MARSOPPLEVINGAR

Kjære folk!

Mormor var ei klok kvinne. Eg likte meg alltid godt saman med henne. Med henne kunne eg prate om alt mogeleg. Ho var frå Sogn og kalla meg «vetlo si». 
Ein dag då me var ute på ein av dei mange rusleturane våre, sa ho: «Du må samla på fyrstegongsopplevingane, vetlo mi, for dei vette færre ette som tidi går.» 
Eg gjer framleis slik ho råda meg til å gjere.

Mi kloke mormor

Denne siste månaden har det ikkje vore vanskeleg å vera ein samlar av slike opplevingar. Dei har beint ut stått i kø. Eg trur faktisk at dei gjer det ganske ofte for oss alle, men me har nok altfor lett for å gløyme å vera merksame nok når det skjer.

Fortsett å lese «MARSOPPLEVINGAR»

HUSMOR ANNO 1932, «COME OUT!» OG KJEM DEI TIL Å SJÅ MEG?

Kjære folk!

Det er slett ikkje alltid eg har det slik, men denne morgonen kjenner eg at livet er akkurat slik eg ynskjer at det skal vere. Eg skal ikkje rekke noko, eg har inga arbeidsliste og eg ingenting. Eg har berre ein ting å gjere og det er å leva. Eg skal kjenne godt etter medan eg held på med det.

IMG_5416
Blomane på klokkebuskene heime rakk akkurat å sprette ut før eg drog til Ål. Når eg kjem heim tysdag, veit eg at dei står like vakre og ventar på meg.

Fortsett å lese «HUSMOR ANNO 1932, «COME OUT!» OG KJEM DEI TIL Å SJÅ MEG?»