DOKKEKLEDE

Kjære folk!

Eg leika mykje med dokker, og eg var ei ganske stor jente då eg slutta med det.

Dokkene måtte passast godt på. Var det kaldt, måtte dei ha varme klede. Var det kveld, måtte dei liggje i vogna si, og dei måtte ha dyne på seg. Det var heilt utenkeleg å late dei bli liggjande halvnakne på golvet dersom eg fann på noko anna å gjere.

Til ein bursdag hadde eg ynskt meg nytt pennal. Det fekk eg. Etter at eg hadde pakka opp og funne pennalet, gjekk far min inn på soverommet og henta ei stor pakke. Eg gløymer aldri innhaldet. Far min hadde snekra klesskåp og tapetsert det med rosa tapet. Han hadde også spikka små, fine kleshengarar. Dei hang på ei tynn stong inne i det rosa skåpet. På kvar hengar var det eit heimesydd eller heimestrikka klesplagg. Mor mi hadde vore flittig om kveldane etter at eg hadde lagt meg. Eg hugsar eg vart fullstendig overvelda, og torde mest ikkje ta ut dokkekleda og prøve dei på dokka mi.

Dette er nok den finaste gåva eg har fått nokon gong. No når eg er vaksen, skjønar eg fullt ut kva slags kjærleiksgåve dette var.

Då barnebarnjenta mi hadde bursdag for ein god del år sidan, var det eg som laga dokkeklede til henne. Eg merka dei med «farmordesign». Eg gav ho og dei dokkekleda eg fekk den gongen for 60 år sidan. Desse merka eg med «oldemordesign». No har ho og slutta å leike med dokker, og eg har vaska kleda og tatt vare på dei. Det kan jo hende at det om tjue år eller så, kjem ein liten unge til verda som får glede av tippoldemordesigna dokkeklede.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: