Kjære folk!
Kva er eigentleg ei grå mus?
Eg har sjekka synonymordboka.no og fann blant anna desse synonyma: betydningsløs, flat, fraværende, intetsigende, konturløs, pregløs, utydelig og utrykksløs. Det er då ikkje så rart at me ikkje vil bli ei slik ei, er det vel? Er det difor me også vegrar oss så lenge med å slutte å farge håret? Men kvifor blir dette uttrykket berre brukt om kvinnfolk? Når eg tenkjer etter, trur eg jammen eg har møtt både preglause og utydelege menn. Grått hår hadde nokre av dei og.
Men ingen vil i alle fall kome på at for eksempel George Clooney er ei grå mus. Han kan jo flotte seg med den grå manken sin utan at nokon kjem på å spørje kvifor han ikkje fargar håret. Hårfargen har nok heller aldri stått i vegen for filmkarrieren hans. Kan kvinnelege skodespelarar gjere det same utan fare for berre å måtte spele bestemor?
