organisasjon som arbeider for internasjonal solidaritet; folk som har gjort eit aktivt val om å ikkje bli seg sjølv nok. Organisasjonane er mange. Det er berre å velje.
– Eg reknar med og håpar inderleg at me alle tittar utanfor eigen nasetipp og langt utanfor eige gjerde når me vel kva for eit politisk parti me skal stemme på når hausten kjem.
– Me må ikkje undervurdere den makta me har i lokalsamfunnet, på sosiale medier, som forbrukarar og som aktive medlemmer i eit demokrati.
– Det blir gjort frivillig arbeid på fleire plan i alle kommunar, både av organisasjonar, i bedrifter og av private. Det er berre å henge seg på.
– Det norske folk er på toppen når det gjeld forbruk. Dette kan kvar og ein av oss prøve å gjera litt for å bøte på ved blant anna å ikkje kaste mat, reparere i staden for å kjøpe nytt og å sortere og pante.

Det kom snø i natt. Heile den vesle verda vår ligg no kvit og uskuldsrein.
Det er sagt millionar gonger, men det er framleis sant: Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt for å skape ei verd som er litt betre og meir rettferdig for alle.
Eg ynskjer oss alle lukke til.
Framover
Får eg bli
i denne dalen
ved dette bordet
lenge nok
til å freiste å gjera alt
ferdig?
Eg vil tru på det nye året
Tru at det kjem sjansar
til å finne nye vegar
Eg takkar
og gler meg

Med håp om eit godt og fredeleg nytt år for oss alle.
Helsing frå
Karen-Margrethe

Takk for gode, varme, sanne og ekte
ord. Jeg storkoser meg når jeg leser. Du skriver så bra. 🤩
LikerLiker
Tusen takk❣️
LikerLiker
Hei på deg, Karen Margrethe. Det er en stund siden du hørte fra meg sist. Men jeg leser fortsatt det du sender med stor interesse. Er det blogg det heter?. Du er kanskje ufrivillig blitt en sånn derre influencer? Influencere har jeg et ambivalent forhold til. Men DEG har jeg sansen for, og tankene dine tar jeg til meg. Apropos barnekreft-saken, så har jeg engasjert meg litt i den, litt indirekte riktignok : jeg er med i Lions, og et av hovedsatsingsområdene for Lions er nettopp barnekreft-saken. Godt nyttår!
Hilsen Helge i Kongsvinger
LikerLiker
Hei, Helge! Det var veldig hyggelig å høre fra deg!! Så bra at Lions jobber med barnekreftsaken. Vi er dessverre direkte berørt, i og med at vårt yngste barnebarn, to og et halvt år, er rammet av leukemi. Håper alt er bra med deg.
LikerLiker
Hei, Helge! Det var veldig hyggelig å høre fra deg!!
Så bra at Lions jobber med barnekreftsaken. Vi er dessverre direkte berørt, i og med at vårt yngste barnebarn, to og et halvt år, er rammet av leukemi.
Håper alt er bra med deg.
LikerLiker