SMÅTING SOM KJENNEST SOM STORE

Kjære folk

Me kan ikkje, og eg vil ikkje, berre nytte dagen til å tenkje på den dystre verdssituasjonen. Eg vil skrive om glede!!

Eg trur kanskje at glede er det eg har skrive om flest gonger. I går sjekka eg på WordPress; eg har lagt ut 426 blogginnlegg til no. Eg veit at mange av dei handlar om glede. Eg hugsar innlegg om å glede seg over, å glede seg til, små gleder og gleda over å vera litt gammal. Men dei gledene eg skriv om i dag, har eg ikkje vore innom tidlegare. I dag handlar det om slikt som kanskje er lite, men som betyr så mykje
(Bileta i dette blogginnlegget er frå ein nyleg tur, full av glede, til Kristiansand)

Etter liberaliseringa av jernbanesektoren vart det etablert ei rekke togselskap i Noreg (Vy frå Ål til Drammen, Go Ahead frå Drammen til Kristiansand) Her er eg i Drammen for å byte både tog og togselskap. Men uansett: Eg elskar å ta toget.

Fortsett å lese «SMÅTING SOM KJENNEST SOM STORE»

SLIKT SOM ENDRAR EIT MENNESKE FOR ALLTID

For nokre dagar sidan dukka det opp ei liste på Instagram, – eller var det på Facebook. Uansett så har ein eller annan algoritme (eller ein slags avansert formel) funne ut at eg interesserer meg for slike lister. Eg skal ikkje nekte for at berekninga er rett. Denne gongen handla det om slikt som endrar eit menneske for alltid. Eg las og fann raskt ut at det sannsynlegvis er heilt sant og at det er akkurat slike hendingar i livet som det festar seg massevis av kjensler til. Eg ser også at det er nettopp desse punkta som har sett så djupe spor at det har blitt dikt av det.

Det fyrste punktet var
Å flytte heimanfrå
Eg var 19 år, hadde fått meg lærarpost ved Blomvåg skule to og ein halv time med båt frå Bergen. Eg budde utan bad, berre ei av platene på komfyren virka, det var minst 15 meter til utedo, haust- og vinterstormane blæs folk over ende, eg byrja å røyke rullings, sparte bra med pengar og fann ut at det var kjekt å vera lærar.

Lærar utan utdanning saman med den fine gjengen i 1. klasse ved Blomvåg skule.
Fortsett å lese «SLIKT SOM ENDRAR EIT MENNESKE FOR ALLTID»

FULL KONTROLL?

Kjære folk

Eg innrømmer det gjerne; eg likar å ha kontroll. Men no om dagen, når ein president, i det me til no har kalla verdas største demokrati, går til direkte angrep på menneskerettane og fullstendig har slutta å bry seg om internasjonalt regelverk, kjenner ein seg makteslaus og utan kontroll. Difor, når eg no set meg for å skrive, må eg konsentrere meg om å ha kontroll på det vesle, nære livet. Og når eg tenkjer etter, så er det meir enn nok å ta fatt i der også.

Bileta på bloggen min i dag er frå ein av desse vakre, blå januardagane når sola stadig kryp nærare og nærare dalbotnen. 

Heime
Fortsett å lese «FULL KONTROLL?»

NYTTÅRSTANKAR

Kjære folk

Me har gått inn i eit nytt år med rapportar om krig, svolt, klimakrise og naud. Dei aller fleste nyttårstankane dette året handlar difor om slikt som kvar og ein av oss føler at me ikkje kan bidra så mykje for å endre, – men me klamrer oss til håpet.

Trass i det urolege og vanskelege verdsbiletet me blir presentert for, vel eg her og no å vende meg og nyttårstankane mine innover. 
Eg trur at mykje av det eg skriv om her i dag, er slikt det ikkje er hjelp i å fortelje folk. Dersom dei ikkje veit det frå før, må dei erfare det sjølv for fullt ut å kunne forstå at det er sant. Det eg skriv om i dag handlar vel eigentleg om kor fint det er å lande i eigen alder og å vera glad for det levde livet. Eg reknar med at godt vaksne som les dette, kan kjenne seg att. Kanskje dei som førebels ikkje definerer seg som litt gamle, kan få litt nyttårshåp.

Frå botnen av ein boks med tomater
Fortsett å lese «NYTTÅRSTANKAR»

EI GOD JUL 

Kjære folk

Slik eg også har skrive i tidlegare førjulsblogginnlegg, så er det slik at han eg bur saman med berre  ha seg ein adventstur til Tyskland. I år gjekk turen til Bremen. Denne vesle storbyen har fleire julemarknader. Det største er på plassen framfor det gamle, vakre rådhuset, medan eit anna utan så mykje jule-krimskrams, ligg idyllisk til ved elva Weser.

I år var me saman med gode vener. Den fyrste dagen vår i Bremen var det regnvêr, men triveleg likevel.
Fortsett å lese «EI GOD JUL «

NOVEMBERDAGAR

Kjære folk

Dagar kjem og dagar går, men det er ikkje dagane me hugsar. Me hugsar berre nokre augneblinkar, – og spesielt godt hugsar me dei augneblinkane det er knytt kjensler til. 

Eg sov ikkje så godt natta før 7. november. Det var så mykje som surra og gjekk inne i hovudet mitt.
For det fyrste hadde dei byrja å grave opp både oppkøyringa vår og i Sundrevegen. Me var på ein slags måte innestengt på Helgerud. Det var litt pes. Me må innrømme det, men me var også samde om at heimen vår slett ikkje var den verste staden å måtte opphalde seg.

Slik såg det ut i oppkøyringa vår (men det vart verre). Den augneblinken eg hugsar best, var då den digre gravemaskina rulla opp mellom portstolpene. Flinke folk, forresten.
Fortsett å lese «NOVEMBERDAGAR»

KVARDAGAR MED SPOR AV SONG

Kjære folk

Som eg skreiv i det førre blogginnlegget mitt, så hadde eg bestemt meg for at dette skulle eg aldri gjera meir. Aldri!
Her sit eg altså likevel med ein pappask full av «Kvardagar med spor av song». Kvardagsopplevingane mine har funne plassen sin mellom stive permar pynta med Ole Johannes Brye sitt vakre bilete frå Strandafjorden.

Det er jo litt stas då

Eg har grudd meg.
Eg har gledd meg.
Eg veit ikkje om eg er modig, heldig eller halvgalen. Sannsynlegvis er eg litt av alt dette.

Fortsett å lese «KVARDAGAR MED SPOR AV SONG»

ÅRETS FARMORVEKE

Kjære folk

 Eg tippar at mange, både besteforeldre og barnebarn, kan kjenne seg att i det eg skriv om korleis det kan vera å opphalde seg saman ei veke om sommaren. Heilt sidan ho var veldig lita, har ho hatt ei farmorveke om sommaren. Å ha farmorveke betyr ikkje noko anna enn å vera saman med farmor heile tida. I mange år var dei to-saman, men i år er storebror på jobb. Då ho kom til Ål sundag kveld, hadde ho med seg ei liste over kva ho hadde lyst til å gjera saman med farmor denne veka. (Ja, ho er eit listemenneske akkurat som farmora).

Her er lista:

 

BAKE/LAGE NOE, TEGNE, SPILLE KINASJAKK, FOTOGRAF TIL BLOGGEN»


Dette var ei liste som ikkje skulle vera så altfor vanskeleg å klare å oppfylle, og det var altså på grunn av denne lista at det vart blogg om farmorveka. Fotografen her er altså Anine, 17 år, blid, klok og kreativ.Her er ho:

Dette er det einaste biletet den som les dette får sjå av henne. Ho er nemleg ikkje så veldig glad i å få bilete av seg ut på nettet. 
Fortsett å lese «ÅRETS FARMORVEKE»

BEKK, BJØRK og BOK

Kjære folk

Eg har høyrt folk seie at eg er lett å glede, men vanskelegare å få til å le. Eg trur dei har rett. Det skal berre ein liten filleting til, som at eg for eksempel får til eit bokstavrim med meining, så kjenner eg på ei lita glede. Denne gongen kom bokstavrimet heilt av seg sjølv; BEKK, BJØRK og BOK, tre ting som tek stor plass i tankane mine for tida.
– Bekken som vart altfor stor og heldt på å finne vegen inn i huset vårt
– Den gamle bjørka som me har kjempa for å behalde
– Boka som eg håpar vil finne fram til mange lesarar om nokre månader.

Av og til er det fint å ta seg ein tur vekk frå det kvardagslege og tenke på ingenting. Her er det matpakketid i Eidfjord. Slikt som dette er det mykje glede i.

Fortsett å lese «BEKK, BJØRK og BOK»