Kjære folk!
I dag vakna eg til mi eiga, kvardagslege utsikt. Her er bjørk (to levande og ei daud), osp og eik. Då me kom heim i går, var det små haugar av bjørkefrø langs veggane, frø oppetter veggane, på verandaen og «limt» til vindauga. Eg har aldri sett så mykje av dei nokon gong.

Som kjent er det slik at den som finn glede i det vesle, har mykje å glede seg over. Dagens glede er av dei heilt små kvardagsgledene, men som det er vanskeleg å få dagen i gang utan.
