EG ØVER

Kjære folk

Dette blogginnlegget handlar om noko som eg prøver å fokusere på for tida.
Sjølvsagt tenkjer eg mykje på boklansering og alt rundt det, men livet handlar, på godt og vondt og heldigvis, om meir enn det ein sjølv finn på å engasjere seg i. (Bileta i denne bloggen er frå noko av det som har vore min oktober så langt.)

10. oktober var det Verdsdagen for psykisk helse. I samband med det vart det arrangert fakkelvandring Elvelangs. Eg skulle stå i gapahuken og fortelje for borna. Det kom to-tre ungar, ein baby og rundt 40 vaksne som fann fram barnet i seg og høyrde smilande etter medan eg fortalde om den vakre, grøne dragen som kjende seg så einsam og aleine.

Men så til oktober-temaet: 
Eg trur på å aldri slutte å øve. Dersom me ynskjer å få til noko, bli betre til eller slutte med noko, må det øving til.
«Øving gjer meister», heiter det. Det betyr jamleg repetisjon, – om att og om att til det sit slik det skal. «Me lærer så lenge me lever», heiter det også, men det betyr ikkje at me kan slappe av og la livet gjera jobben, for dersom me ikkje øver, så kan me risikere at me legg oss til uvanar som blir vonde å venje seg av med.

Dette biletet har eg stole (eg håpar på tilgjeving) frå Hallingdølen som hadde eit oppslag om meg og den nye boka mi laurdag 11. oktober. Overskrifta var «Viss eg skriv og legg det i ein skuff, finst det liksom ikkje». Dette fortel noko om grunnen til at eg ynskjer å gje ut bok. Dessutan så elskar eg å lesa og fortelja for folk som ynskjer å høyre på. Eg gler meg til å få gjera det i november.

To av dei tinga eg gjerne vil prøve få til betre er: 
1. Å klare å seie nei utan å kjenne på skuld og dårleg samvit:
2. Å slutte å bekymre meg fullt så mykje som det eg gjer

Eg vil gjerne vera hjelpsam og kjenner ofte på eit sterkt ubehag når eg seier nei. Slik er det sjølv om eg veit at helsa mi stort sett ikkje har godt av at eg har mange avtalar på den same dagen. Så eg øver.
Fyrst må eg øve på å meine at alle må tåle å få eit nei av og til, og i tillegg må eg øve på å tru på at eg ikkje vil bli mislikt og venelaus sjølv om eg takkar nei.
Deretter må eg øve på å gjera det slik eg har bestemt meg for. Det er ikkje lett, men den siste månaden har eg heile to gonger erfart at det går bra å seie nei. Eg fekk ikkje vaksenkjeft og eg sit ikkje att venelaus.

Her sit eg på ferja frå Gøteborg til Kiel. 
For ei som er gift med ein tyskar, er ein handletur til Tyskland visstnok heilt naudsynt å gjennomføre i god tid før desember kjem. Me MÅ nemleg ha Stollen, Spekulatius, Dominosteine, Lebkuchen og Lübeckermarzipan i huset, – elles blir det visstnok ikkje korkje advent eller jul.

Det neste steget er å øve på å seie nei utan å måtte gje ei detaljert forklaring på kvifor. Det sit langt inne, – i alle fall dei gongene den ærlege forklaringa mi eigentleg er at eg ikkje har lyst.
Når eg tenkjer etter, så handlar vel det å klare å seie nei, mest om å våge å seie ja til seg sjølv. For meg var dette enklare før då det var synleg for alle at eg hadde 100% jobb og vel så det, pluss hus, heim og ungar. No, som ein litt gammal, men ganske energisk pensjonist, er det vanskelegare å setja grenser. Dessutan så vil eg jo gjerne få med meg så mykje som mogeleg av det som skjer, og det er jo både stas og moro å få lov til å bidra både her og der. 

Kva blir konklusjonen? At eg kjenner meg som 43 inne i hovudet og må øve meg på å akseptere at kroppen nærmar seg 73?

16. oktober vart ein kveld med intim og varm jazzstemning.
Silje Nergaard m/band vitja Ål for å presentere det nye albumet sitt «Tomorrow We`ll Figure Out the Rest» Ho presenterte også andre songar som har sett seg fast i hjartet mitt, som for eksempel «Be Still My Heart». Berre så synd at det ikkje var fullt hus.

Eg har også ei anna lita øving på gang. Eg veit at å bekymre seg for nære og kjære i tide og utide er ein svært unyttig strategi. Det kjem ikkje noko som helst godt ut av at eg sit her og er redd for at folk eg bryr meg om ikkje har det bra. Eg kan heller ikkje ringe dei kvar dag for å forsikre meg om at dei er glade.

Eg øver på å ikkje engasjere meg i slike tankar som gjer at eg bekymrar meg. Eg registrerar dei og freistar å la dei passere. Det funkar innimellom også godt å flytte tanken over på noko heilt anna. 

Ingen, korkje eg sjølv eller andre, har glede av at eg slit meg ut på å bekymre meg. Mi øving går altså ut på at dersom eg ikkje kan vera til hjelp med noko eller bidra med å løyse eit problem, så skal eg ikkje engasjere meg. Sanninga er jo også at det svært sjeldan er noko å fikse opp i. 

Her har eg fått utdelt kølapp nr 86 og sit klar for vaksinering i Ål Idrettshall. Det er fint å vera såpass gammal at kommunen passar på å planlegge slikt for oss.

I november vil nok bloggen min heilt sikkert innehalde både bilete frå og tankar om bibliotekvitjing og bokpresentasjon. 

I går var me på Ål Kulturhus og såg «I vårt sted», ei kritikarrost og prisvinnande forestilling som viste seg å vera både morosam og tankevekkjande. Medan me venta på å få kome inn i salen, kom reklameplakaten for poesikvelden opp på tavla.

Kanskje me sjåast på Ål 7. november, i Våler 20. november eller i Elverum 21. november? Fram til dette skjer skal eg planlegge litt, øve meg litt meir og grue meg bitte lite grann til alt dette som eg gler meg veldig til. Eg trur det blir fint.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Én tanke om “EG ØVER”

  1. Jeg må innrømme at jeg sjelden leser blogger, men jeg leser din når jeg får den på mail eller dumper borti den på FB. Alltid artig å lese og du skriver godt om alle livets små og store begivenheter! Nå gleder jeg meg til å møte deg på boklanseringen på biblioteket i november.
    Vi koser oss, som dere, med familie og venner, pluss ulike kulturelle innslag iblant. I dag var vi 9 rundt frokostbordet. Da føler vi oss rike og heldige som har barn og barnebarn som vil være sammen med oss! 🥰Ha en fortsatt fin høst!
    Hilsen Anne-Karin 💚

    Sendt fra min iPhoner

    Liker

Legg igjen et svar til stjertmeisjenta65 Avbryt svar