Kjære folk!
Det er lenge sidan sist. Det har faktisk vore litt travelt.
Endeleg! Dette har eg gledd meg til!
Boka er her. Ho er like blå som det eg hadde håpa og det luktar skulestart og forventning av alle dei 111 sidene, – akkurat slik det skal gjere av ei bok ingen førebels har lest.

Dei siste dagane har vore utruleg fine.
Eg fekk melding om at det var ei bokpakke klar for henting onsdag ettermiddag. Torsdag gjekk eg til Sundre og eg kjende at eg hadde glade sumarfuglar i magen. Det skulle bli fint å halde boka og dermed forstå at dette faktisk var sant.
Eg måtte berre innom Norli på Ålingen for å kjøpe noko småtteri før eg gjekk for å hente bokpakka. Det fyrste eg møtte der på bokhandelen var ein pappask med bøkene mine i og ei blid dame med ei bok i handa. Heilt spontant opna eg ei bok og deklamerte for dei kundane som var der. Det vart tatt godt imot.
Då eg fekk henta bokpakka mi på Rema 1000, viste det seg at ho vog nært opptil 20 kg. Bil hadde eg ikkje med meg, så dette måtte løysast på anna vis. Eg orka ikkje slite med meg den digre pappasken heilt heim, så eg ringte Ål Taxi. Der fekk eg til svar at dei diverre ikkje hadde ledige bilar inne. Det var då det hendte slikt som berre skjer på stader der «alle kjenner alle» og det ligg i DNA-et at her i bygda hjelper me kvarandre. «Eg køyrer deg heim», sa han som har som jobb å ta telefonen og organisere drosjebilane.
I dag var eg innom taxisentralen med ein synleg, liten takk.
Vel heime møtte eg på ei ny, lita utfordring. Eg var aleine heime, – kven skulle ta bilete av meg og bokpakka mi? Dette høyres sikkert både rart og litt jålete ut, men for meg var det viktig å få fotografert denne fyrstegongsopplevinga. Mi gode venninne, Gunvor, var ikkje tung å be. Ho kom direkte frå arbeid for å vera fotografen min. Ein godprat vart det sjølvsagt òg.

Eg har sikkert nemnt det før at eg innimellom er kulturhusvert på Ål Kulturhus. Denne kvelden var det skodespelar Ipek Mehlum og Teater Manu som inviterte oss med på ei fasinerande reise i fantasien. Det å få vera ein del av dette frivilligarbeidet, gjer at eg får med meg mykje som eg elles ikkje ville ha opplevd. Det eg no veit, er at teiknspråkteater er fint også for oss som høyrer.

Fredag var det eit skikkeleg grisevêr her på Ål. Eg trur slett ikkje at eg hadde gått utom døra dersom eg ikkje hadde hatt ting eg måtte utføre. Fyrst gjekk eg innom Hallingdølen og slo av ein prat. Det er stas å ha ei slik kvalitetsavis i dalen.
Deretter var eg oppom ordførar Solveig Vestenfor med bok. Ho må jo få høve til å lese boka før ho skal «bokbade» meg i mars. Så var det biblioteket sin tur. Dit er det alltid fint å kome.
I dag står utsending av signerte bøker for tur. Det er koselig arbeid å skrive helsingar til folk som ynskjer å lese dikta mine.

No passar det godt med eit bilete av denne fine skulpturen som eg fekk frå lokallaga i Hedmark Lærerlag då eg gjekk av som leiar i 1994.
Eg håpar alle dei som har førehandsbestilt bok, har fått sending i posten no.
For dei som ikkje har bestilt, men som ynskjer seg ei bok, er det mange mogelegheiter:
- Gå inn, i kva for ein bokhandel som helst, og be dei bestille ei bok til deg. Alle har fått info om boka frå forlaget og boka ligg klar for utsending inne på Forlagssentralen
eller - finn fram lyrikkforlaget.no på nettet, søk på Aller helst vil eg danse og legg den i handlekorga
eller - send meg ei melding og be meg sende deg ei bok, – gjerne med ei helsing i
eller - kom på lansering på biblioteket i Ål Kulturhus 14. mars klokka 19:00. Der skal Solveig Vestenfor og eg samatale «om livet, døden, kjærleiken, – og dikt» slik det står i Kulturprogrammet
eller - du kan møte meg laurdag 16. mars. Då skal eg signere bøker på Norli Ål på Ålingen Kjøpesenter
eller - du kan kome til Våler Folkebibliotek 11. april klokka 19:00. Der blir eg bokbada av Anne E. Thobru. Ho kjenner meg så godt at det kan bli ekstra spanande å måtte svare på spørsmåla hennar
eller - så kan du treffe meg og høyre om boka på Elverum Bibliotek 12. april klokka 11:00. Då skal eg presentere boka mi der.

Det er vinterfint rundt gjestehuset, men me har kanskje nok snø no snart, her i Sundrevegen?
Tusen takk til alle som kvar på sitt vis har vore til hjelp og støtte den siste tida. Ja, visst er det moro å få gje ut dikta sine i bokform, men jammen er det ein del arbeid òg. No gler eg meg på barnlig vis til å fortelje og lese høgt for dei som vil høyre.
Send meg gjerne ei melding dersom du har noko på hjartet.
Glade helsingar til alle som les dette frå
Karen-Margrethe

Kjære Karen Margrethe!
Gratulerer so mykje med boka di❣️ Det er så moro å lese gleda di rundt den! Å ja – igår låg ho i postkassa vår! Eg fekk «snikt meg til» 3-4 dikt med det same, og det gjorde til at eg gleder meg til reisten! RolfArne gleder seg og, så klart!
Det sto i ei melding – trur det var ein sms – frå forlaget at faktura sendes digitalt, men har ikkje mottatt den, men den kjem vel…
Lykke til med bokbad osv!
Beste helsing Reidun og RolfArne
LikerLiker
Kjære Reidun!
Tusen takk for slik fin og varm gratulasjon. Veldig triveleg at du og Rolf Arne vil lese dikta mine🤗
Når det gjeld faktura, så kjem nok den på eit eller anna vis, men det har eg heldigvis lite med å gjere.
Ha det godt begge to.
Varme helsingar❤️
LikerLiker