Dette er ei lita reportasje frå ei augustveke i Glåmdals-/Elverumsdistriktet. Dagane vart fullpakka av opplevingar saman med gode vener. Eg ynskjer å dele dette med dei som les bloggen min, for kanskje det er fleire som vil leggje nokre dagar av sommarferien sin til denne delen av Noreg, og kanskje kunne ta del i noko av alt det fine som Elverum, Våler og Finnskogen har å by på.
Eg tippar at mange, både besteforeldre og barnebarn, kan kjenne seg att i det eg skriv om korleis det kan vera å opphalde seg saman ei veke om sommaren. Heilt sidan ho var veldig lita, har ho hatt ei farmorveke om sommaren. Å ha farmorveke betyr ikkje noko anna enn å vera saman med farmor heile tida. I mange år var dei to-saman, men i år er storebror på jobb. Då ho kom til Ål sundag kveld, hadde ho med seg ei liste over kva ho hadde lyst til å gjera saman med farmor denne veka. (Ja, ho er eit listemenneske akkurat som farmora).
Her er lista:
BAKE/LAGE NOE, TEGNE, SPILLE KINASJAKK, FOTOGRAF TIL BLOGGEN»
Dette var ei liste som ikkje skulle vera så altfor vanskeleg å klare å oppfylle, og det var altså på grunn av denne lista at det vart blogg om farmorveka. Fotografen her er altså Anine, 17 år, blid, klok og kreativ.Her er ho:
Dette er det einaste biletet den som les dette får sjå av henne. Ho er nemleg ikkje så veldig glad i å få bilete av seg ut på nettet. Fortsett å lese «ÅRETS FARMORVEKE»
Eg har høyrt folk seie at eg er lett å glede, men vanskelegare å få til å le. Eg trur dei har rett. Det skal berre ein liten filleting til, som at eg for eksempel får til eit bokstavrim med meining, så kjenner eg på ei lita glede. Denne gongen kom bokstavrimet heilt av seg sjølv; BEKK, BJØRK og BOK, tre ting som tek stor plass i tankane mine for tida. – Bekken som vart altfor stor og heldt på å finne vegen inn i huset vårt – Den gamle bjørka som me har kjempa for å behalde – Boka som eg håpar vil finne fram til mange lesarar om nokre månader.
Av og til er det fint å ta seg ein tur vekk frå det kvardagslege og tenke på ingenting. Her er det matpakketid i Eidfjord. Slikt som dette er det mykje glede i.
Det er veldig fint å få lov til å feire eigen bursdag, – og spesielt fint saman med folk ein er glad i. Sjølvsagt er det ikkje moro å sjå og merke at stadig fleire aldersendringar kjem snikande, men slikt er det berre ein ting å gjera med; å godta. Akkurat som med vêret. Det nyttar ikkje å surve over det heller.
Rett i ryggen og grå i håret. (I den nye boka, som i den forrige, skal kvar bolk ha eit svart-kvitt-bilete som start. Fru Løvetann her skal pryde den bolken som heiter «Dette er den tida me har».
Eg har visst om det nokre veker no, men har tenkt at dette må få litt meir «kjøt på beina» før eg klatrar opp i høgda og ropar det ut i glede til alle som gidd å høyre på.
I oktober 2023 skreiv eg om gleda over å få gje ut diktbok, og i mars 2024 kunne eg vise fram, snakke om og lesa høgt ifrå «Aller helst vil eg danse». Eg er svært takksam for alle gode attendemeldingar og alle dei gode møtene med fine folk som eg hadde glede av i samband med den boka.
Korleis står det til, spurde han. Fint, svara eg. Sjølvsagt svara eg det. Eg har absolutt alt eg treng, har ikkje vondt nokon stad, alle i flokken min er gode vener og den tidlege våren er solrik og vakker. Likevel … dersom eg tenkjer etter og tek verdssituasjonen med i vurderinga mi, så er det alt anna enn fint. (Dette blogginnlegget treng pynt. Den oppgåva overlét eg til våren)
Den tidlege våren skapar forventing om gode dagar. Årets fyrste hestehov fann eg i dag i ein støvete vegkant nedanfor huset vårt.
Eg er spesielt glad i vinteren når Meteorologisk Institutt melder slike vakre høgtrykk med klårvêr, svake vindar og gnistrande kuldegrader. Dei siste åra har vintrane også kome med det dei kallar polare lågtrykk, sterk vind og store nedbørsmengder. (No hadde det passa med ei oppmoding om å bidra til å redde klimaet, men det må få høyre heime i eit anna blogginnlegg.)
Om du likar vinteren eller ikkje, så er det i alle fall ei oppleving i seg sjølv å fylgje med på dette skiftande vêret. Det vart ein del snømåking i byrjinga av 2025. Denne karen min, som du ser på biletet under her, han likar seg betre ute når sola skin ein sommardag enn når dagane skiftar mellom å vera iskalde, isglatte eller med 70 cm nysnø.
Me har skåla for det nye (det går heilt fint å skåle i alkoholfritt), takka for det gamle (sjølv om slett ikkje alt var noko å takke for), delt gode ynske (lett oppgåve), dansa i høge hælar (det er ljug) og stått tett saman ute i kulda for å sjå ljoset frå fyrverkeriet (sjølv om eg eigentleg er imot dette tullet). No har dansemusikken stilna og glitter og tyll har funne att plassen sin lengst bak i skåpet. Nyårsfesten er over.
Eg har krølla meg saman i eigen sofakrok. Det er tid for å nyte dei siste restane av juleraud familieglede. Om eitt par dagar er nok alle julesakene rydda attende i pappeskene sine og jula er ute og borte for i år. No i dag er det også tid for litt ettertanke i ro og fred og for å leite fram litt framtidshåp.
Dette fine armbandet med teksten HÅP og gullsløyfer fekk eg i julegåve. Me er mange som ved å bera dette enkle smykket, viser at me står saman i kampen mot barnekreft.
For meg er det sant dette at tida går fortare dess eldre ein blir. Plutseleg har det gått eit heilt år og plutseleg er jula her att med alt sitt. For meg har det blitt slik at juletida ikkje er blant slike ting som det er mogeleg å ta litt lett på. Det er altfor mange kjensler involvert og når kjenslene er med, då blir det viktig. Samstundes er eg svært ambivalent til heile greia. (Eg har «pynta opp» dette blogginnlegget med bilete frå mi eiga førjulstid)