BØKER

Kjære folk!

Eg samlar ikkje på bøker. Det er berre det at eg ikkje klarar å kaste dei. Det gjer skikkeleg vondt kvar gong eg prøver. Eg klarar nesten ikkje ein gong å tenkje på å kaste bøker.

Eg veit godt at slett ikkje alt det eg har i bokhyllene er så mykje å samle på, men på den andre sida, så veit eg at det er nokon som har brukt tid, tankar og krefter på å skrive kvart einaste ord som står i desse bøkene. Det handlar altså ikkje berre om papp og trykksverte dette her.

IMG_2102
Romanane står sjølvsagt alfabetisert etter forfattar. Her frå Ge til La. Dersom nokon lurar på kvifor Min Kamp 6 ikkje er der, så er svaret; fordi den ligg og ventar på å bli lesen. Eg vart på ei vis mett etter nr 5.

Fortsett å lese «BØKER»