KLING, VESLE BJØLLE

Kjære folk!

I veka som har gått har eg snakka litt høgare, skrive litt sintare og brukt litt større bokstavar enn det eg pleier å gjere. Eg har engasjert meg i automatisering, valfridom og sjukelønsordning. Alle desse er viktige saker, men i den store samanhengen vert dei vel for småting å rekne. Eg startar denne laurdagen med eit dikt der eg ynskjer å seie noko om slikt som gjer vondt og som er mykje større.

Kling, vesle bjølle

Ei gamal kone sit på sengekanten
i eit sundbomba hus. Ho
stirer på meg
og skrik
frå avissida si. Skrik
at ho ikkje orkar.
Ho
vert mor mi

Ein liten gut går åleine på vegen
i eit land langt borte. Han
stirer på meg
og skrik endå høgare
frå avissida si. Skrik,
og eg
vert mor hans

Deretter går eg ut
til frisør og
på kafé

Kling, vesle bjølle. Lat
meg
og heile verda
høyre
og ikkje gløyme

Helsing frå K-M

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: