Dette blogginnlegget handlar om noko som eg prøver å fokusere på for tida. Sjølvsagt tenkjer eg mykje på boklansering og alt rundt det, men livet handlar, på godt og vondt og heldigvis, om meir enn det ein sjølv finn på å engasjere seg i. (Bileta i denne bloggen er frå noko av det som har vore min oktober så langt.)
10. oktober var det Verdsdagen for psykisk helse. I samband med det vart det arrangert fakkelvandring Elvelangs. Eg skulle stå i gapahuken og fortelje for borna. Det kom to-tre ungar, ein baby og rundt 40 vaksne som fann fram barnet i seg og høyrde smilande etter medan eg fortalde om den vakre, grøne dragen som kjende seg så einsam og aleine.Fortsett å lese «EG ØVER»
Eg tenkte at dette blogginnlegget skulle handle om slikt som eg er heilt sikker på og slikt som eg veit er sant. Men etter som eg tenkte på dette, og gjekk gjennom den type sanning som kunne vera interessant å skrive og lesa om, så vart eg meir og meir usikker på om eg var viss på noko som helst om kva som er sant og usant.
Det var jo ikkje slike vanlege, kjedelege fakta eg ville skrive om, – slikt som kan provast og derfor ikkje kan bli logisk motsagt. Slikt kan alle finne ut av sjølv. Me har jo mange mogelegheiter på internett til slikt. Så då vart det til at eg byrja å tenke over kva sanning eigentleg er.
Den siste veka har me fått ei sanning som ser ut slik som på bilete nedanfor. Det har eg funne på nrk.no etter at sanninga om mandatfordelinga var sikker: 88 -81.
Kva har vore det viktigaste for folk når me har stemt i år? Klima og natur? Rettferdig fordeling? Skatt? Har me stemt slik me alltid har gjort, eller ut frå sterk påverknad frå sosiale media? Eller er det slik at me vil ha det slik me har det, og er redde for endring i utrygge tider? Har me stemt taktisk eller har me me stemt på det partiet som står for det same som oss? Dette får me nok aldri eit skikkeleg svar på, – men det er jo ganske underhaldande å prate om sjølv om det ikkje finst berre ei sanning.
Kva dette resultatet skuldast, er det altså mange meiningar om, og kvar av oss veit kva me meiner og kva me trur om resultatet. Me kan i alle fall einast om å konkludere med at ei meining ikkje er det same som ei sanning. (Resten av innlegget blir krydra med bilete av slikt som eg er heilt sikker på at er sant.)
Korleis står det til, spurde han. Fint, svara eg. Sjølvsagt svara eg det. Eg har absolutt alt eg treng, har ikkje vondt nokon stad, alle i flokken min er gode vener og den tidlege våren er solrik og vakker. Likevel … dersom eg tenkjer etter og tek verdssituasjonen med i vurderinga mi, så er det alt anna enn fint. (Dette blogginnlegget treng pynt. Den oppgåva overlét eg til våren)
Den tidlege våren skapar forventing om gode dagar. Årets fyrste hestehov fann eg i dag i ein støvete vegkant nedanfor huset vårt.
Me har skåla for det nye (det går heilt fint å skåle i alkoholfritt), takka for det gamle (sjølv om slett ikkje alt var noko å takke for), delt gode ynske (lett oppgåve), dansa i høge hælar (det er ljug) og stått tett saman ute i kulda for å sjå ljoset frå fyrverkeriet (sjølv om eg eigentleg er imot dette tullet). No har dansemusikken stilna og glitter og tyll har funne att plassen sin lengst bak i skåpet. Nyårsfesten er over.
Eg har krølla meg saman i eigen sofakrok. Det er tid for å nyte dei siste restane av juleraud familieglede. Om eitt par dagar er nok alle julesakene rydda attende i pappeskene sine og jula er ute og borte for i år. No i dag er det også tid for litt ettertanke i ro og fred og for å leite fram litt framtidshåp.
Dette fine armbandet med teksten HÅP og gullsløyfer fekk eg i julegåve. Me er mange som ved å bera dette enkle smykket, viser at me står saman i kampen mot barnekreft.
Det er ikke veldig lang tid att no før julenissen kjem og spør «Er det nokre snille born her?», – og så får dei snille borna gåver. Kva får dei slemme til jul tru? Og kva er eigentleg det å vera snill? Temaet mitt for denne førjulslaurdagen er nettopp «snill» medan biletpynten på dette blogginnlegget er sanka saman frå den tida som har gått sidan den førre bloggen.
Thomas tok dette biletet av meg for eitt par veker sidan i ein korridor i Oslo.
No når eg set meg for å skrive dette blogginnlegget, veit eg at det kjem til å bli prega av mange år med levd liv. Det hadde vore fint om eg kunne ha skrive det då eg var ti år, då eg var 18 eller då eg var 42, men det kunne eg altså ikkje. Eg måtte bli nesten 72 før eg kunne summere opp kvifor livet mitt på mange måtar er mykje enklare no enn det det var då eg var ti år, då eg var 18 og då eg var 42.
(Eg pyntar opp med nokre bilete av seinhausten på Ål som framleis er snøfri og ganske mild.)
Eg har tenkt på at når eg seier ja til noko, så seier eg samstundes nei til noko anna. (Eg har også lurt på om eg skal skrive dette blogginnlegget, for det er ganske personleg, men har funne ut at det kanskje kan vera godt for andre å lesa dersom dei også har det slik.) Nesten alle bileta i dag er frå i går. Då handla det mest om haust og hage, men til slutt om ei vakker oppleving som eg sa «ja, gjerne, – tusen takk» til.
Stundom seier eg altså ja når eg eigentleg ynskjer å seie nei. Dette hender som oftast i situasjonar der det kjennest enklast å fokusere på det andre treng og det andre har lyst til. Stort sett gjer det godt å bli spurt om å bidra med noko, møte opp ein stad eller koma i selskap, men det hender at det fører til at eg ikkje får tatt vare på mine eigne behov på tilfredsstillande vis. Då kan sjølvsagt resultatet bli at eg kjenner meg meir sliten enn glad når dagen er over.
Førebels har eg sagt ja til meg sjølv når eg har spurt om eg ynskjer å halde fram med denne bloggen. Det er ein del arbeid, men å skrive gjer meg glad. Her sit eg og les over det fyrste utkastet til det du les akkurat no.
Me har vel alle opplevd å sitja i godt lag og med glede fortelje om hendingar og opplevingar me har hatt. Når me er godt i gang med å kalle fram eit minne, så dukkar det gjerne opp fleire små detaljar rundt hendinga. Eg er ikkje så god til å hugse tal og blir derfor ofte korrigert frå andre som var til stades då hendinga fann stad. «Nei, det var ikkje så dyrt.» eller «Tull, den var mykje større.»
Hjernen vår er eit slags arkiv der me har lagra informasjon av alle slag; lydar, opplevingar, lukter, faktakunnskap, erfaringar og handlingar. Noko blir lagra berre i nokre sekund, medan andre ting blir lagra i årevis.
Sjølv om me har minner lagra i hjernen, er det ikkje alltid like lett å hente dei fram att og mange gonger får me hjelp av hjernen til å gjette oss fram til korleis ting var. Sjølvsagt er det også slik at for å gjera forteljinga underhaldande, er det god hjelp i både å legge til og trekke frå, – altså me lyg litt.
Eg er usikker på om eg hugsar at eg hesja eller om eg berre har høyrt fortalt kor fint det var hos bestemor og bestefar på Mjølfjell om sommaren.
Når nokon spør deg om kor gammal du er, så bør svaret ditt vera «det spørs kva du spør om». Den kronologiske alderen er grei å halde orden på sidan svaret på det spørsmålet rett og slett fortel kor mange år me har levd. Men er det eit interessant svar? Neppe. Marie Dressler sa det slik: «Det viktigaste er ikkje kor gammal du er, men korleis du er gammal.» Då byrjar dette med alder å bli spanande. Og når det i tillegg finst noko som heiter både biologisk og mental alder, kan det bli både lange og innfløkte svar på dette med kor gamle me eigentleg er.
På Hadeland Glassverk er det denne sommaren ei fantastisk utstilling av legokunst. Ved kvart kunstverk har kunstnaren Nathan Sawaya lagt att eit utsagn me kan tenkje vidare på. Ved dette kunstverket står det «Kjærlighet lever evig. Den overlever ungdommen, en flat mage og et hode fullt av hår. Og dét er det som gjør den vakker.»
Jorda har gått tre rundar i banen sin rundt sola på den tida me har budd på Ål.
For tre år sidan skreiv eg slik her på bloggen: «Å flytte er å byrje på nytt. Denne «restarten» vår tyder rett og slett at me har gitt oss sjølv ein ny sjanse, og trass i at det ikkje fyrst og fremst er ungdommeleg eventyrlyst som styrer stega våre, kjenner me at det er både nyttig og morosamt med ein slik omstart i livet.»
Etter tre år er det vel på tide å spørja; har det vore både nyttig og morosamt? Eg tenkte no at eg skulle ta for meg noko av det eg trur er viktig for å kunne trivast og ha det bra der ein bur.
Dette biletet tok eg på tur Øvre-Ål rundt 19. juni