KVA ER EIN FAMILIE?

Kjære folk!

Det er ikkje så mange åra sidan familie, for dei aller fleste, hadde same meining som kjernefamilie. Dersom me høyrde ordet familie, tenkte me på mor, far og dei borna desse to hadde saman. Heldigvis har dette endra seg.

img_2014

Opprinneleg tydde familiehusstand, og inkluderte alle dei som budde saman i huset. Då vart ektefeller, born, ulike slektningar og til og med tenarar og trellar medrekna. Wikipedia har denne definisjonen: «En familie er en institusjon eller et hushold som består av en gruppe individer som er knyttet sammen gjennom arv(demonstrert eller stipulert) fra felles aner, ekteskap, partnerskap eller adopsjon.»

Andre tenkjer på alle som er i slekt og i tillegg dei som er gifta inn, når dei snakkar om familien sin. Det er vel då også naturleg å inkludere sambuarar og sambuarane sine born.  Slekt, derimot, er dei me skriv inn på slektstreet.

Dersom me har dette som utgangspunkt, kan eg trygt skrive vidare om familie, – og eg har mykje å ta av.

Helsing frå K-M

 

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: