EI PERSONLEG LUCIAFORTELJING

Kjære folk!

Det var i 1980 og det var snart jul. Endeleg hadde eg fått fiksa dei vonde hoftene mine. Heime var fireåringen som ikkje heilt forstod kvifor mor skulle sove i det store, kvite huset. På skulen var elevane mine og førebudde juleavslutning saman med ein vikar.

I sjukesenga låg eg på avdelinga for kvithåra damer med brotne lårbein og utslitne hofteskåler. Det var slangar og posar. Det var spybekken óg. Det var Luciadagen, og eg visste at fireåringen min skulle vere stjernegut i barnehagen. Eg lengta heim.

Det gjekk i døra. Inn kom ein ung mann som berre ville seie ifrå om at lækjaren ville kome om ikkje så lenge. Det gjekk i døra att. Inn kom ei som sjekka slangane og posane før ho sprøyta noko saleggjerande inn i blodåra mi.

Då det gjekk i døra for tredje gongen på kort tid, let eg som eg sov. Då høyrde eg songen. Ikkje berre vakkert. Slett ikkje klokkereint, men strålande som sjølve stjerneskinet. Inn toga dei med kvite laken og bestefar si gamle sundagsskjorte, juleglitter og tryllestavar.

Svart senker natten seg
i stall og stue
Solen har gått sin vei,
skyggene truer
Inn i vårt mørke hus
stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia

Klumpen i halsen spreidde seg som svie ned mot brystet. Eg blunka og freista smile, men tårene ville fram. Eg gret. Dei kvitkledde song vidare med store, forundra auge.

Det var berre dette eine verset, – så snudde dei seg. På veg ut, starta dei songen på nytt. Bakarst gjekk ei tynn, lita jente i ein altfor stor blondebluse. Ho snudde seg i døra, kom bort til senga mi og klappa meg forsiktig på handa før ho sprang etter dei andre.

Santa Lucia

Helsing frå K-M