Å MISTE EIN VEN

Kjære folk!

Her er fire situasjonar frå eit levd liv. Alle handlar om menneske som var nære, og som alle vart borte frå meg, kvar på sitt vis.

img_2015

  1. Når ein ven døyr
    Venskapsband kan vere svært sterke.
    Det tok lang tid før eg godtok at han var borte. Eg hadde rekna med at han skulle vere der – for alltid, men så var han plutseleg borte – for alltid. Me prøvde å gje kvarandre eit godt ord og eit lyst smil med på vegen. Han var alltid den eg kunne ty til i vanskelege situasjonar og snakke med om det som var godt og det som var vondt. Kven skulle eg snakke med om dette og dette og dette no når han var borte?
    Eg syrgde over tapet av venen min, men og over tapet av alt det dette venskapet kunne ha vore i framtida.
  2. Når noko kjem imellom
    Ho hadde ein gong stått meg svært nær. Då eg såg ho att, gjekk eg mot ho med smil og opne armar. Ho snudde seg vekk. Før ho gjekk, sa ho: «Deg orkar eg ikkje å snakke med. Eg hadde aldri trudd slikt om deg.»
    Det vart aldri slik at eg fekk spurt kva det var ho meinte. Eg skulle gjerne ha visst om det, dersom eg hadde gjort ho vondt. Eg skulle meir enn gjerne ha lytta, prøvd å forstå og om mogeleg ha retta opp i det eg ikkje visste kva var. Det vart for seint, men rett som det er spør eg meg kva det var eg hadde gjort som var så sårande. Innimellom undrast eg og på om nokon kan ha prøvd å øydeleggje det me hadde. Slike tankar må jagast vekk. Dei kjem det aldri noko godt ut av.
  3. Når me flyttar frå kvarandre
    Det er visst slik at me samlar oss flest vener fram til me er unge vaksne. Etter det er det visst vanleg å miste kontakten med mange av dei.
    Det er mykje som kan gjere det vanskeleg å halde på vener. Endring av arbeidsplass kan vere ein grunn. Flytting skapar nesten alltid flyktige vennskap. Samlivsbrot gjer sjølvsagt og noko med dei sosiale forholda.
    Nokre av dei eg vart kjend med dei stadene eg har budd, vart mine gode vener. No er det fleire av dei eg ikkje lenger har i livet mitt. Eg trur faktisk det er rett å seie at no kjenner eg dei ikkje. Dei var verdifulle, eg har mykje å takke dei for, og eg håpar inderleg at dei har det bra.
  4. Når me veks frå kvarandre
    Det er kanskje naturleg at vennskap som ein gong var tett, etter mange år kan bli prega av både fysisk og mental avstand. Eg har levd mitt liv, utvikla meg og valt mine verdiar. Vener eg hadde, har levd sitt liv og endra seg i ei anna lei. No passar me rett og slett ikkje saman slik som tidlegare. Er det då rett å tvihalde på kvarandre? Det beste er nok å sleppe taket og ta vare på minnet om alt det gode som var.

 

Helsing frå K-M

 

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: