Kjære folk!
Sjå kor fin utsikt eg har i dag:

Ein av dei aller viktigaste faktorane for at eg skal kunne kjenne meg glad, er at eg har eit godt forhold til andre. Gode, nære relasjonar betyr mykje for kjensla av å ha eit liv det er mogeleg å bli glad av å vere i. Me kan bidra til å gjere kvardagen betre både for oss sjølve og for dei me vel å bruke tid saman med.
Eg har lurt på kva som skal til for å skape ein god relasjon. Er det noko som kjem av seg sjølv fordi to likar kvarandre eller er slik relasjonsbygging noko ein må ta seg saman og setje inn krefter på for å få til?
Eg har høyrt at det finnes fire T-ar som blir kalla relasjonsbyggesteinane.
- Tid
Dette er logisk. Dersom me ynskjer ein nær relasjon, må me setje av tid til å møtast, snakke saman på telefonen og skrive gode meldingar. - Tillit
Denne tilliten må vere tovegs. Ein gong er det eg som set meg sjølv til sides, ein annan gong er det den andre. - Tabbekvote
Ingen klarar å gå heile vegen livet gjennom utan å feile. Då er det er avgjerande å bli møtt utan dømming ut frå denne feilen aleine. - Takksemd
Av og til har me valet mellom å klage og å vere takksam.
Desse T-ane er alle gode ord, men nokre av dei er kanskje litt lite konkrete? Kan dette vere ei liste som gjev meining?
- Eg må vise at eg har tid.
- Eg må vere genuint til stades når me er saman.
- Eg må ikkje bryte avtalar.
- Eg må vere varm, raus og gje omsorg.
- Eg må våge å gje av meg sjølv.
Er dette dei viktigaste punkta?
Det er i alle fall heilt sikkert at ingen treng i vere verken spesielt utadvendt eller midtpunkt på kvar einaste fest for å ha gode relasjonar.
Kven er det som
arrangerer denne
skattejakta?
Berre dette eine veit me
Leit etter ein du kan
knyte band med,
stod det i utlysinga.
Her er ingen leietrådar
Ingen har fått utdelt
lommelykt og
ikkje forstørringsglas
heller ikkje kart og
ikkje kompass.
Eg var like ved
å gje opp
då du
stod der
med eit band
me kunne knyte.
Vann du pokalen eller
var eg trøystepremien du fekk
fordi du hadde leita
så lenge?
Denne veka vitjar me gode vener. Dei bur såpass lang unna oss at me alle må nytte fleire måtar å vise kvarandre at me ynskjer å behalde relasjonane. Det bur mykje glede i slike band.
Helsing frå K-M