Kjære folk!
Det er terapeutisk
å sitje her
og glo
for deretter
å kunne lene seg attende
med attlatne augo
og oppleve det
ein gong til
inne i eige hovud,
opne augo og
der er det framleis
berre
endå vakrare.

Eg har ein pose med karamellar under dunputa mi.
Uansett kvar eg søv, ligg denne karamellposen og ventar på meg. Dei smakar alle svært ulikt, og uansett kor ofte eg plukkar fram ein frå under puta, vert det aldri tomt der. Det rare er at eg kan suge på den same karamellen kveld etter kveld utan at smaken vert borte. Kvar gong eg legg meg og har lyst på nett denvelkjende smaken, er karamellen like ubrukt, og smaken like god.

Som oftast sovnar eg med det same eg ser puta. Andre gonger, når svevnen let vente på seg, kan eg nyte dagdraumar eller tankekaramellar før svevnen tek over.
Ingen andre enn eg sjølv veit kva dei smakar. Ingen andre har krav på å kjenne innhaldet i karamellposen min. Det eg lengtar etter og drøymer om, er berre mitt.
Dette er ikkje berre tull. Alle har vanskelege tanketing som fullstendig kan ta makta over aktiviteten i hjernen dersom me let det skje.
Nokre dagar har dei vanskelege tankane ein tendens til å melde seg når ein legg hovudet på puta for å sove. Det er då karamellposen verkeleg kjem til nytte. Eg har pakka inn fine håp, draumar og lengt i liksomkaramellpapir og liksomlagt dei under hovudputa. Dei hjelper meg å rydde unna det som uroar og gjer det lettare å sovne med eit lite smil om munnen.
Desse fire siste dagane saman med gode vener i Hedmark, kan eg pakke inn i eit himmelblått, knitrande karamellpapir for så å kunne ta dei fram att og glede meg til neste gong.
Helsing frå K-M