Kjære folk!
For berre nokre timar sidan
bada hagen seg
i augustnatta
og eg nynna
«sov godt»
No ristar lauvet
av seg doggen
Kronblada foldar seg ut
mot dagen som kjem
og eg kviskrar
«god morgon»
Eg har skrive ganske mykje for å kunne vite kva eg ikkje skal skrive. Nokre gonger bommar eg stygt. Då blir eg slett ikkje glad.
Dersom eg spør meg sjølv når det er best å skrive, er svaret at eg kan skrive når som helst og kvar som helst. Det einaste som må til, er at eg må gå inn for det og det må ikkje vere nokon der som treng meg eller som irriterar seg over at eg skriv.
Eg trur det er slik at når eg har lyst til å setje meg ned for å skrive, då er det for å finne noko eg leitar etter. Eg veit ikkje alltid kva det er, og av og til finn eg noko eg aldri har visst at eg har leita etter. Det er då det kan bli litt fint.
Når eg skriv, skjer det noko inne i meg og eg høyrer mi eiga stemme seie orda mine. Det er som om eg har eit møte med meg sjølv inne i eige hovud. Som oftast er det heilt eit vanleg møte, – berre utan dagsorden og utan ordstyrar. Det som kjem ut av slike møter, er vanlegvis heilt ordinære tankereferat. Men nokre få gonger kjem det til kjensler som fargelegg møtereferatet. Då kan det hende at eg får til å skrive ei setning eg sjølv kan kjenne er litt fin. Det er desse få gongene at det kan verte eit dikt. Det er desse gongene det å skrive kan gjere meg skikkeleg glad.
I går kveld skreiv eg dette:
Er det du, haust,
som viftar med tåkedottane,
blæs vindgufsar ut
gjennom nasebora
og græt
liter på liter
ned over meg og sumardagane mine?
Ver tålmodig,
kjære haust,
eg elskar deg, men
det hastar ikkje.
Det er mange måtar å skrive på. Det viktigaste, dersom målet er å bli glad, er å skrive ned dei kjenslene og tankane som finnes der i kvardagen. Mi erfaring er at det er lettare å få oversikt over kva som er godt, frustrerande, vanskeleg og morosamt dersom eg skriv. Når eg er ærleg med meg sjølv, kan skriveprosessen hjelpe meg med å oppdage både gode og mindre gode mønster i livet mitt.

Med ujamne mellomrom skriv eg dagbok. Og dersom eg skal gje ifrå meg eitt einaste vere-glad-råd, må det vere: Skriv dagbok! Eg har opplevd mange gonger at ting blir sant for meg fyrst når eg har skrive det ned. Å skrive er ein måte å bli klar over eigne verdiar, og eg trur at å prøve å leve i tråd med desse verdiane, kan gjere meg glad.
Helsing K-M