FULL KONTROLL?

Kjære folk

Eg innrømmer det gjerne; eg likar å ha kontroll. Men no om dagen, når ein president, i det me til no har kalla verdas største demokrati, går til direkte angrep på menneskerettane og fullstendig har slutta å bry seg om internasjonalt regelverk, kjenner ein seg makteslaus og utan kontroll. Difor, når eg no set meg for å skrive, må eg konsentrere meg om å ha kontroll på det vesle, nære livet. Og når eg tenkjer etter, så er det meir enn nok å ta fatt i der også.

Bileta på bloggen min i dag er frå ein av desse vakre, blå januardagane når sola stadig kryp nærare og nærare dalbotnen. 

Heime

Den gongen, for omtrent hundre år sidan, då eg var sjef, var kunsten å delegere det eg måtte jobbe mest med. Å delegere er jo det same som å gje ifrå seg noko av kontrollen, og den kunsten er ikkje den enklaste å utøve for slike som ynskjer å ha kontroll på alt. Eg lærde meg teknikkar, eg øvde og eg bad om attendemelding. Det viste seg at det er mogeleg å trene seg betre på det aller meste.

For meg er det viktig å ha kontroll på det meste sjølv om eg ikkje er sjef over andre enn meg sjølv. Me bør jo alle ha kontroll over bruken av eigne pengar og over alle dei kvardagslege gjeremåla våre. Dette bør gå nokså greitt dersom me ynskjer å ha eit godt kvardagsliv. 

Me klarar vel også stort sett å ha kontroll over eigne handlingar, ikkje sant? For meg går det som oftast greitt å ha kontroll på korleis eg handsamar andre folk. Å vera blid og høfleg er noko eg fekk inn med morsmjølka, og eg klarar vel stort sett også å halde kjeften min dersom eg ikkje har noko hyggeleg å koma med. Det kan godt vera at eg tek feil, men slik trur eg no i alle fall om meg sjølv.

Det er fyrst når det kjem til kontroll over slikt som tangerar eller råkar kjenslelivet, at det kan bli litt meir problematisk. Det er jo slik for dei fleste av oss vil eg tru, at det rett som det er dukkar opp både tankar og kjensler som me slett ikkje ynskjer at skal halde hus i oss. I tillegg er det jo slik at kjenslene heng saman med resten av det å vera menneske. Korleis skal me kunne klare å ha kontroll over alt dette? Det er slett ikkje lett å vera sjef over eigne kjensler. Og delegering er jo ikkje på tale sjølv om det kanskje kunne ha vore komfortabelt å ha einkvan å for eksempel delegere bekymringane til.

Eit anna spørsmål som dukkar opp er kor stor kontroll eg eigentleg har på eigne haldningar og eventuelle fordomar? (For slike har me alle, om me vil vedkjenne oss det eller ikkje.) Klarar eg å halde det for meg sjølv eller tyt det ut gjennom kroppsspråket? Er eg som ei open bok der alle fritt kan lesa om mi misnøye, min irritasjon og mitt sinne? Får alle med seg at noko byr meg imot eller at eg har støytt på noko eg rett og slett ikkje kan tåle? Er det ok å ikkje ha full kontroll på eige kroppsspråk?

Eg prøver så godt eg kan, men har eg  god nok kontroll på eige reaksjonsmønster? Neppe. 

SAMAN
Eg sluttar ikkje ved huda. Den
er berre skalet
ikkje grensa
Aleine er eg ingen
søker alltid
eit oss

Alt det eg gjer
handlar om
å forstå og bli forstått
elske og bli elska
blikket som tyder «eg kjenner deg»
smilet som seier «eg ser deg»
Band
me ikkje kan knyte aleine

Deretter kan eg
krype inn att
i skalet mitt
takksam
glad
av og til såra

Me kan jo også filosofere over kor god kontroll me bør streve etter å ha. 

Ei viktig oppgåve for meg er å ha kontroll over eigne grenser. Klarar eg sjølv å bestemme kven som får lov til å tråkke meg svært nær, – kanskje heilt innanfor? Den kontrollen vil eg ha! Det skal mykje til før eg slepp folk heilt inn.

Det eg veit, er at eg ikkje har kontroll, og heller aldri kjem til å få kontroll, på kva andre tenkjer og seier om meg. Det er berre å godta at slikt kan ingen kontrollere. Difor er nok det aller beste å prøve å oppføre seg ut frå eige verdisett og så la vera å bry seg om kva andre meiner. 

Det er vel også viktig å freiste å ha kontroll over korleis me snakkar om og til oss sjølv. Det kan me kontrollere. Det kan me øve på. Eg veit at det er lurt å snakke fint til og oppmuntre seg sjølv inne i eige hovud. Slik eg skreiv heilt i byrjinga av dette innlegget: «Det viser seg at det er mogeleg å trene seg betre på det aller meste.»

Heit mot slutten av dette blogginnlegget vil eg nemne ein ting me alle må godta at me ikkje har kontroll over, og det er aldring. Kontrollere kan me ikkje, men eg veit at det er tre ting som er lurt å gjera for å få ein bra alderdom. Det er 
1. å eta sunt
2. å røre seg
3. å vera sosial.
Men at tida går, det kan ingen av oss kontrollere. 

Heilt til slutt; ein liten tur attende til Trump, og dette er viktig! Me må hugse at Trump ikkje kom ut av ingenting. Han vart boren fram av dei haldningane som fantes rundt han. 
På kvar vår vesle tue, må me gjera vårt for å ta vare på demokratiet.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Én tanke om “FULL KONTROLL?”

  1. Kjære Karen Margrethe! Takk for at du sender meg blogginnlegg. Jeg har ikke konto i WP og ønsker ikke å melde meg inn i flere plattformer. Det blir så mye å forholde seg til! Jeg har i midlertid veldig glede av dine tanker og kjenner meg alltid igjen i det du skriver. Det treffer alltid! Du skriver så godt og det er så nydelig å lese nynorsk. Jeg er forkjemper for nynorsken, selv om jeg sjøl ikke er vokst opp med det. Sjøl strever jeg med å få kontroll over mitt sinne! Jeg blir så rasende på dumskapen og ondskapen som skjer og som vi lar skje. Men, det hjelper ingen at jeg sitter som en udetonert bombe i sofaen hjemme. Den eneste det skader, er meg selv (og kanskje litt Per Ivar, som er en sindig fyr :)?) Jeg må virkelig øve meg på å la ting jeg ikke kan gjøre noe med, ligge. Det er mitt forsett og mål. I dag er Per Ivar vakt på skihytta på Svenkerudvollen. Jeg skulle vært med, men i stedet holder jeg meg innomhus og pleier en hardnakka hoste på sjuende døgnet. Nå er jeg skikkelig lei, men håper bedring er i sikte. Klem til deg og Thomas, to mennesker jeg setter stor pris på, selv om vi ses for sjelden. Klem Anne-Karin ?? ________________________________

    Liker

Legg igjen en kommentar