Å SNAKKE OM ALT MED ALLE

Kjære folk!

Dette handlar kanskje ikkje om noko tabu, men det kan vere vanskeleg å snakke om likevel. Dette handlar om at betre enn dette er eg ikkje.

Eg har fått spørsmålet: Kan du snakke med absolutt alle om absolutt alt mogeleg? Svaret er heilt klårt eit absolutt nei. Grunnen til det er at eg, som dei fleste andre, er redd for å bli avvist. Slike avvisningssituasjonar har brent merke i meg. Det er kanskje bra. Elles hadde eg mogelegvis hatt eit dårlegare utvikla antennesystem og vore altfor pågåande.

IMG_1786
Nei, eg snakkar ikkje med alle om alt.

Ein gong var eg svært glad for å sjå att ein kollega som hadde vore sjuk og borte frå jobb i fleire veker. Eg gjekk mot henne med opne armar og gav henne ein hard klem. Ho dytta meg unna, sette augo i meg og spurde: «Kven har fortalt deg at eg likar å bli klemt på?»

Ein gong eg møtte ein av lærarane på personalrommet, sa eg: «I dag ser du sliten ut. Er det noko eg kan gjere for deg?» Ho svara: «Eg ser helst at du let vere å kommentere utsjånaden min.»

Så, nei, eg pratar ikkje med alle om alt mogeleg utan på eit eller anna vis å bli invitert.

Det er forresten ikkje heilt sant. Eg er ganske naiv og trur det beste om folk. Dette medfører at eg stangar den blåøygde skallen min i murveggen innimellom. Visst gjer det vondt, og sjølvsagt er det slik at motet til å invitere folk inn, til å spørje «korleis går det eigentleg», vert mindre og mindre for kvar murvegg.

Eg kan óg stenge heilt, dra att glidelåsen, låse døra og henge opp skiltet som fortel at her er det ingen heime. Slik blir det dersom nokon lyg til meg eller om meg. Dette kan også bli resultatet dersom eg ber om forlating og dette ikkje blir tatt imot. Då vågar eg ikkje. Då har eg ingenting å gje. Større er eg ikkje.

Eg kjenner ikkje mange som gjev meg slike opplevingar. Når eg er trygg derimot, kan folk oppleve meg som ei som kan snakke om absolutt alt mogeleg, kor lenge som helst og med kven det måtte vere. Då eksisterer det heller ikkje noko som er tabu.

Ein gong skal eg skrive meir om å vere sårbar, men ikkje no. Ikkje på denne sida av sumaren.

Helsing frå K-M

 

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: