DAGENS FYRSTE KAFFIKOPP

Kjære folk!

I dag vakna eg til mi eiga, kvardagslege utsikt. Her er bjørk (to levande og ei daud), osp og eik. Då me kom heim i går, var det små haugar av bjørkefrø langs veggane, frø oppetter veggane, på verandaen og «limt» til vindauga. Eg har aldri sett så mykje av dei nokon gong.

IMG_3588
Kvardagsutsikt

Som kjent er det slik at den som finn glede i det vesle, har mykje å glede seg over. Dagens glede er av dei heilt små kvardagsgledene, men som det er vanskeleg å få dagen i gang utan.

Eg drakk ikkje kaffi før eg var godt vaksen og vel så det. Etter kvart fann eg ut at det både var strevsamt og litt flaut å alltid måtte seie «nei takk, eg drikk ikkje kaffi, eg.» Dette er det rart å tenkje attende på, for no klarar eg meg ikkje utan. Det finnes rett og slett ein god porsjon glede i kvar einaste kopp. Eg dreg pusten djupt inn, slepp ut att eit sukk av vellyst før eg nyt varmen, lukta, smaken, fargen – her og no.

IMG_3123
Den same gleda, – kvar dag.

Eg har aldri kjent meg heilt viss på om kaffi er sunt eller skadeleg for helsa, men forskarane er visst stort sett einige om at moderat inntak av kaffi ikkje er skadeleg. Og sidan kaffi gjer meg godt, så går eg for alle dei positive faktorane:

  • Kaffi har høgt innhald av antioksidantar, som forhindrar både kreft og hjarte- og karsjukdomar
  • Kaffi er stimulerande og gjer meg vaken og opplagt
  • Kaffi kan dempe hovudverk

Når nokon spør meg om eg har lyst på ein kopp kaffi, då kan eg ikkje hugse sist eg svarte noko anna enn «å, ja takk, det hadde vore godt, du.»

Forskarane bak ein ny rapport frå University of South Australia meiner å ha funne ut at ein ikkje bør drikke meir enn seks koppar kaffi om dagen. Dersom ein gjer det, kan koffein byrje å verke negativt på helsa. Det er greitt for meg. Eg kan med glede og godt samvit seie «ja, takk» til seks små gleder kvar dag.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

5 kommentarer om “DAGENS FYRSTE KAFFIKOPP”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: