Kjære folk!
Eg opplever at verda stadig blir meir uroleg og stadig meir urettferdig – og det er ingenting som gjer meg meir forbanna enn den maktsjuke vondskapen mannfolka på verdstoppen dagleg viser fram. Men eg nektar å gje opp trua på menneska. Eg nektar å slutte å tru at me eigentleg er laga slik at me ynskjer å leva saman i fred. Difor håpar eg at verda etter kvart vil finne att ein slags ballanse.
Eg nektar også å dvele ved alt dette vanskelege kvar time på dagen. Slik grubling kjem det ikkje noko godt ut av korkje for meg sjølv eller for andre.

Denne våren treng eg ikkje leite lenge før eg finn noko vakkert å glede meg over. Her er nokre av blomane ved bekken slik dei stod 12. mai.
I dag både vil eg, og treng eg, å skrive om å glede seg over og å glede seg til. Eg veit at dette temaet er ein gjengangar på bloggen min, men heller det enn surving og klaging. Trass i alt det vanskelege, har me faktisk lov til å kjenne på glede. Eg er bomsikker på at gledene ikkje kjem på vitjing heilt av seg sjølv og eg veit at det er sant at den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad. Livet har også lært meg at det er smart å sleppe taket i dei draumane som ikkje vart noko av og heller finne seg noko oppnåeleg å drøyme om. Eg trur også at det er fort gjort å gå glipp av gleder dersom me går rundt og er så altfor redde for å dumme oss ut.

Det ser ut som om eg har det fint her og det stemmer. Her sit eg og høyrer på at bonusdottera mi held ein fin tale til sonen sin.
For dei som gidd å lesa vidare; her kjem nokre av mine mai-gleder, – krydra med nokre bilete og med både eit nytt og eit «gamalt» dikt.
1.Kjolar og slikt
Eg må innrømme at når det gjeld å kle seg, så likar eg meg best i det ein kan kalle «ytterkantane». På den eine sida, så elskar eg å svinse rundt i fin kjole, medan eg har det aller best i lause, mjuke koseklede. I mai har eg ikkje måtta leite lenge for å finne meg ein kjoledag. Månaden er full av bursdagar, jubileumsdagar, høgtidsdagar og små og store feiringar som eg kan gjera til kjoledagar. Og når kvelden kjem og gubben og eg er att heime aleine, er det fint å kunne feire vidare på sokkelesten og i kosebuksa.

Kjoleposering etter ein svært triveleg lunsj i går på eit fint gardstun hos fine folk.
2. Bøker og slikt
Denne våren har eg kunna gledd meg over at ein tidlegare kollega ved Hauger skole i Bærum har gitt ut romanen «Pavlovs puslespill». Eg kjenner meg att i gleda hennar når ho beskriv korleis det er å pakke opp og halde i boka si for fyrste gong.
Betre seint enn aldri, heiter det. Dette høver godt på meg og denne bokgleda. Eg har endeleg funne fram «Søsterklokkene» av Lars Mytting. Det er ei rein glede å bli leia inn i det tronge dalføret fram til den gamle stavkyrkja og få fylgje Astrid frå Hekne sine kjenslemessige opp- og nedturar. Resten av romantrilogien ligg klar og ventar på meg.

Pavlovs puslespill av Anniken M. Kok
Systerklokkene av Lars Mytting
Folkedansaren og skodespelaren Martin Myhr har bygd opp eit folkedans- og folkemusikkmiljø på Torpo. Frå han var i 10-årsalderen har han også vore interessert i diktlesing.

Den siste tida har tryslingen Martin nytta fleire høve til å invitere oss inn for å dele dikt med tilhøyrarane sine. Når han deklamerer, får møte Skjæraasen og fleire andre tryslingar. Eg vart veldig glad då han også hadde tatt med eit av mine dikt. Det var nok dansaren i han som hadde valt seg dette diktet:

Å skrive har verkeleg blitt ei av mine store gleder. Eg skriv vidare. Klarar ikkje å la det vera. Eg blir glad av å sitta for meg sjølv og freiste å få tankar og kjensler med meining ned på papiret med så få ord som mogeleg. Her er eit eg skreiv ganske nyleg:

3.Folk og fest
Slik eg skreiv, så er maimånaden ein festmånad. I år har me vore så heldige at me har både møtt og fått klemt litt på heile den fine gjengen vår. Med ein slik litt rufsete familiestruktur som den me har, er det langt mellom dei månadene då me får til det.
Av og til tøysar me litt med at me har familiehekk i staden for familietre. Det er ei stor glede når nye kjem til, trivst godt og slår rot i hekken vår. Det er også stor stas for dei eldste når dei yngste veks seg sterke og livskraftige.
Denne festfylte maimånaden blir alltid avslutta med ei spesiell kulturveke her på Ål. Folkemusikkdagane gav oss minnerike opplevingar i år som åra tidlegare. I år vil eg spesielt nemne tre av programpostane:

«Systerspel» – Benedicte Maurseth las, fortalde og spelte fram historia til kvinnelege felespelarar. Lærerikt, vakkert og til ettertanke.

Førestellinga «ÓME» der Sivert Holmen og Silje Onstad Hålien saman utforska møtet mellom dans og musikk. Dette var noko av det vakreste eg har sett på ein scene.

«Leug lurdag» på Sundrehallplassen var ein fest i år der born (jenter og gutar) og vaksne (kvinner og menn) briljerte i venskapleg kappestrid med lausdans av beste slag.
Me var så heldige at me hadde vitjing av gode vener og fine folk under folkemusikkhelga. Då nytta me òg høvet til å vise fram noko av alt det andre Ål har å by på. Her er Toril og eg på veg til Sundreberget for å sjå stasjonsbyen ovanfrå.

Her er Toril og eg på veg til Sundreberget.
4. Hageglede
No har me halde til i hagen vår i Sundrevegen i tre år. Ein hage gjer seg ikkje sjølv. Det har vore mange dagar med hardt arbeid og fleire praktiske problem som me har måtta finne ei løysing på, men no er gleda større enn arbeidsmengda. Hagen er ein fristad der det handlar om å ta seg av rein magi og bittesmå underverk, å kunne ta av seg skoa og kjenne mjukt gras under føtene, å kunne glede seg over både regndråpar og solstråler fordi hagen treng begge delar.

Løytnanshjarte
Eg avsluttar med den vakre regnbogen som synte seg over Vestlia i går kveld.

Ha det godt til me møtast her eller ein annan stad.
Helsing frå
Karen-Margrethe

Gode tankar som gjev ettertanke og styrke!
LikerLikt av 1 person