Kjære folk
Slik eg også har skrive i tidlegare førjulsblogginnlegg, så er det slik at han eg bur saman med berre må ha seg ein adventstur til Tyskland. I år gjekk turen til Bremen. Denne vesle storbyen har fleire julemarknader. Det største er på plassen framfor det gamle, vakre rådhuset, medan eit anna utan så mykje jule-krimskrams, ligg idyllisk til ved elva Weser.

Når Thomas har kjent smaken av Glühwein, fått seg eitt par måltid med tradisjonell tysk mat og vandra gjennom ein marknad eller to med den unike atmosfæra som finst der, då kan me dra heim att og nyte norsk førjulstid.


Eg både likar og mislikar jula. Dei siste tretti åra har eg påstått at jula er best for dei som har den gammaldagse kjernefamilien sin intakt, har svært god råd og elles har alt anna på stell. Kor mange av oss kan eigentleg seie at me har det slik?
Er me eigentleg tilhengjarar av glorete julepynt (som også aller helst bør fylgje jule-motetrendane), kjøpepress, julemusikk heile tida, julemarsipan frå midten av november, krampekos og adopterte, amerikanske juletradisjonar? Tja.
Kva er eigentleg viktig for oss no når jula snart står og ventar rett utanfor ved dørstokken vår? Eg vel å vera glad i julestemning, gle meg over dei små, fine stundene og prøve å ikkje irritere meg for mykje over slikt eg gjerne skulle ha vore for utan.

Eg ser på meg sjølv som heldig som får feire jul i eit gammalt hus med mykje historie. Her er det lett å gjera jula vakker. Då må eg skunde meg å legge til at for meg er definisjonen av vakker «slik vil eg ha det». (Den same definisjonen har eg forresten når det gjeld alt frå tallerknar til mannfolk.)
Jula er tid for tradisjonar. Difor er det viktig å finne fram slikt som gjer at det ser ut som mi/vår eiga jul og ikkje som kven som helst si jul. Å pynte til jul handlar absolutt ikkje om perfeksjon og dyr design.
JUL HEIME
Så legg eg den siste biten
på plass i puslespelet, den
som er minnet
om slik det var
Ljoset frå barndomen
siv inn gjennom dørsprekken
tonar ut frå radioen
lyser frå juletreet
adventstaken
frå minner om mor si røyst
far sine hender
ein gammal song
som alltid har vore der
Eg er heime, men
lengtar heim
Eg har som målsetting å vera til stades og kjenne på her og no uansett om eg er i finstasen eller i kosebuksa, – uansett om eg er aleine, me er to-saman eller saman med mange. Eg veit at eg er av dei heldige. Eg veit at eg har det godt. Eg veit at jula kan vera sår. Eg veit at eg kjem til å lengte også dette året. Eg veit at eg har mykje å gle meg over.
Før mildvêret kom på vitjing til oss her på Austlandet, hadde snøen pynta så vakkert langs alle vegar og rundt alle hus. Den vesle julegrana vår, som me planta for fire år sidan, stod så kvitpynta og vakker.

rundt den vesle grana vår. Månen
hjelper til. Eg
står og ventar
på at førjula skal samle
meg, men
tvilar på at det er
tid nok
Kvart einaste år i november startar den same debatten: Når er det ok å byrje å høyre på julemusikk? Eg er gammal nok til å gjera som eg sjølv vil. På julespelelista mi har eg blant anna The Real Group, Silje Nergaard, Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga, Pentatonix og Oslo Gospel Coir. Dei sistnemnde har i fleire år skapt julestemning med songen «En stjerne skinner i natt». Eg er nok ikkje aleine om å ha funne trøyst i «Englene synger høyt i kor. Synger om fred på jord. Verden var aldri helt forlatt. En stjerne skinner i natt.»
I desember er det også fint å bu slik til at ein kan tusle av garde og få med seg julekonsertar. Dersom det er julestemning me er ute etter, er musikk til god hjelp. Eg har vore tre stader med vakker julemusikk denne månaden:



Storfamilien vår er spreidd over store delar av Austlandet. Sidan me ikkje får til å samle alle, må me ta ein to-dagars førjulsrundtur for å utveksle knuseklemmar, levere gåver og ynskje dei me er glad i ei god og glad jul.
Eg veit at det finst dei som har slutta med å gje julegåver. Eg trur at gåver er ein viktig del av kjærleiksspråket mitt, så det kjem nok eg aldri til å slutte med.
NB! På Torpo gjestemottak bur det no 320 ukrainarar. Aktivitetskoordinatoren der vil gjerne at alle skal få ei personleg julegåve. Det bør me klare å få til saman!

HO KJEM MEG I MØTE
No kjem jula meg i møte
I bagasjen har ho minner om
bord dekka til fire
kakeboksar med nissemotiv
reven som raskar over isen
og
moltekrem
Ho kjem meg i møte med
ekko frå gnistrande frostdagar
polvotthender som fekk leie
lys i alle rom
og
dorullnissar
Her kjem ho
medan kyrkjeklokkene
skavar av
det hudlaget eg har brukt
eit heilt år på
å snekre
sparkle og pusse
Så kjem dei gutane
som har sylv i røysta
og skavar av
endå eit lag
Eg ynskjer for alle som les dette at jula kjem med fred og glede, med gode stunder og fine augneblinkar som me kan gøyme i hjartet og ta fram att ein dag me treng noko godt å sjå attende på .
Helsing frå
Karen-Margrethe
