DEI SISTE TRE ÅRA

Kjære folk!

Jorda har gått tre rundar i banen sin rundt sola på den tida me har budd på Ål.

For tre år sidan skreiv eg slik her på bloggen: «Å flytte er å byrje på nytt. Denne «restarten» vår tyder rett og slett at me har gitt oss sjølv ein ny sjanse, og trass i at det ikkje fyrst og fremst er ungdommeleg eventyrlyst som styrer stega våre, kjenner me at det er både nyttig og morosamt med ein slik omstart i livet.»

Etter tre år er det vel på tide å spørja; har det vore både nyttig og morosamt? Eg tenkte no at eg skulle ta for meg noko av det eg trur er viktig for å kunne trivast og ha det bra der ein bur.

Dette biletet tok eg på tur Øvre-Ål rundt 19. juni

Velkomst:
Eg har vore nytilflytta til kommunar tidlegare og veit litt om korleis det var. Som nyinnflytta ålingar, vart me invitert til triveleg middag saman med ordføraren og andre nytilflytta, – og deretter til eit møte på Frivilligsentralen. Der fekk me, i tillegg til kaffi og varme smil, servert tre spørsmål:
Kven er du?
Kva treng du?
Kva kan du bidra med? 
Me vart sett, invitert inn og det var nokon der som sa at det var bruk for oss. 
Me er svært takksame for å ha blitt mottatt slik. 

Hallingdølen var også til stades på middagen for nytilflytta.

Deltaking:
Desse kommunale møta resulterte blant anna i at me med glede tok på oss oppgåver som frivillige. Eg har funne forsking som fortel at folk som arbeider frivillig, er lukkelegare enn andre folk, – og det vil ikkje forundre meg dersom det stemmer. Me veit i alle fall at det å kunne gjera ein innsats, stor eller liten, fører til at me får knytt sosiale kontaktar, blir kjent med fine folk og får ein meir meiningsfull kvardag.

Her er me på sommaravslutninga for dei frivillige på Ål.

Huset vårt
Me har innimellom blitt spurt om korleis det er å bu i eit 115 år gammalt hus. Kortversjonen er at det trivst me godt med. Sjølvsagt er rominndelinga annleis enn det den ville ha vore i eit nytt hus, kjøkkenet kunne ha vore større og planløysinga meir open og fleksibel. Sjølvsagt hadde me klart oss med ei inngangsdør og det hadde sikkert vore fint med større kjellar, men me forelska oss i dette huset med synlege tømmerveggar, litt kronglete skåpplass, gamle dører, vinterhage, veranda og ei historie som me likar å fortelje. 

Me likar godt korleis nytt og moderne finn plassen sin saman med det gamle taket, den gamle døra, den gamle muren og tømmerveggen.  

Hage:
Det gamle huset vårt ligg på ei tomt som er litt over to mål stor. Då me skulle gå i gang med arbeidet for å få skikk på hagen vår, visste me at dette ikkje kom til å bli enkelt. Me ville så gjerne syrgje for at hagen skulle stå i stil til det gamle huset, bevare så mykje som mogeleg av tomta slik den var og samstundes få til eit uteområde å trivast i. No, tre år etter, kan me glede oss over fine stader å sitja, blomar å plukke og urter å hauste. Det har vore hardt arbeid og mykje av grunnarbeidet hadde me ikkje fått til utan gravemaskinhjelp.

Inngangspartiet bak huset april 2021

Slik ser det ut i dag

8. august 2023 fekk eg endra kjensla mi til regnvêrsdagar. Den dagen var det alt anna enn trivnad eg kjente då eg høyrde regnet tromme på taket. Uvêret Hans fekk oss evakuert og bekkefaret ved tomtegrensa vår vart for smalt til å romme alt vatnet. No har Ål kommune starta ein prosess for å sikre bustadane til dei som bur langs flaumutsette bekkefar.

Slik såg det ut 8. august 2023 då me måtte forlate heimen vår.

No planlegg dei for ein 200års-flaum + 40 %, – så neste sommar er nok bekkefaret både breiare og djupare. Sannsynlegvis og dessverre vil mesteparten av vegetasjonen måtte fjernast. Me har allereie bestilt oss to nye bjørketre og to rogner som skal plantast neste vår. Eg skal ikkje klaga sjølv om det kjem til å bli litt ekstra hagearbeid på oss neste sommar. Eg likar hagearbeid. Eg nyttar dei stundene til å fylle på energi, tømme hovudet og gløyme omverda for nokre timer. 

For meg bidreg hagearbeidet til auka livsglede og eg håpar eg vil kjenne det slik i mange år framover.

Kultur:
Me flytta til Ål i slutten av pandemien. Slik me har det no, er det nesten uverkeleg å tenkje attende på korleis det var då verda stengde ned og konsertar berre var noko me kunne drøyme om. Det seiest at musikk- og kulturopplevingar skapar trivsel og betrar livskvaliteten. Det trur eg på.

No ventar me på kulturprogrammet for hausten 2024, men me veit at me har mange fine opplevingar å glede oss til.

Dette vesle diktet skreiv eg etter ein vakker konsert med Gjermund Larsen Trio i januar:

I juni 2021 skreiv eg dette:
«I dag skal me på sommaropera før me dreg attende til huset vårt for å få alt i orden.» 
Laurdag 22. juni i år var me også på sommaropera. Dette er fjerde året me får oppleve vakker song oppe ved låven i Votndalen. Eg rår alle til å finne fram til Operalåven i Hallingdal på Facebook og sjå kva det dreier seg om.

Operasongar, låvebyggar og lokal eldsjel, Marit Sehl, er i ferd med å få oppfylt draumen sin om ein operalåve i Ål. 24. august er det offisiell opning. Her er sonagarne samla under framføringa i år. Marit nr 2 frå venstre. (Det pøsregna, men det brydde ingen seg om.)

Vener og kjende:
Forsking viser at sosiale relasjonar er den heilt klart viktigaste faktoren når det kjem til å ha eit lukkeleg, langt og friskt liv. Sjølvsagt kan me sakne å ha familie rundt oss, men eg veit ikkje om eg nokon gong tidlegare har hatt så mange utanom familien som eg er så glad for å kunne møte og som i tillegg bryr seg om korleis eg har det. Eg trur at det å ha vener som bryr seg, blir viktigare når ein blir pensjonist enn det det var når ein hadde mykje sosial omgang på ein triveleg arbeidsplass. Men slikt kjem ikkje av seg sjølv og kan vera ei utfordring når ein flyttar til ein ny stad i godt vaksen alder. No kjennest det både godt og trygt å bli gammal på Ål. 

To litt gamle som kjenner seg både trygge og glade.

Eg kunne også ha skrivi om godt helsestell (eg har prøvd det ut), suset frå elva (eg elskar å gå elvelangs), kvaliteten på lokalavisa (som har fått utmerkingar i hopetal), vakre fjellturar (det er turar å gå uansett kva retning du vel), den kjende og kjære lyden av toget (slikt likar ein ekte jernbaneunge) og kanskje litt om ganske kloke politikarar, – men no er det nok for denne gongen. 

Eg kan med handa på hjartet seie at me trivst godt og at me aldri har angra på avgjerda om å flytte til Ål.

Det er sommar ved den bekken som gir oss både gleder og utfordringar.

Som avslutning på junibloggen vil eg ynskje for oss alle at me får ein sommar med fred og ro, sval vind, fuglesong, både sol og regn, barbeint-dans i doggvått gras, fine samtaler og kanskje til og med ein dagleg, liten gapskratt.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Ukjent sin avatar

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “DEI SISTE TRE ÅRA”

  1. Så godt å lese. Om velkomst, om opplevelser, kultur, hus og hage. Og tenk at oppi alt dette har du også «født» ei diktbok! Det oser håp av innlegget. Riktig god sommer!☀️🦋Hilsen fra ei på ferie i Kazakhstan (joda, skyr ikke unna opplevelser, jeg heller, men ikke så livsinngripende som flytting, da).

    Likt av 1 person

    1. Så hyggelig å få hilsen her inne. 🤗De fleste velger jo å skrive på Facebook.
      Dersom livet ikke bare skal bli en vane, må man ta noen sjanser. Av og til ender det opp med at man dunker hodet i murveggen men stort sett så blir det læring og litt framgang utav det. ☺️
      Kazakhstan WOW!! Det var i alle fall et modig ferievalg. Håper du får det slik du ønsker deg.

      Liker

Legg igjen en kommentar