KORLEIS STÅR DET TIL?

Kjære folk

Korleis står det til, spurde han.
Fint, svara eg.
Sjølvsagt svara eg det. Eg har absolutt alt eg treng, har ikkje vondt nokon stad, alle i flokken min er gode vener og den tidlege våren er solrik og vakker. 
Likevel … dersom eg tenkjer etter og tek verdssituasjonen med i vurderinga mi, så er det alt anna enn fint. (Dette blogginnlegget treng pynt. Den oppgåva overlét eg til våren)

Den tidlege våren skapar forventing om gode dagar. Årets fyrste hestehov fann eg i dag i ein støvete vegkant nedanfor huset vårt.

Av og til er eg litt engsteleg, andre gonger trist og ofte kjenner eg på avmakt. Eg trur ikkje at eg er aleine om å ha det slik. Trump ynskjer å bli konge og er i full gang med å prøve å snu heile verda til eigen fordel, Putin har stygge planar om å vinne den krigen han har sett i gang, det er registrert meir enn 122 millionar flyktningar i verda, isbreane smeltar i rekordfart og menneska på Gaza er ramma hardare enn det nokon av oss kan klare forstå. 

Dagleg blir me bombardert med nyhende om kva presidenten i USA har sagt eller signert, om omfattande russiske droneangrep og om trugslar frå Israel om å okkupere Gaza permanent.

Er det rart at mange av oss nyttar tida vår til å sjå på videoar av søte kattar og babyar som vaknar smørblide etter middagskvilen sin? Me treng trøyst, for det kjennest rett og slett umogeleg å tru på at det går an å redde denne verda vår. Likevel må me ikkje gje opp, men klamre oss til dette Nelson Mandela-sitatet: «Det virker alltid umulig før det er gjort».

Ein modig, liten krokus i blomebedet

Me er mange som kjenner på behov for å seie ifrå, protestere og aksjonere. Me vil jo gjerne vera besteven med den indre stemma vår, ikke sant? Difor kvittar folk seg med Teslaen sin og set i gang aksjonar for boikott.
(Her hos oss leitar me nøye på pakningane for tida for å finne ut kvar varene kjem frå.)

Ein ting er i alle fall heilt sikkert; ingenting blir betre dersom me set oss ned for å sture. 
Det blir kanskje bitte lite grann betre for ei bitte lita stund dersom eg viser fingeren til Putin når han viser seg på TV´n, bannar til Netanyahu og høglydt kallar Trump ein liksomkristen, homofob narsissist. Diverre varar kjensla berre eitt par sekund. Eg har jo ingen kanal inn til dette maktsjuke gubbeveldet. Eg må tenke annleis. 

I dag var det godt å sitje ute i solskinet ei stund

Det er ikkje slik at det er Trump og Putin som skal bestemme korleis framtida skal bli. Kva slags veg verda skal ta, er slett ikkje berre opp til dei. Me må halde oss vakne, lære, lytte, ta stilling og ta vare på oss sjølv slik at me kan nytte kreftene våre der det trengs.
Hovudoppgåva til kvar einskild av oss må vera å ta vare på oss sjølv og den nære sirkelen vår.

Vakre Strandafjorden i solskin

Så altså:

  • Det er eit samfunnsansvar å syrgje for å kunne klare seg sjølv i minst ei veke. Å vera budd, er ikkje krisemaksimering. Det er rett og slett sunn fornuft.
  • Her i landet har me ein lang og stolt tradisjon for å ta i eit tak for fellesskapet. Det fine er, at å ta seg tid til å hjelpe andre, verkar positivt på eige humør og tilfører eige liv meir meining.
  • Eg les ikkje kommentarfelt. Det bryt meg ned. Eg orkar ikkje slik total mangel på folkeskikk og bruk av karakteristikkar som ingen vil finne på å seie høgt direkte til den dei skriv om.
  • Eg går fort, for det set i gang produksjonen av endorfinar, som er kroppen sitt lykkehormon, – og eg syng, for det dempar stress.
  • Ein del frustrasjon og vanskeleg tankar blir eg kvitt når eg skriv. Eg har blant anna ei lita bok der det på kvar side er plass til eit lite sukk, ein takk eller ei uro. Boka tek imot alt, og når eg har lagt det frå meg i den vesle boka, kan eg tenkje på noko anna.

Eg trur på mennesket og har tenkt å fortsette med det.
Eg trur på menneskeleg engasjement og har tenkt å fortsette med det og.
Me må aldri slutte å kjempe for det me trur på.

Heilt til slutt:

Verdsnaturfondet ber oss om å slå av lyset. Kampanjen har som mål å minne oss og politikarar om at natur- og klimakrisa krev akutt handling.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

3 kommentarer om “KORLEIS STÅR DET TIL?”

  1. Takk for veldig mange gode tankar!
    Eg har alltid tenkt på at vi alle lever i vår eigen verd. Vi er snart 8 000 000 000 menneske på denne jorda. Vi er av dei mest privilegerte, og vår velstand meiner vi skal vekse.
    Kvar ei av oss lever på mange måtar i vår «eigen verd». Når alle desse 8 milliardane vaknar om morgonen legg dei ei plan for dagen – i denne plane er kvar ein av oss «sentrum» – det meste dreier seg om kva me skal få ut av dagen. Me tenkjer på dagen i dag og dagane som kjem – heile tida er me sjølve i sentrum, sjølv om mykje av det me gjer dreier seg om andre.
    Eg trur at det må vere slik, men det er veldig lett for at egoismen fer overtak og at me ikkje trur på vel. Vi ser grannane i andre delar av verda som svelt og frys, men vil me dele? Kanskje vil me dele i ord, men ikkje i reell handling. Vi har store hus, hytter og bilar, og me flyg omkring i heile verda på ferier og lever i sus og dus. Andre dei eig ikkje meir enn det dei går og står i. Berre 6-7 % av verdas befolkning har vore oppe i fly.
    Men, gjer me noko med det? Svaret er vel at dei færraste av oss er viljuge til å dele.

    Med helsing
    Harald Valved

    95864411
    Bjørnstjerne Bjørnsonsveg 98A
    6410 Molde
    Norway

    Likt av 1 person

  2. Hei, veldig mange av oss har nok til at vi kan dele, gi til fadderordning i land som trenger det, gi til de mange v organisasjoner som står på for å hjelpe folk med sult og sykdom og vi kan gi vennlighet til de rundt oss. Jeg heier på de unge som er etter oss pensjonister, de står på med utdanning, jobb og familie og deltar i samfunnet, håper det er snart deres tur så de gamle som klamrer seg til makt og egen vinning snart er over og ut. Heia de flotte barn og unge, de må vi pensjonister applaudere og støtte .

    Likt av 1 person

Legg igjen et svar til Ruth Synnøve Avbryt svar