SMÅTING SOM KJENNEST SOM STORE

Kjære folk

Me kan ikkje, og eg vil ikkje, berre nytte dagen til å tenkje på den dystre verdssituasjonen. Eg vil skrive om glede!!

Eg trur kanskje at glede er det eg har skrive om flest gonger. I går sjekka eg på WordPress; eg har lagt ut 426 blogginnlegg til no. Eg veit at mange av dei handlar om glede. Eg hugsar innlegg om å glede seg over, å glede seg til, små gleder og gleda over å vera litt gammal. Men dei gledene eg skriv om i dag, har eg ikkje vore innom tidlegare. I dag handlar det om slikt som kanskje er lite, men som betyr så mykje
(Bileta i dette blogginnlegget er frå ein nyleg tur, full av glede, til Kristiansand)

Etter liberaliseringa av jernbanesektoren vart det etablert ei rekke togselskap i Noreg (Vy frå Ål til Drammen, Go Ahead frå Drammen til Kristiansand) Her er eg i Drammen for å byte både tog og togselskap. Men uansett: Eg elskar å ta toget.

Eg trur at den fyrste gongen eg tenkte over noko slikt som kan oppfattast som lite, men som kjennest stort, var i ein kø for å sleppe inn på ein konsert. Plutseleg høyrde eg ein latter som eg visste kven det var som laga. Det var ei som eg er veldig glad i som stod i nærleiken av meg og lo. Lyden av hennar glede fylte meg med berre gode kjensler. 

Latter er jo ein av dei tinga som er aller mest smittsamt i sosiale settingar. Eg trur faktisk at hjernen vår er programmert til å spegle kjenslene til dei me bryr oss om, og akkurat denne latteren fortalde meg at denne personen «min» var trygg og glad. Akkurat der og då vart difor verda ein fin stad å vera.

Konsert- og teaterhuset Kilden var ei oppleving både inni og sett utanfrå. Her fekk me med oss både ein symfonikonsert og eit teaterstykke av Strindberg. Visste du forresten at Noreg har sju symfoniorkester og at det eine av dei er i Kristiansand?

Det er ikkje lenge sidan jul, – i alle fall ikkje så lenge sidan at me har gløymt det korleis det er å feire den høgtida. Heldigvis dukkar det også rett som det er opp ein bursdag. Eg elsker nemleg å gje gåver, og eg har etter kvart funne ut kvifor. Grunnen er at eg blir så inderleg glad når eg ser på andletet til dei eg er glad i og får dele gleda deira når dei pakkar opp ei gåve, – spesielt når eg er gjevaren. Aller best er det når eg har klart å kunne glede med noko personleg og aller helst noko overraskande. Svært ofte skjer dette med ei gåve som handlar om noko me to har saman, noko som ikkje er dyrt, men som er slik at den som pakkar opp forstår at denne kjærlege tanken er berre til meg. 
Dette kan sjå ut som noko ubetydeleg, men for meg handlar gåver om å vise kvarandre kjærleik og takksemd. Er ikkje det noko av det viktigaste me kan vise kvarandre? Er eg aleine om å ha gåver som ein del av kjærleiksspråket?

Eg er slett ikkje sikker på om eg vil fylgje, eller råde andre til å fylgje, dette rådet som eg fann på ein vegg i Kristiansand.

Ei anna oppleving som eg har vore så heldig at eg har fått kjenne på, er når ein av dei eg klemmer, ikkje ynskjer å sleppe taket. 
Slikt hender ikkje ofte, men den kjensla det gir, den varar lenge. Slike klemmar kan vega opp for at me ikkje har sett kvarandre på ei stund eller at det er lenge sidan me har hatt den gode samtalen me båe har lengta etter. Det er ekstra godt å kjenne at me er to om å snuse inn den kjende godlukta og vera i den tryggleiken me skapar hos kvarandre.

På Odderøya i Kristiansand har ein kornsilo frå 1935 blitt transformert til eit senter for kunst og kultur. Kunstsiloen forvaltar tre kunstsamlingar inkludert Tangen-samlinga.  

Når me mottek eit ekte smil, kan me kjenne det i kroppen. Me slappar av, føler oss sett og me får automatisk lyst til å sende eit smil attende. Slike smil treng me korkje å analysere eller lure på om er ekte. Me har lært oss å kjenne att det som skjer med augo og kjakane til den som smiler. Me kjenner det også att på endorfinar og dopamin som blir utløyst i eigen kropp.

Kvart ekte smil er kanskje ein liten ting, men det kan kjennast stort for den som er mottakar.

Då me vitja utstillingane i kunstsiloen, var det stort sett figurativ kunst der. Her er eit av dei imponerande kunstverka til tekstilkunstnar Inger Johanne Rasmussen.
 

Og snart er det vår her i fjellbygda vår også! Det skapar glede.

EI SLAGS TRU
Eg trur
på dei små spirene
på hestehov, eirgrøne museøyre
og hårete humlekroppar
Til og med på den irriterande mauren, trur eg


Eg trur på den trillande blåmeissongen
på sildring frå bekken og regn som trommar på taket

Eg trur
på dunete gåsungar
på vakre neslesommarfuglar og raklar på lauvtrea
Ja, herregud som eg trur
på vår

Eg strekkjer meg dit
sola skal skine
og trur

Kristiansand har Nord-Europas største, samanhangande område med gamle trehus. Me var heldige, vårsola skein. 

Eg håpar på ein snarleg, strålande og ein så fredeleg vår som berre mogeleg.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar