LIKESTILLING, KVINNEFELLESSKAP OG STATUAR AV NAMNGJEVNE KVINNER

Kjære folk!

God morgon!
I Noreg er likestilling ein sentral samfunnsverdi som me er stolte av og talar fint om når me skal vise fram det aller beste ved landet vårt. Men det er ingenting som kjem av seg sjølv, – heller ikkje likestilling.

IMG_4706

Fortsett å lese «LIKESTILLING, KVINNEFELLESSKAP OG STATUAR AV NAMNGJEVNE KVINNER»

SPRÅK OG KJØNN, HAN – HO – HEN OG TAKKSEMD TIL KVINNENE I LIVET MITT

Kjære folk!

God laurdag!
Frå gammalt av vart 7. mars kalla Kråkedagen. Dersom kråka flaksa svært mykje med vengjene denne dagen, vart bonden glad. Då skulle det nemleg bli mykje poteter og grønsaker til hausten.
For meg er det viktigaste med 7. mars at det er dagen før den åttande. Det vil nok denne bloggen bere preg av og.
Men fyrst to bilete av morgonljoset slik det var tidlegare denne veka. I dag var det ikkje mykje til ljos å ta bilete av.

IMG_4771
Dette er tatt frå verandaen vår, –

Fortsett å lese «SPRÅK OG KJØNN, HAN – HO – HEN OG TAKKSEMD TIL KVINNENE I LIVET MITT»

KUNSTSTØNAD, FJELLBYGDER, Å HJELPE LITT TIL OG BLÅBÆRLYNG

Kjære folk!

God morgon og velkomen til den tredje månaden i året. Det er både seinvinter og gryande vår. Me har 31 marsdagar framfor oss og i dag tek me fatt i vissa om at det vil kome både dagar og netter med meir av både ljos og varme.

IMG_4693

Fortsett å lese «KUNSTSTØNAD, FJELLBYGDER, Å HJELPE LITT TIL OG BLÅBÆRLYNG»

VAKSINENEKT, VÅRSUG OG ALLE HAR SITT

Kjære folk!

Om du synes det er for tidleg eller for seint, om du har sove godt eller vore mykje vaken, så ynskjer eg deg ein god laurdagsmorgon. Laurdag er det uansett. Eg for min del likar desse helgemorgonane, – å setje seg ned og skrive medan dagen blir stadig ljosare der ute.

IMG_4696
God laurdagsmorgon!

Fortsett å lese «VAKSINENEKT, VÅRSUG OG ALLE HAR SITT»

POPULISME, CHESS OG KVEN LES KVA

Kjære folk!

Det er fastelavnsundag i dag. Frå gammal tid var dette kvelden før byrjinga på fastetida. Det var om å gjere å få i seg nok næring og dagen vart og kalla fleskesundag. Fastelavnbollane er det einaste me har att av skikken med å ete ekstra godt før ein gjer seg klar til å faste.

IMG_4649
Ver så god. Ta deg ein bolle!

Fortsett å lese «POPULISME, CHESS OG KVEN LES KVA»

TV-SPORT, RAUDT OG LITT EINSAM

Kjære folk!

Eg håpar det står bra til denne sundagsmorgonen!
Ein forskar fann i 2018 ut at dei som bur i Oslo sentrum trivst betre enn dei som bur 5 – 15 km unna bykjernen. Det viser seg at sentrumsbuarane er svært nøgde med det sosiale livet sitt. Dette gjeld også familiar med born. I betre form er dei og.
Eg er i Oslo denne helga og trivst godt med å vere det.

IMG_4664
Eg likar godt å gå rundt i gatene i Oslo.

Fortsett å lese «TV-SPORT, RAUDT OG LITT EINSAM»