Kjære folk!
No har eg skrive min hyllest til dei eg liknar, til nære vener, til gamle vener og til vener eg har mista. Eg har kanskje ikkje skrive til deg?

Men eg har ikkje gløymt deg.
Du, som var heilt nær, men som av ein eller annan grunn ikkje er så nær no.
Du, som ein dag gjorde meg glad då du dukka opp på Facebook med smila dine og dei gode orda.
Du, som bur såpass langt unna at me må nøye oss med ein prat på telefonen av og til.
Du, som ikkje veit at eg tenkjer på deg ofte.
Du, som eg trur eg likar så godt at eg gjerne skulle ha funne ut meir om deg.
Du, som eg møter med jamne mellomrom, og som veit at eg set stor pris på deg.
Du, som eg er viss på at vil vere der for meg.
Du, som veit at du har meg når du treng meg.
Du, som er så viktig at eg har bursdagen din skrive ned i kalenderen min.
Du, som eg gler meg til å møte om ikkje så lenge.
Kva er ein ven? Når vert ein ven ein kjenning? Når vert ein kjenning ein ven? Kor mykje tid må ein bruke for å oppretthalde eit vennskap? Definisjonen på ein ven er visst slik: Ein person ein kjenner godt og har eit fortruleg forhold til, men som ein ikkje står i familiemessig eller seksuelt forhold til.
Kor fortruleg må ein vere for at det skal verte rekna som fortruleg? Dersom det med fortruleg er meint veldig fortruleg, kor mange vener er det då lurt å ha?
Eg spurde Google: Kor mange vener har folk? Eg fekk interessante svar. Me rangerar visst vener og kjenningar i sirklar rundt oss. Inst finn me dei aller næraste (3 – 5 personar), dernest ei større gruppe vener (12 – 20), og så kan det auke på i kvar ny sirkel med ein faktor på nøyaktig 3,5.
Då så.
Helsing K-M