MINNEBOK

Kjære folk!

Dessverre har eg rota bort mi, og det er eg lei meg for. Me hadde jo alle ei slik ei. Nokre av oss hadde fleire. Me hadde ho med oss på skulen, og klassekameratar og lærarar vart bedne om å skrive. Eit av dei vanlegaste var

«Roser er røde,
fioler er blå,
druer er søte
og du er likeså

Ganske søtt, ja, og svært uskuldig.

Men me hadde og andre variantar, som når me les dei i dag, ikkje er fullt så hyggelege:

«Når du vert gamal
og ingen vi ha deg,
set deg på taket
og la kråka ta deg

Eg hugsar eg hadde to favorittar som mor mi hadde lært meg:
«Ven den jenta er
som reine tankar
i hjarta ber»

og
«Tro ikke alt det du hører,
si ikke alt det du vet,
da sparer du mange byrder
på sinn og samvittighet

Då eg vitja ei av barndomsvenninnene mine, kom me i snakk om desse bøkene. Ho hadde nyleg funne ei av sine gamle minnebøker, og me sette oss til å lese. «Du har jo alltid vore så flink til å skrive», sa ho, «så minnet frå deg er sikkert noko fint og hyggeleg.» Då me fann minnet frå meg, fekk me oss ein god, hjarteleg og langvarig latter.

Fortsett å lese «MINNEBOK»