Kjære folk!
I dag er utsiktsbiletet frå ein stad det er fint å berre sitje og vere til.

Eg prøver så godt eg kan å vere til stades akkurat no og akkurat her eg er akkurat no. Det er vel ikkje slik at eg er den einaste som kan ha problem med å bli fanga opp av tankar og minner om fortida eller av stress med planlegging av og grubling over framtida.
Eg kan framstelle dette med eit slags reknestykke:
Tid eg har til disposisjon minus Tid eg nyttar til å mimre og angre minus Tid som går med til å planlegge, glede og grue seg er lik Tid eg er til stades her og no.

Eg kan og prøve meg på eit tankeeksperiment:
Dersom eg fekk vite at eg hadde att seks månader å leve, då hadde eg sannsynlegvis satsa på å leva fullt og heilt med heile meg. Då ville eg ha tenkt nøye over kva slags liv eg ville leve.
Kven vil eg vere saman med?
Er det nokre stader eg vil sjå att eller sjå for fyrste gong?
Kva vil eg gjere meir av?
Er det noko eg vil slutte med?
Er noko eg vil sjå til å få gjort medan eg har sjansen?
Men kvifor må eg stille meg eit slikt vanskeleg spørsmål for å finne ut at det er her og no som er det viktigaste? Eg vil jo gjerne vere merksam på det som hender rundt meg og eg vil jo aller helst ikkje gå glipp av viktige detaljar i livet mitt.
Sjølv om det kan vere bra å tenkje over ein del alvorlege spørsmål, trur eg ikkje det er naudsynt å gå så grundig til verks for å få til å leva litt meir her og no. Det kan vere nok å innimellom setje seg ned og ikkje gjere noko anna enn å sitje roleg og berre vere. For meg er det naudsynt av og til å klare å vere i livet mitt utan lyd på øyra, utan mobil i handa, utan avis i fanget og utan eit TV-bilete som flimrar ut i rommet. Fyrst då, slik, kan eg klare å kjenne etter korleis det eigentleg er å vere meg og korleis eg har det når eg er litt glad. Men etter ca 10 minutt kjenner eg at det byrjar å krible i trongen etter å røre på meg. 10 minutt, heilt i ro her og no er nok, men det må til såpass.
Helsing frå K-M