DETTE ANGRAR ME PÅ, Å SITJE I TRAPP OG DETTE ER EG GLAD FOR

Kjære folk!

God palmesundag!

IMG_4911

I dag er eg i det filosofiske hjørnet.
Det eg byrjar å skrive om, er kanskje ikkje så morosamt, men det er godt meint. Me treng å bli minna på slikt og.

Fortsett å lese «DETTE ANGRAR ME PÅ, Å SITJE I TRAPP OG DETTE ER EG GLAD FOR»

NOBELPRIS, STOLTHEIT OG NÅR DET LEIKAR I KROKANE

Kjære folk!

«Nokre gonger snør det i april.
Nokre gonger gjør det vondt i april.
Nokre gonger blør det i april.
Nokre gonger er det perfekt i april

Frode Grytten

IMG_4905
Hestehov. Leirfivel. Tussilago farfara.

Fortsett å lese «NOBELPRIS, STOLTHEIT OG NÅR DET LEIKAR I KROKANE»

PÅ ARMLENGDES AVSTAND, VÅR I HAGEN OG Å VERE TILGJENGELEG

Kjære folk!

Det er vår, – eg har sett sumarfuglar!
Det seiest at det finnes meir enn 170 000 artar sumarfuglar i verda vår. Heile 2 200 av dei har vorte funne i Noreg.
Det raraste eg har høyrt om sumarfuglar, er at dei har smaksorgana sine på undersida av føtene.

IMG_4876
Sitronsumarfuglen har overvintra her og viser seg tidleg om våren. 

Fortsett å lese «PÅ ARMLENGDES AVSTAND, VÅR I HAGEN OG Å VERE TILGJENGELEG»

Å LYFTE BLIKKET, GUILTY PLEASURES OG Å TRENGE EI MOR

Kjære folk!

God laurdagsmorgon!

Då eg var ung, hende det at eg gjekk bort til bokhylla heime, drog ut ei tilfeldig bok, opna den og sette fingeren ned på ei av sidene. Den setninga som peikefingeren min råka, skulle liksom fortelje meg noko om den dagen eg hadde framfor meg. Det må vere meir enn 50 år sidan eg leika den leiken sist, men i dag …
– Nå må du ikke være så redd, sier han.
Side 117 i «G for Goggen» av Tove Nilsen

IMG_4873

Det var vel ikkje den verste måten å starte dagen på.

Fortsett å lese «Å LYFTE BLIKKET, GUILTY PLEASURES OG Å TRENGE EI MOR»

PRIVILEGIUM, EI MERKELEG OPPLEVING OG OPPRØR

Kjære folk!

Det er så fint ver her i sør-aust. Me som er så heldige at me har det slik, må ikkje gløyme å glede oss over det.

IMG_4841
Godt mars-ver i Holmestrand

I dag er det eitt år sidan 40 000 norske skuleelevar streika for klimaet og demonstrerte i Oslo og på meir enn 70 andre stader. Dette ungdomsengasjementet er ein del av det eg tek opp når eg blant anna skriv om «opprør» på bloggen min i dag. Eg kjenner at det er godt å kunne tenkje litt på andre ting enn virussmitte av og til.

Fortsett å lese «PRIVILEGIUM, EI MERKELEG OPPLEVING OG OPPRØR»

KULTURARBEIDARAR, BREV OG PAPPA-KONRAD

Kjære folk!

Det er merkelege tider. Dagane tuslar på eit vis vidare i lågt tempo for oss som ikkje har noko viktigare å ta oss til enn å halde avstand og å halde oss i ro. Men me gløymer ikkje alle dei som gjer alt det dei kan for å halde samfunnshjula i gang. Stor takk frå oss som er heime.

IMG_4826

Fortsett å lese «KULTURARBEIDARAR, BREV OG PAPPA-KONRAD»