Kjære folk
Me har gått inn i eit nytt år med rapportar om krig, svolt, klimakrise og naud. Dei aller fleste nyttårstankane dette året handlar difor om slikt som kvar og ein av oss føler at me ikkje kan bidra så mykje for å endre, – men me klamrer oss til håpet.

Trass i det urolege og vanskelege verdsbiletet me blir presentert for, vel eg her og no å vende meg og nyttårstankane mine innover.
Eg trur at mykje av det eg skriv om her i dag, er slikt det ikkje er hjelp i å fortelje folk. Dersom dei ikkje veit det frå før, må dei erfare det sjølv for fullt ut å kunne forstå at det er sant. Det eg skriv om i dag handlar vel eigentleg om kor fint det er å lande i eigen alder og å vera glad for det levde livet. Eg reknar med at godt vaksne som les dette, kan kjenne seg att. Kanskje dei som førebels ikkje definerer seg som litt gamle, kan få litt nyttårshåp.

Eg har erfart at det er kjempedumt å ta alt mogeleg innover seg og gjera alt personleg. Dersom eg meiner at eg har hatt ein dårleg dag, at eg har gjort meg ut og slett ikkje har vist fram dei beste sidene mine, så er det berre å rette ryggen og vandre vidare. Det er jo ingen andre enn eg som bryr seg om meg, om mine feil og mine flauser. Eg er den einaste som tenkjer like mykje på meg som det eg gjer sjølv. Alle dei andre er mest opptekne av seg. Slik er det! Til og med dersom andre sleng ut noko som eg opplever som ein negative kommentar, så handlar også det som oftast om dei og ikkje om meg. Dersom eg blir usikker, er det berre å spørje. «Kva meinte du med det?» Tru meg: svaret er alltid av ein slik art at det er til å leva vel med vidare.

Det andre eg har tenkt på, er at uansett kor vondt ting gjer her og no, så vil det, den dagen me ser attende på det, vise seg at den kampen me stod i, på sikt endra livet til det betre. Alt det eg har trudd ville smerte resten av livet, har vist seg å vera verdt å kjempe seg gjennom.
For meg har det også alltid vist seg at det har vore lurt å snakke om ut om ting. Eg har aldri angra på at eg har tatt opp noko, fått det ut og prøvd å bli kvitt det.
Det tredje eg vil nemne, som eg fyrst no har forstått, no som eg er ei litt gammal dame, er at eg ikkje har fått med meg verdien av ting eg har opplevd før eg har sett attende på det som eit minne. No kjenner eg meg heldig som har mange slike vesentlege augneblinkar å sjå attende på. Eg har mine. Du har dine.
Det triste er at eg forstod dette for seint, – men det nyttar jo ikkje å angre på at ein ikkje tok betre vare på dei små augneblinkane saman med dei som no er borte. Å angre hjelper ingen. Det er betre å kjenne på takksemd for alt det gode som var og hugse å ta vare på dei augneblinkane som kjem.

Me ber alle barndomen og oppveksten vår med oss i bagasjen. Her er eit lite dikt om den styrken eg trur at eg har med meg frå mi tid som liten unge og som utålmotig ungdom.
HJARTET MITT
Der eg kjem frå
vart hjartet mitt til
Ein firedel berg oppe i dagen
ein femdel elvesus og skogsbotn
ein tidel slikt som samspel, korsong og pardans
to store delar mjuke fang, høgtlesing og trøyst
Resten er mørt og mjukt
klart for å
raudne og rivne
bivre og blø
gå sund
ein gong til
Ein siste nyttårsrefleksjon frå meg:
Kvar gong eg har feila, kvar gong eg har våga å prøve noko nytt og kvar gong eg har valt å fylgje den indre stemma mi, har dette representert eit musesteg fram mot den eg er i dag og det livet eg har her og no.

Har eg nyttårsforsett? Nei. Eg nøyer meg med å håpe. Eg håpar at me får halde fram med å feile, våge og prøve også i det nye året. Kanskje sit me endå sterkare og klokare når det neste nyåret kjem.

Nokre av oss har kanskje gått inn i 2026 med frykt og uro. Eg vel å møte det nye året med håp om fred, fellesskap og indre ro.
Eg ynskjer meg eit felles nyttårsforsett som alle kan samlast om:
I år skal me vera snille mot kvarandre.
Helsing frå
Karen-Margrethe

Fine og kloke ord fra deg. Vegen har vært humpete med motgang og sorger, men vi sitter med masse livserfaring.
Nå håper vi på et godt nytt år! 💖
Klem fra meg!
Sendt fra min iPhone
LikerLikt av 1 person